smørstabbtinden, sv-1 15. mai 2004

Tormod hadde teke turen nedom Sogn for å få seg nokre toppturar denne helga. Laurdagen vart nytta til ein tur på Sognefjellet. Det var akkurat nok snø til at me slapp å ta av skia, men sikten var totalt fråverande over 1700. Då me i tillegg var usikre på tilhøva på Smørstabbreen, valte me ein tur mot dei søre Smørstabbtindane. Nokre cm med nysnø medførte at det klabba noko sinnsjukt under fellene, men det gjekk no oppover. Det vart etterkvart klart at det fekk vere nok med ein topp denne dagen, så me snudde etter å ha vore oppom toppen med det flotte namnet Smørstabbtinden, SV-1.

Kart: 1518 II - Galdhøpiggen og 1518 III - Sygnefjell. Turkartet Jotunheimen Vest (1:50.000) kan også nyttast.



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Falketind (2067 moh) og Stølsnostinden (2074 moh)
Fanaråken (2068 moh) og Steindalsnosi (2025 moh)
Tormod på veg oppover ryggen mot toppen