jotunheimen aust 9.-17. juli 2003

På langtur i den søraustlege delen av Jotunheimen.

Onsdag 9. juli: Vargebakkan - Leirungsdalen
Tidleg opp, over fjellet til Lom for å møte T., innkjøp av mat og oppdatering av utstyr, ein time i bil og me var på parkeringsplassen ved Vargebakkan, nokre kilometer sør for Gjendesheim. Her vart det pakking i stor stil før me la i veg innover Leirungsdalen. Sekkane var sjølvsagt uvanleg tunge, å pakke i ein sekk som tek hundre liter pluss er eit heller dårleg sjakktrekk (og sjakk kan eg ein del om). Stien innover Leirungsdalen er umerka, men det er ein godt brukt sti så det var lett å finne fram. Likevel rota me då Steinflybekken skulle kryssast, noko som rett nok ga oss godt utsyn sidan me kom opp i skråninga, men det var litt slitsamt med tung sekk. Etterkvart kom me no fram til dagens mål, om lag der Leirungsåe møter elva frå breen mellom Rasletinden og Munken. Det var for seint til å gå nokon topptur, dermed vart det til å setje opp teltet og lage ein betre middag. Morgondagen vart òg planlagt før myggen vart for nærgåande og soveposen redninga.

Torsdag 10. juli: Kvassryggen - Høgdebrotet - Tjørnholstinden - Tjørnholsoksle
Veret var bra og det var ein fin dag for toppturar. Dagstursekken vart pakka og me la i veg oppover mot Høgdebrotet. Det var ei grei stigning, rett nok nærare 900 høgdemeter, men lett terreng å ta seg fram i. Steinflybrean vart passert på søraustsida før me gjekk oppover ryggen mot toppen. Me hamna her litt for langt mot aust, slik at me kom på kanten ut mot breflekken søraust for Høgdebrotet. Dette ga oss fint utsyn til egga mot Kvassryggen. Denne egga måtte prøvast, noko som gjekk veldig greitt, og etter ein liten motbakke var me på Kvassryggen. Sekkene låg på Høgdebrotet så det vart med dei obligatoriske bileta før me gjekk attende og fann oss ein høveleg matpausestad på ein liten knaus eit par hundre meter nordvest for toppen på Høgdebrotet.

I pausen vart det god tid til å studere Tjørnholstinden og snøbakken opp til denne, som ikkje såg ut til å skulle by oss vanskar. Jaja, det var iallfall ikkje det eg tenkte litt seinare då eg stod eit stykkje opp i bakken og oppdaga at eg stod på is og ikkje snø... Heldigvis hadde eg isøksa i handa, elles kunne det vorte meir spanande enn godt er. Øksa skulle eigentleg nyttast i det eg trudde var snø, men sidan eg ikkje løfta blikket, oppdaga eg ikkje kva som var i ferd med å skje. Resten av bakken vart forsert på venstresida, der det var meir enn nok snø. Opp til toppen var det ei grei snøegg. Her skjøna me at me var på ein fortopp, hovudtoppen låg noko bortanfor.

Fortoppsteinen vart klyvd og me freista kortaste veg mot hovudtoppen, nemleg egga. Dette gjekk nokre meter, men me vart ikkje heilt kloke på om dette var så fornuftig. Ein toppvandrar som kom litt etter oss meinte at det korrekte var å gå opp på hovudtoppen frå vestsida, dermed var det å gå litt attende, klyve ned i sida og sikte oss inn på ei grusrenne sør for toppen. Her møtte me på nokre vardar og resten gjekk veldig fort og enkelt. Utsynet var glimrande, noko som panoramabiletet frå toppen òg syner. Stoggen på toppen ga oss moglegheit til å vurdere å gå oppom Søre Skarvflytinden og Skarvflyløyfttinden via Skarvflybrean, men me fann at at det ville bli veldig seint på dagen i så tilfelle. Dagen vart difor avslutta med Tjørnholsoksle, før det vart litt leik på nokre snøfenner ned mot Leirungsdalen og turen attende til teltet. Det kan elles nemnast at me såg nokre tamrein på Steinflybrean då me gjekk frå Høgdebrotet mot Tjørnholstinden.

