toppturar i jotunheimen 30. juli - 5. august 2005

Laurdag 30. juli: Dagstur på Kjelhøe, Galdhøe og Vesle Galdhøpiggen
Oppmøte i Bøverdalen ut på føremiddagen og etter ei kort drøfting vart me samde om å køyre opp til Juvasshytta og ta turen på Vesle Galdhøpiggen. Bommen ved Raudbergstulen vart betalt med kredittkort og me hadde etter kvart flott utsyn austover mot Glittertindmassivet. Det var som venta mykje folk ved Juvass, men dei fleste skulle over Styggebreen og opp på Galdhøpiggen.

Då me først var i området fann me det mest fornuftig å byrje med å gå via Kjelhøe då denne toppen også er over 2000. Me gjekk difor litt attende langs vegen og kryssa elva frå Juvvatnet i nordenden. Vidare var det opp ei snøfonn og deretter i ur til me var på Kjelhøe. Her var det flott utsyn mot Galdhøe og Vesle Galdhøpiggen bakanfor der igjen.

Etter ein liten pust i bakken bar det vidare bortover steinplatået mot Galdhøe. Sommarskianlegget vart passert og me kunne konstatere at det ikkje var all verdas aktivitet der denne dagen. Me fekk etter kvart bra utsyn mot Styggebreen og alle som gjekk på breen til/frå Galdhøpiggen. Det var mildt sagt mykje folk som skulle på landets hgøgste topp denne dagen. Diverre var det nokre som såg ut til å meine at tau er for pyser, men det gjekk bra denne gongen òg.

Stigninga opp til Galdhøe var ikkje all verda så me var framleis oppegåande då me gjekk gjekk ned ura til Løyfte. Der helste me på nokre som hadde vore på toppen og så var det å gjere turen sjølve vidare.

Lett klyving heile ryggen før det vart noko luftig rett før me kom opp på platået som går heilt til topps på Vesle. Det var to variantar ved det luftige punktet. Eit som var luftig og høvesvis greitt, medan det andre var mindre luftig, men bittelitt ugreitt. Valet fall på variant to og turen vidare til topps var barnemat (som rett nok smakar kjipt) som det heiter.

Utsynet på toppen var sjølvsagt magnifikt med Galdhøpiggen rett i mot og hundre høgdemeter høgare. Artig å sitje i stilla på Vesle og sjå folkemengda der oppe. Det var også meir enn nok tid til å nyte utsynet og vurdere vanskegraden på dei andre fjella i området. Spesielt Skardstinden vart nøye studert, fjellet er trass alt eit av dei høgste i landet og har i tillegg ei flott nål.

Pausen på toppen vart både lang og god før sekkene vart pakka og me vandra ned att og fekk nytte hendene igjen då me skulle ned ryggen til Løyfte. Opp frå Løyfte gjekk det nesten heilt gale for underteikna. Eg gjekk og beundra utsynet mot breen og gløymde om lag alt som heitte plassering av føtne. Tenkte vel at ingenting kan gå gæli i motbakke. Men det gjorde det. Trakka på ein stein som losna og det høgre kneet fekk seg ein gigasmell. Då eg og ura hadde stoppa var eg paradoksalt nok mest oppteken av om kameraet hadde klart seg...

Kneet kjendest heldigvis heilt ut, men det verka rimeleg jevl... då me gjekk vidare opp på Galdhøe. Heldigvis kom det seg og det vart ein grei tur ned til Juvass via sørsida av sommarskisenteret. Det var no dags for første overnatting og denne vart i telt femti meter frå vegen midt mellom Juvass og Raudbergstulen. Her var det både kveldssol og morgonsol og flott utsyn til Glittertinden.

Tidsbruk: 5 t 15 min. Høgdemeter: Opp 735 og ned 735.

Søndag 31. juli: Spiterstulen - Glitterheim, med topptur på Glitter Rundhøe og Ryggjehøe
Ei overraskande god natt i posen og eg var meir enn klar for ein ny dag i fjellet. Litt meir skyer denne dagen, men det såg ut til at regnet skulle holde seg borte. Klokka vart nesten 11 før me vandra avgarde frå Spiterstulen. Grunnen var at eg som vanleg var noko treig på morgonkvisten, i tillegg var det nokre kilometer køyring. Og så måtte Tormod bruke litt tid på å forsikre seg om at bilen ikkje ville bli konfiskert medan me var borte nokre dagar.

Tempoet oppover den slake fjellsida var høgst leveleg, noko som ikkje minst skuldast at høgrekneet framleis var noko redusert. Utsynet bak var no uansett veldig bra, der spesielt Styggehøe framheva seg. Vert nok ein tur dit ein gong òg. Oppe på Skautflyan vart det kjapt klart at skydekket framleis var (for) lågt for ein tur på Glittertinden. Eg var på toppen for nokre år sidan, men for Tormod var toppen framleis ein kvit flekk. Eg hadde likevel veldig lyst på ein tur opp der fordi eg ikkje hadde vore på Glittertindokslene.

