memurubu - gjendesheim (besseggen) 13. august 2005

DNT skulle markere Friluftslivets År og eg og Per skulle vere turleiarar for ein tur på Surtningssui. Av ymse årsaker rann dette ut i sanden og eg tok turen over Besseggen istadenfor. Her var det meir folksamt enn vanleg, noko som skuldast kombinasjonen laurdag, greitt ver og DNT-markeringa. Etter turen vart det kulturelt nede ved Gjendeosen med lokal underhaldning og Toralv Maurstad som/om Peer Gynt.

Kart: 1617 IV - Gjende og 1618 III Glittertinden



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ved Hesttjønne (1473 moh) med Raudhamran (1893 moh) i bakgrunnen
Søre Surtningssui (2130 moh) kan såvidt skimtast i skodda på venstre sida av dalen som ligg nedanfor sørtoppen (2302 moh) på Surtningssui
Utsyn austover med Gjende (984 moh) nede til høgre
Tjønnholstinden og Nørdre Tjønnholet
Store (2341 moh), Midtre (2170 moh) og Nørdre (2185 moh) Knutsholstinden og Knutseggi med dei karakteristiske nålene
Nålene, med søre (2055 moh) som er den høgste nesten midt i biletet
Nært på Tjønnholstinden og Nørdre Tjønnholet
Nedre Russglopet og Russvatnet (1175 moh)
Mot Besseggen og Veslfjellet (1722 moh), Gjendesheim kan skimast i austenden av Gjende
Den imponerande Knutshøe (1517 moh) med Øvre Leirungen (1033 moh) på høgre side
Mot Besseggen
Besseggen. Det er noko vertikalt på høgre side av Bandet og eggen...
Ved Bandet mot Besseggen
Vestover Gjende med Gjendebu i fremste enden av vatnet
Klyving i "verste" kneika på Besseggen
Mykje folk som har teke utfordringa denne dagen
Frå toppen av Besseggen mot bregrøne Gjende og blå Bessvatnet (1373 moh)
På Veslfjellet
Mot Rondane. Rondslottet (2178 moh) og Storronden (2138 moh) er dei to høge toppane
Utsyn mot Heimdalshøe (1843 moh) på austsida av rv 51