kyrkja 6. september 2003

Dagstur til ein topp eg hadde vore på før, noko Stig Omar ikkje hadde. Avreise frå Luster litt før 10, på Leirvassbu 11.20. Veret var ok, iallfall ikkje nedbør, men sikten såg ut til å vere redusert over 2000. Starten er ok bortover vegen, før det går oppover til Høgvaglen. Her vart det tid til litt knipsing og vassdrikking, før det vart stein. Mykje stein. Du må gå på seriøse mengder med stein for å kome til topps på Kyrkja (2032 moh). Ruta opp er vanskeleg å ta feil av, ryggen er det naturlege siktemålet, i tillegg vil det i sesongen gå masse folk her. Somme punkt kan vere litt luftige for nokre, men det er veldig gode tak. På toppen stakk me nesten hovudet opp i skodda, altså var det dårleg med utsyn mot Galdhøpiggen. Etter ein kjapp tur bortom spira vart kursen sett heimover. Frå bandet gjekk kursen no rett ned til vatnet og bort til Leirvassbu. Total gangtid inkl. pausar vart 3.20. Fint å bu i Sogn, frå avreise til heimkomst tok det seks og ein halv time:-).

Kart: 1518 II - Galdhøpiggen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Kyrkja (2032 moh)
Kyrkja sett frå Høgvaglen
Øvre Høgvagltjønnen (1445 moh) og Langvatnet (1368 moh). Toppane til høgre er Skarddalstinden (2100 moh) og Skarddalseggje (2159 moh)
Store Bukkeholstinden (2213 moh)
Ryggen til topps
Eit av partia med litt småklyving
Leirvatnet (1401 moh) og Leirvassbu
Kyrkjespira
På veg ned att
Tverrbytthornet (2102 moh)
Leirvatnet og Leirvassbu. I bakgrunnen Skagsnebb (2003 moh) og Loftet (2170 moh)