Fredag 11. juli: Teltdag
Veret var heller dårleg, me vakna av regn og vind og vermeldinga lova oss meir av det same resten av dagen. Planen var eigentleg å kome oss oppover dalen med heile sulamitten, men dette vart samrøystes utsett eit døgn.

Laurdag 12. juli: Leirungsdalen - Svartdalen, Austre Leirungstinden - Skarvflyløyfttinden, Leirungskampen
Veret var no langt betre og me pakka i saman det me hadde og la i veg oppover. Det var fint å gå på nordsida av elva, Leirungsbrean på sørsida tok mykje av merksemda. Diverre var det litt for tidleg på sommaren til å oppleve det som såg ut til å vere ein skikkeleg breport. På austsida av vatnet øvst i dalen (høgd 1678 moh) var det tid for litt ompakking. Dagstursekkane vart plukka fram og kursen sett mot Austre Leirungstinden. Toppen såg litt kranglevoren ut på langt hald, men viste seg å vere særs så enkel å klyve. Dei siste to-trehundre høgemetrane var i tillegg godt varda. På toppen var det elles ein solid varde, som er godt synleg frå Leirungsdalen og nærliggjande toppar. Varden var isa på nordsida, noko som bar bod om at me kunne møte vanskar bort mot Skarvflyløyfttinden. Dette var då òg korrekt, somme av svaa var delvis dekt av ei tynn ishinne. Heldigvis var det for det meste solide tak nedover og bortover, så det gjekk no eigentleg fint. Frå Skarvflyløyfttinden er det kort veg over til Søre Skarvflytinden, men grunna noko dårleg tid valde me å gå attende. Dette vart ein morosam klyvetur no som me visste vegen. Nedatt frå Austre gjekk det kjapt og me kunne etterkvart ta ein kjapp pause ved vatnet øvst i Leirungsdalen.

Bagasjen vart flytt nokre hundre meter til me var nær vestsida av vatnet, sidan dette gjorde turen på Leirungskampen kortare. Me valde å gå kvar vår veg opp denne steinrøysa, eg følgde ryggen medan T. freista lukka opp nokre snøfenner. På flata på fortoppen møttest me for å ta den siste klyvinga i fellesskap. Det var veldig laust ned til skaret mot andre fortopp og frå skaret mellom andre fortopp og hovudtoppen til hovudtoppen, i tillegg var det somme stader litt eksponert terreng. Me tok det veldig roleg båe vegar, i tillegg gjekk det sakte nedover ura frå fyrste fortopp. Avslutninga vart betre, med nokre lange snøfenner ned til vatnet. Då var det berre å pakke dagstursekken opp i hundreliteren og kome seg ned i Svartdalen. Etter ein times tid var me nøgde med dagen og fann ein teltplass rett under Knutsholstinden, som var målet neste føremiddag. Ved leggjetid kom ein flokk på rundt tohundre tamrein forbi, noko som vart for vanskeleg for mitt forhistoriske digitale fotoapparat å takle. Dette var forøvreg andre gong me såg tamrein denne dagen, på veg oppover Leirungsdalen på føremiddagen såg me ein mindre flokk med bukkar.