Me gjekk difor mot Glitter-Rundhøe i håp om at det skulle klarne opp. Glitter-Rundhøe er ein sørvestleg skulder på Glittertinden. Strengt tatt ikkje anna enn ein bortgøymd grushaug, men den står no på lista over 2000-metertoppar... Så etter 3,5 timar frå Spiterstulen stod me på toppen og beundra utsynet vestover mot Veobrean. For austover og oppover mot Glittertinden var det grått. Så etter å ha konstatert at me hadde vore på det høgste punktet på grushaugen, fann me det mest tenleg å gå vidare mot Ryggjehøe. Glittertinden fekk vere til returen om eit par dagar.

Bort til Ryggjehøe gjekk det greitt, først ei fin snøfonn og to hundre høgdemeter ned til bandet nedanfor Steinbukampen og så trehundre høgdemeter i ur til toppen. Flott topp, luftig på sørsida og flott utsyn mot Veobrean og Veo. Turmål neste dagen vart vurdert og me var samde om at Veotindane var veldig aktuelt. Kunne sjå ut som at brevandring ville vere naudsynt, men den tid, den sorg. Og T. hadde no eit tau (om enn noko kort) i sekken.

Ned mot Glitterheim var det sjuhundre høgdemeter på snø og stein. Først slakt nedover, så ei i overkant bratt snøfonn ned til Steinbudalen der eg sjansa på at det ikkje var is under. Hadde heldigvis rett, viss ikkje kunne det blitt ei stygg sak... Det var ikkje råd å steingå Steinbuelve oppe i dalen, dermed vandra me ned på vestsida av elva til me var på høgde med hytta og følgde stien bort. Det vil seie at Tormod følgde stien, medan eg som ikkje såg stien inne i krattet fekk ei litt meir strabasiøs avslutning på dagen;-).

Tidsbruk: 7 t. Høgdemeter: Opp 1260 og ned 970.

Måndag 1. august: Dagstur på Nautgardstindane
Lett sekk denne dagen sidan me skulle på dagstur til Nautgardstindane. Det var underteikna som trumfa igjennom dette turvalet, Tormod ville heller mot Veotindane. Eg høyrde meir på vermeldinga og tenkte det var greiare å gå på Nautgardstindane så lenge det var lågt skydekke. Lett tur, men likevel ein del motbakke. Me gjekk langs stien mot Tjønnholet ein times tid før me runda oppover mot Nautgardsoksle.

Vel oppe på steinplatået følgte me nordsida bort til toppvarden. Her fekk me eit kort glimt av Nautgardstinden halvannan kilometer borte. Ikkje overraskande såg me mykje stein... Etter tre og ein halv time kunne Tormod strekkje armane til himmels då Nautgardstinden var overvunnen. Han var ikkje fullt så blid då han konstaterte at det var sol på Veotindane;-).

Nista vart fortært og me traska vidare mot dagens siste topp, Austre Nautgardstinden, som ligg ein kilometer nordaust for storebror. Her vart det nokre kjappe bilete før me sette kursen heimover. Nautgardstinden vart runda på snø i sørsida før me tok strakaste vegen over Nautgardsoksle og ned til stien og etter kvart Glitterheim. Me tok oss god tid for utsynet var sehr gut, med både Galdhøpiggen, Glittertinden, Ryggjehøe og tindeverda sør for Gjende.

Tidsbruk: 7 t 20 min. Høgdemeter: Opp 1020 og ned 1020.

Tysdag 2. august: Glitterheim - Spiterstulen, med topptur på Austre og Vestre Glittertindoksle og Glittertinden
Bra vermelding og minst like bra ver. Det var difor med optimisme i fot og kne me tusla oppover den lange bakken frå Glitterheim der me hadde fått flott oppvartning dei siste døgna. Me gjekk for første gong på denne turen i flokk, det var mange som skulle opp på denne snøkledde kjempen. Det var ein fin tur i roleg tempo oppover. Heldigvis eit par bekkar slik at det vart mogleg å etterfylle flaskene.

Oppe ved kanten av Gråsubrean var det tid for den første rådslagninga denne dagen. Austre Glittertindoksle låg berre ein drøy halvkilometer borte, på den andre sida av breen, og det ville vere litt kjipt å skippe denne toppen når me først var så nær. Sagt på ein annan måte, det er ein drøy tur å måtte gå på den toppen ein annan gong berre fordi han vart skippa no. Difor på med tauet og underteikna først (for ein gongs skuld).

