store smørstabbtinden 29. juli 2003

Dagen byrja med ein lang motbakke opp til Store Smørstabbtinden. Opp til Leirbreen var det stort sett veldig god sti, dertter var det berre å følgje vardinga i nordlege kant av breen opp til Leirvatnet og vidare til topps. Bratta vart forsert på kanten ut mot Storbrean, noko som var tildels luftig. Taka var rett nok for det meste tørre og gode så det var ingen vanskar. Utsynet frå toppen var magnifikt, spesielt iaugefallande var Galdhøpiggmassivet. Etter tjuefem minutt i himmelen var det dags for å fortsetje mot Storbreatinden. No følgde eg normalvegen nedatt, noko som var langt mindre luftig enn varianten eg gjekk opp. Nede ved bandet vart det nokre meter på snø då eg runda ein bergnabb med raudt fjell, deretter var det keisam ur til toppen av Storbreatinden. Her kunne eg nyte utsynet mot toppen eg hadde vore på noko tidlegare.

Ferda gjekk straks vidare mot Veslbreatinden, og her var det likeeins mykje ur. Til topps kom eg no etterkvart, noko som ga meg moglegheita til å studere egga frå Bakarste Skagsnebb mot Skagsnebb. Den såg absolutt overvinneleg ut, men tida strakk diverre ikkje til for ei nærare vitjing denne dagen. Hurrbreatinden var det neste målet, dette var berre ein liten knaus på veg mot Veslfjelltinden. Då eg byrja på stigninga mot sistnemnde laut eg byrje på nedbetalinga for at eg hadde fått i meg for lite væske. Det vart ein tung tur opp ura og ein nesten like tung tur bort til det høgste punktet på platået. Heldigvis var veret framleis glimrande, så no kunne eg nyte utsynet mot Galdhøpiggen med vissa om at no var det berre nedoverbakke til Krossbu. Eg hadde vona å få med meg Loftet òg denne dagen, men det fekk vere til ein onnor gong. Føtne var tunge nedover, noko som ikkje vart betre då eg sklei og gjekk på ryggen i ein bekk. Det var faktisk fyrste gong eg har skikkeleg velta meg med sekk på ryggen i ein bekk. Dermed var det med blaute fjellsko eg såvidt rakk bussen på Krossbu og kunne nyte dagens strabasar frå setet.

Kart: 1518 III - Sygnefjell



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Store Smørstabbtinden (2208 moh) med Leirbreen i framgrunnen
Leirbreen med Kalven (2034 moh) og Skeie (2118 moh) i bakgrunnen. Legg elles merke til breporten på Leirbreen, samanlikn storleiken med gruppa til høgre for porten!
Hurrungane med Store Skagastølstinden (2403 moh) i midten
Storebjørn (2222 moh) med Mjølkedalstinden (2138 moh) og Store Rauddalstinden (2157 moh) i bakgrunnen
Egga frå Store Smørstabbtinden mot Kniven (2133 moh) og vidare til Sokse (2189 moh)
Skardstinden (2373 moh), Veslpiggen (2369 moh) og Galdhøpiggen (2469 moh)
Besshøe (2258 moh) og Besshøbrean i det fjerne
Austover mot dei karakteristiske Hellstugutindane. Heilt bak til venstre i biletet er Store Memurutinden (2366 moh) medan Surtningssue (2368 moh) viser seg bakerst midt i biletet
Utsyn mot fjella sør for Gjende, blant anna Tjønnholstinden (2334 moh), Austre Leirungstinden (2288 moh) og Store Knutsholstinden (2341 moh)
Skeie (2118 moh). I bakgrunnen ser ein Gravdalstinden (2113 moh) og enno lenger bak Falketind (2068 moh) og Stølsnostinden (2074 moh)
Sørover mot Mjølkedalspiggan (2040 moh), Langeskavltinden (2014 moh), Sagi (2040 moh) og Uranostinden (2157 moh)
Storbreahøe (2001 moh), ryggen bakanfor er Skagsnebb (2003 moh). I høgre biletkant Galdhøpiggmassivet
Nordover mot Loftet, i bakrunnen Hestbrepiggane
Bakarste Skagsnebb (2093 moh) og Skagsnebb
Veslbreatinden (2092 moh) og Veslbrean
Kniven og Store Smørstabbtinden
Fanaråken (2068 moh) og Steindalsnosi (2025 moh)
Bukkehøe (2314 moh). I bakgrunnen til venstre Store (2309 moh) og Midtre (2302 moh) Tverråtinden
Utsyn mot tinderiket ved Visdalen og Leirdalen
Smørstabbtindane
Hestbrepiggane
Vestraste (2078 moh) og Vestre (2139 moh) Hestbrepiggan
Midtre Hestbrepiggane, i bakgrunnen reiser Store Hestbrepiggan (2172 moh) seg
Vestre (2039 moh), Midtre (2047 moh) og Austre (2043 moh) Holåtinden
Nordvestover mot Jostedalsbreen og Lodalskåpa (2083 moh)
Eit siste utsyn mot Hurrungane, Fanaråken og Steindalsnosi før ferdi går nedatt til Krossbu