Søndag 13. juli: Store Knutsholstinden, Svartdalen - Gjendebu, båt Gjendebu - Gjendesheim
Ei kald natt vart følgd av ein flott dag, frukosten vart fort ekspedert og me la i veg oppover mot Store Knutsholstinden. Me fann vardinga og trakket etter kort tid og det gjekk overraskande greitt og lett meir eller mindre heile vegen til topps. Ei snøfonn var framleis hard etter natta og T. laut hogge eit par trinn med øksa, elles var det berre litt smårusk som stundom litt laust underlag og ishinne på nokre sva. Utsynet var eventyrleg i finveret, panoramabiletet eg tok på toppen er diverre langt frå dekkjande. Knutsholet var mektig frå toppen, det same var eggane både sørover og nordover. Etter mat og drikke og masse knipsing var det så tid for turen nedatt, noko som gjekk fint. Me møtte her ein familie på veg oppover, dei visste heldigvis kor tid båten frå Gjendebu til Gjendesheim gjekk, det var noko me hadde lurt på ei stund. Det var likevel på hengjande håret at me nådde båten, det viste seg at stien frå Svartdalen til Gjendebu var lagt om det siste stykkjet, noko som gjorde at me laut gå (les: springmarsj) ein kilometer ekstra.

Måndag 14. juli: Båt Bygdin - Torfinnsbu, Nordre Kalveholotinden - Kalvehøgde - Rasletinden - Valdresflya
Kapteinen på "Bitihorn" prøvde å skremme oss med at det ikkje var plass til alle som hadde møtt opp på kaien på Bygdin denne morgonen, heldigvis tok han feil. Båtturen vart etter kvart nytta til å studere Torfinnstindane og Nordre Kalveholotind. Sistnemnde var dagens fyrste mål og virka grei å kome opp på frå Torfinnsbu. Litt seinare var det tid for å prøve teorien i praksis. Brua over Torfinnsdøla vart passert, flaskene fylt og me sikta oss inn på sørvestryggen. Tempoet i godveret var relativt høgt, viss ikkje var det eg som hadde ein dårleg dag... Bekken me traff på lengre oppe i skråninga var iallfall veldig velkomen. Oppstigninga skjedde lengre nord enn planlagt, dette var ein konsekvens av at strategien vart lagd om til at me går rett opp så lenge det går, ein strategi som vart særs vellukka. No var då heller ikkje denne skråninga akkurat vanskeleg:-).

Vel oppe kunne me konstatere at den verste stigninga i dag var fullført og ruta vidare via Kalvehøgde til Valdresflya/Bygdin kunne studerast. Ikkje overraskande var det eit skiterreng som viste seg, diverre viste kalendaren juli. Dagens nest verste motbakke var det neste momentet på programmet, opp ryggen til mellom Vestre og Midtre Kalvehøgde og derifrå opp til Vestre Kalvehøgde. Det gjekk rimeleg fint opp denne bakken, på toppen av Vestre Kalvehøgde var utsynet veldig bra mot Leirungsbrean og nordsida av Leirungsdalen. Dette var elles eit utsyn me hadde det meste av dagen. Her oppe fekk me selskap av ein toppsamlar som hadde byrja tidleg frå Valdresflya og berre hadde att Nordre Kalveholotinden denne dagen. Diverre sklei eg på ein stein då eg gjekk av ei snøfonn på veg oppover, dette medførte ein strekk i venstre lår.

Dei neste timane gjekk det slakt opp og ned austover Kalvehøgde til Rasletinden. No byrja strekken å seinke farten min, spesielt i nedoverbakkane var det mindre behageleg å gå. Mellom Rasletinden og topp 2010 møtte me ein større flokk med tamrein, noko som var ei kjekk oppmuntring no som det for alvor byrja å verke i låret. Ned frå topp 2010 følgde me varderuta ned egga nordaust for toppen, tempoet her var noko heilt anna enn då eg var frisk og rask på føremiddagen. Bilen stod på Bygdin, men det var totalt uaktuelt for meg å gå dit. Vandrarheimen på Valdresflya vart målet, medan bileigaren måtte sikte seg inn mot bilen:-). I ettertid viste det seg at han òg gjekk til Vandrarheimen, han for å å haike ned til Bygdin. Dette vart særs mislukka, ingen ville ta med ein stakkars, sliten sunnmøring. Dette gjorde at eg, som låg eit stykkje bak bileigaren i terrenget, fekk ein laaang kvil på Flya før bilen og teltet dukka opp. Det gjorde veldig godt å kome seg i soveposen denne kvelden.