Heftig jobbing med isøksa på den heldigvis solide snøbrua over bregleppa og deretter grei skuring bort til steinrøysa nedanfor toppen. Ikkje den heilt store opplevinga å kome på toppen, men fin vinkel mot folka på toppen av skavlen på Glittertinden. Tilbake var også grei skuring og me vandra vidare mot toppen. Me møtte så smått dei første som kom over frå Visdalen og etter litt snølabbing var også me på toppen. Sjølvsagt superb utsyn i godveret og knipsearmaturet fekk nok ein gong prøvd seg. I tillegg måtte me sjå kor langt det var mogleg å gå ut på skavlen...

Me var framleis ikkje ferdig med toppturane for dagen. No gjekk ferda vidare mot Vestre Glittertindoksle, halvannan kilometer nordvest for Glittertinden. Bort dit var det ikkje nokon bre, men berre stein og ei og anna snøfonn. Det føltes ikkje særleg gjevande, men var naudsynt. Ikkje f... om denne toppen skulle skippast no.

Rett før Vestre var det ein annan knaus som me trudde kunne ha over 10 meter i primærfaktor og denne vart sjølvsagt vitja (Tormod gjekk rett nok på Vestre først). Vestre var ikkje den heilt store opplevinga, stort sett ein steinskråning som heva seg litt over resten av terrenget ut mot Grotbrean. Sp etter obligatoriske bilete vart kursen sett mot Skautflye og Visdalen.

Eit kvarters vandring frå toppen møtte me forresten på ein sogndøl og eit par andre som var på toppsamling. Ein av dei mangla berre eit par toppar og samlinga skulle no kompletterast. Vidare gjekk det radig ned til Steindalen og etter ein vel fortent pause ved Steindalselve vandra me den siste etappen ned til Spiterstulen og bilen. I Bøverdalen nådde me akkurat butikken før stengetid, noko som smakte godt då me noko seinare kunne nyte middagen utanfor teltet i Leirdalen.

Tidsbruk: 8 t. Høgdemeter: Opp 1175 og ned 1460.

Onsdag 3. august: Dagstur på Tverrbytthornet
Me hadde litt ymse planar for dei siste dagane av ferien, men alle planane inneheldt toppturar i Leirdalen. Diverre var korkje veret eller vermeldinga særleg lystig og me tok difor eit høvesvis sikkert alternativ. Rett nok kunne det ifølgje ymse litteratur vere noko luftig på Tverrbytthornet, men på den andre sida er det vanskeleg å gå feil så lenge ein følgjer eggen.

Leirvatnet og eit par småtjern vart passert på nordsida før me tok av frå stien og sikta oss inn på bandet mellom Søre Tverrbottindan og Tverrbytthornet. Fint å gå, ei passe blanding av ur og stein. Litt meir grov ur eit lite parti, men framleis ok. I tillegg var det veldig kjekt med dyreliv, sjølv om dette avgrensa seg til sauer;-). Me var no rett nord for Kyrkja, men toppen gøymde seg stort sett i skodda.

På bandet vart det litt tid til å hente seg inn før me byrja på klyvedelen. Det var faktisk den første skikkelege klyvinga denne ferieveka, om eg ser bort frå det vesle som var (og det gjer eg) første dagen til Vesle Galdhøpiggen. Utruleg moro å få brukt både hovudet, armane og føtne samstundes att...

Etter å ha passert den første større knausen dukka det opp ein raudfarga som såg ein smule meir tricky ut. Me rekna med, ut frå researchen som var gjort på førehand, at dette var knausen som burde rundast i sida og ikkje klyvast over. Eg tok den enkle vegen og følgde høgda bort, medan Tormod ville freiste lukka litt høgare oppe først. Då eg hadde runda såg at det var ok å ta seg opp på ein blanding av fjell og snø. Halvveges opp såg eg nedanfor meg at Tormod kom same vegen, så då hadde eg nok funne den greiaste ruta.

Vel oppe aust for knausen var eg litt i villreie på om me skulle vidare langs eggen oppover. Den såg noko luftig og vanskeleg ut, men Tormod ville no prøve. Eg tok først turen oppom knausen me hadde runda før eg prøvde å følgje høgda under eggen. Dette vart fort heller vonlaust og då eg samstundes såg at Tormod kom greitt til topps var det berre å slå følgje. Eg burde snart slutte med å verte overraska over kor enkelt ting som ser vanskeleg ut på lengre hold vert når ein kjem midt oppi det, men det slo til nok ein gong. Me var no på toppen av Vestre Tverrbytthornet, den første av dagens to toppar.

Ruta vidare mot Tverrbytthornet var no veldig enkel: Langs ryggen/eggen austover til me kom til ein stor varde. Men først var det ein del meir knoting enn me hadde rekna med (er normalt god til å rekne, men hadde ein dårleg dag her). Me trudde at ryggen var grei skuring heile vegen, men jammen var det eit par-tre parti som var overraskande luftige og der armar og føter måtte koordinerast. Det var heile tida gode tak, men likevel.