Tysdag 15. juli: Båt Gjendesheim - Memurubu, Surtningssue
Sunnmøringen hadde studiar som venta, dermed stakk han av tidleg om morgonen etter å ha lempa meg av på Gjendesheim. Ei ulempe med det var at han hadde teltet, no stod eg att med soveposen og vindsekken. Føremonen med å verte lempa av klokka 0630 var at eg var sikra plass på fyrste båt til Memurubu. Surtningssue er blant dei høgste toppane i landet med sine 2368 moh. Denne toppen er ein fin dagstur med utgangspunkt på Memurubu. Det eg prøvde å fortrengje var strekken frå dagen før. Hundreliteren vart gøymt vekk i nærleiken av kaien på Memurubu, dagstursekken kom på ryggen og det gjekk fint oppover langs med Hestbekken. Besseggenstien vart kjapt forlaten, ruta mot toppen gjekk i steinete landskap mot og forbi Raudhamran. Ved 1900 moh kom eg inn på stien frå Memurudalen, det vart òg straks meir folksamt. Herifrå var det fyrst om lag hundre bratte høgdemeter i grei ur, deretter flatar det ut siste kilometeren mot toppen. Sjølv valde eg å gå til Sørtoppen før eg gjekk til hovudtoppen. Dette vart rundt halvannan kilometer lengre enn den vanlege ruta som går rett opp. Utsynet frå toppen var sjølvsagt omfemjande, høgda på toppen medfører at du ser veldig store deler av Jotunheimen.

Nedturen vart ein skikkeleg nedtur. Strekken gjorde kjapt sitt inntog, kvart einaste steg nedover i ura gjorde vanvittig vondt. Eg trudde aldri eg skulle kome ned i dalen der terrenget er relativt snilt og flatt. Heldigvis gjekk eg åleine, banninga mi ville nok gjort sterkt inntrykk på dei fleste er eg redd. No kom eg sjølvsagt ned i dalen etter alt for lang tid og humøret vart straks langt betre. Stien var tildels vanvittig bra, knapt ein stein å sjå i trakket som var lett å følgje. Skogsterrenget det siste partiet ned til Memurubu var òg snilt, noko som gjorde at eg såg optimistisk på dei siste dagane av turen. No var det berre å finne overnattingsstad. Eit sva ein halv kilometer aust for Memurubu viste seg å vere ein ypparleg soveplass, lite mygg og badevatn ein meter frå soveposen.

Onsdag 16. juli: Memurubu - Gjendebu (Bukkelægret), båt Gjendebu - Gjendesheim
Å overnatte ein meter frå Gjende var veldig kjekt, eg sov faktisk veldig godt. Så godt at eg ikkje vakna skikkeleg før bølgja frå fyrste båten såvidt traff meg:-). Då var det berre å kome seg opp og rydde unna før neste båt dukka opp. Den er jo noko større enn den fyrste og eg var lite interessert i å få våt sovepose. Frukosten vart eten i ro og mak, endeleg hadde eg ein dag der eg skulle gå kort. Turen over Bukkelægret er stipulert til fem timar og båten frå Gjendebu gjekk ikkje før klokka fire på ettermiddagen. Hundreliteren vart plassert ved kaien på Memurubu før eg la i veg. Starten er slak stigning i ein halv kilometer før det går bratt oppover Sjugurdtinden. Det var så absolutt eit sjakktrekk å fylle flaskene før start, stigninga fekk fram sveitteperlene i ansiktet. Det vart nokre pausar der utsynet austover Gjende kunne nytast. Trehundre meter vertikalt går det før terrenget vert meir småkupert eit par timar. Her vart det mogleg å nyte utsynet mot tindane på sørsida av Gjende, tindar som hadde vorte vitja nokre dagar tidlegare.

Bukkelægret stod så for tur. Dette viste seg å vere ein veldig bratt merka sti der det plutseleg går firehundre høgdemeter ned. Det var fint og tørt då eg kom, noko som gjorde at eg tykte eg burde kome meg ned utan å bruke tau og kjetting som var hjelpemidla DNT hadde innretta på dei vanskelegaste punkta. Då strekken som plaga meg noko vitlaust dagen før viste seg frå ei langt betre side vart det ein fin tur ned skråninga, men eg skjønar dei som går ein annan veg under vanskelege tilhøve. No stod det berre att å spasere bort til Gjendebu og ei flaske Mozell, før båten attende til Memurubu, der eg plukka opp sekken, og vidare til Gjendesheim. Her fann eg ein fin overnattingsstad bortetter vatnet og det vart ein fin kveld.

Torsdag 17. juli: Gjendesheim - Memurubu (Besseggen), båt Memurubu - Gjendesheim
Mobilen var sett på ringing til fem, heldigvis vakna eg eit par minuttar før så eg ikkje vekte teltarane i nærleiken. Det var relativt kjølig denne morgonen, frukosten vart eten i soveposen. Rett før seks var sekken pakka og skoa knytt og eg rusla bortetter vatnet mot parkeringsplassen. Det einaste teiknet til liv her var ikkje overraskande ein japanar med fotoapparat. Opp frå parkeringsplassen gjekk det i godt tempo, eg hadde trass alt berre knappe fem timar på meg til båten gjekk frå Memurubu. Etter eit par hundre høgdemeter passerte eg eit par tyskarar ved ein bekk, dette viste seg å vere siste moglegheit til å fylle flaskene før Bessvatnet. Utsynet var heile tida veldig flott ned mot Gjende i morgondisen. Det beste med Veslfjellet var så absolutt utsynet, sjølve fjellet var jo berre ei flat og diger steinrøys.

Besseggen viste seg ikkje overraskande å by på flott utsyn, fargeskilnaden mellom det blå Bessvatnet og bregrøne Gjende var klår. Det var elles særs hyggjeleg å gå Besseggen utan å oppleve eit folkemylder utan like. Eg møtte faktisk ingen vandrarar før bakkane ned mot Memurubu byrja, rett nok var det teltarar på Bandet og eit par andre stader, men dei var såvidt ute av telta i det eg passerte. Ferda vidare frå Bandet var grei, etterkvart vart det bra utsyn mot Surtningssue som var vitja eit par dagar tidlegare. Då klokka nærma seg halv ti kom dei fyrste vandrarane motsett veg, dei trudde vel at eg hadde snudd... Den siste halvtimen ned vart tung, lårstrekken plaga meg meir enn eg likte. Ti presis var eg ved kaien, nokre minutt seinare sat eg på båten mot Gjendesheim. Det viste seg nemleg at det var så mykje folk som ville gå Besseggen denne dagen at båten gjekk ekstraturar (i tillegg var dei visst forseinka grunna inspeksjon frå Sjøfartsdirektoratet). På Gjendesheim vart det tid for den fyrste dusjen på ti dagar før eg hoppa på bussen etter ein fantastisk tur:-).

Kart: 1617 IV - Gjende og 1618 III - Glittertinden. Turkart Jotunheimen Aust (1:50.000) dekkjer heile området



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Knutshøe (1517 moh) og Besshøe (2258 moh), med Nedre Leirungen (983 moh) i framgrunnen til høgre
Høgdebrotet (2226 moh), Kvassryggen (2071 moh) og Bukkehåmåren (1910 moh)
Munken (2120 moh)
Egga frå Høgdebrotet ned mot Kvassryggen
Snøegga mot den austlege toppen av Tjørnholstinden
Austlege Tjørnholstinden (2318 moh)
Vidt utsyn frå Tjørnholstinden (2334 moh)
Kalvehøgde og Leirungsbreen
Leirungskampen (2079 moh) og Kvitskardtinden (2193 moh)
Austre Leirungstinden (2288 moh) sett frå egga mot Skarvflyløyfttinden
Store (2341 moh) og Nørdre (2185 moh) Knutsholstinden
Søre Skarvflytinden (2210 moh) og Skarvflyløyfttinden (2250 moh), med Tjørnholstinden (2334 moh) i bakgrunnen
Vestre Kalvehøgde (2208 moh) og Leirungskampen (2079 moh), med Torfinnstindane i bakgrunnen
Vestre Leirungstinden (2250 moh)
Store (2341 moh) og Vesle (2205 moh) Knutsholstinden og Vestre Leirungstinden (2250 moh)
På veg ned frå hovudtoppen på Leirungskampen
Store Knutsholstinden (2341 moh) sett frå Svartdalen
Nordover frå Store Knutsholstinden mot Vestre og Austre Memurubrean
Vidt utsyn frå Store Knutsholstinden
Store (2174 moh) og Nørdre (2137 moh) Svartdalspiggen, i bakgrunnen kan ein blant anna sjå Falketind (2068 moh), Stølsnostinden (2074 moh) og Hurrungane
Nordvestover mot Storådalen og Langvatnet (1368 moh)
Sørover mot Bygdin (1058 moh) og Torfinnstindane
Storådalen og Gjendebu. I bakgrunnen kneisar Skarddalseggje (2159 moh)
Torfinnsbu og Bygdin (1058 moh)
Vestre Kalvehøgde (2208 moh) sett frå Nordre Kalveholotinden
Utsyn nordvestover frå Vestre Kalvehøgde mot Leirungskampen (2079 moh) og fjella på vestsida av Svartdalen. Til høgre har Store Knutsholstinden (2341 moh) snike seg med
Øystre (2120 moh), Midtre (2110 moh) og Vestre Torfinnstinden (2085 moh)
Nordre Kalveholotinden (2019 moh) og Bygdin (1058 moh)
Den nordvestlege delen av Leirungsdalen, med Vestre Leirungstinden (2250 moh), Store (2341 moh) og Nørdre (2185 moh) Knutsholstinden, Austre Leirungstinden (2288 moh), Skarvflyløyfttinden (2250 moh) og Søre Skarvflytinden (2210 moh)
Tjørnholsoksle (2145 moh), Tjørnholstinden (2334 moh) og Høgdebrotet (2226 moh)
Memurubu og Gjende (984 moh)
Søre (2133 moh) og Midtre (2251 moh) Surtningssue, med Sørtoppen (2302 moh) i midten
Vestre Memurubrean og Hellstugutindane
Besshøe (2258 moh), med Midtre Surtningssue (2251 moh) i framgrunnen
Tjørnholsmassivet sett frå Sørtoppen på Surtningssue
Ryggen nordover frå Surtningssue
Austre Memurubrean, med Store Memurutind til høgre (2366 moh)
Nordover mot Glittertinden (2465 moh)
Vestover frå Surtningssue
Steinbua på 2230 moh på Surtningssue
Utsyn frå Memurudalen mot massivet frå Tjørnholstinden og vestover til Svartdalen
Nedover Memurudalen mot Gjende (984 moh)
Utsyn frå Sjugurdtinden austover Gjende mot Gjendesheim
Surtningssue (2368 moh)
På veg ned Bukkelægret med utsyn mot Gjendebu og Veslådalen
Morgon ved Gjende
På veg over Veslfjellet mot Besseggen
Besseggen, med Gjende (984 moh) til venstre og Bessvatnet (1373 moh) til høgre
Bessvatnet (1373 moh)
Utsyn mot Gjende frå sørsida av Besshøe
Sjugurdtinden, stien som fører til Bukkelægret er veldig tydeleg