Må innrømme at eg vart veldig overraska då det ein stad plutseleg var to-tre meter rett ned føre meg. Eg kunne ikkje heilt skjøne kor me elles skulle gå, men ei nærare gransking synte at det var mogleg å klyve ned på nordsida litt lengre bak. Den siste biten mot toppen var veldig enkel og me var godt nøgde då me kunne setje frå oss sekkene og ta ein god pust i bakken.

Då me noko seinare vandra ned att følgde me ryggen tilbake nokre få hundre meter, før me sette nasen ned mot dalen. Her var det høvesvis lett å finne ei rute i ura som gjekk heilt ned til dalbotnen. No fekk me òg endeleg skikkeleg utsyn til Visbretinden som hadde gøymt seg i skodda til no (eller var det me som hadde gøymt oss?).

Så var det berre å fullføre turen bort til Leirvassbu, medan me med jamne mellomrom såg opp og kunne nøgde studere ryggen me hadde klyvd for eit par timar sidan. På veg ned til teltet var me forresten så heldige å få sjå ein dvergfalk som hadde sett seg til i vegkanten.

Tidsbruk: 5 t. Høgdemeter: Opp 705 og ned 705.

Torsdag 4. august: Grotting i Dumdalen
Då det var lågt skydekke og elles lite som tyda på fint klyvever (og utsynsver) vart det til at me låg litt frampå i von om betring. Dette viste seg å ha liten (les: ingen) effekt og me vart samde om å finne på noko anna. Valet fall då på litt grotting i Bøverdalen, nærare bestemt i Dumdalen rett sørvest for Bøvertun. Me vurderte å hoppe på ein guida tur, men enda opp med å vandre på eiga hand.

Utstyrsmessig hadde me hovudlykt, men ingen hjelm... Fint vart det likevel, sjølv om me sikkert hadde fått med oss meir (og betalt mykje) om me hadde følgt guiden. Diverre var batteriet i lykta mi i særs nedattgåande modus så det var litt famling somme gonger. Uansett var det eit herleg avbrekk frå skodda inne i Leirdalen. Veret har lite å seie når ein kan krype inn i eit hol:-).

Fredag 5. august: Dagstur på Kyrkja
Siste dagen for denne gongen og turvalet måtte vere Kyrkja. Hadde sjølv veldig lyst på tur på Stetinden, men Tormod hadde ikkje vore på Kyrkja så då var den saken biff. Veret var blitt hakket verre og nysnøen låg som melisdryss i høgfjellet. Det var småkjølig då me la i veg oppover på stien mot Høgvaglen og me var ikkje overraska over at ingen andre såg ut til å ta seg ein tur på Kyrkja denne dagen.

Det var greitt å gå opp til Høgvaglen og vidare til bandet under Kyrkja. Her møtte me kjapt på nysnøen, men oppover ga ikkje det nokon vanskar med å ta seg fram. Eit par små klyvepunkt var uproblematiske og etter knappe to timar stod me på toppen og kunne ikkje nyte det fantastiske utsynet. Vekas kjappaste pause vart gjennomført, bilete knipsa og me kom oss nedover. Me tok oss ikkje ein gong tida til å vitje kyrkjespira bortanfor toppen.

Nysnøen gjorde det noko sleipt ned til bandet, men så vart det ei grei avslutning ned til Leirvatnet og Leirvassbu. Og ei flott veke i Jotunheimen var over.

Tidsbruk: 3 t 15 min. Høgdemeter: Opp 650 og ned 650.

Kart: 1518 II - Galdhøpiggen, 1518 III - Sygnefjell og 1618 III - Glittertinden. Turkarta Jotunheimen Vest og Jotunheimen Aust kan òg nyttast

Dagstur på Kjelhøe, Galdhøe og Vesle Galdhøpiggen
Spiterstulen - Glitterheim, med topptur på Glitter Rundhøe og Ryggjehøe
Dagstur på Nautgardstindane
Glitterheim - Spiterstulen, med topptur på Austre og Vestre Glittertindoksle og Glittertinden
Dagstur på Tverrbytthornet
Grotting i Dumdalen
Dagstur på Kyrkja


bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Juvvatnet (1835 moh) og Juvasshytta, med Glittertinden (2365 moh) i bakgrunnen
Utsyn nedover mot Bøverdalen
På veg mot Galdhøe (2283 moh), med Galdhøpiggen (2469 moh) og Vesle Galdhøpiggen (2369 moh) i bakgrunnen på kvar side av Porten
Sommarskianlegget på Juvass med Memurutindane, Hellestugubreen og Hellstugutindane i bakgrunnen
Galdhøpiggen, Styggebreen, Porten og Vesle Galdhøpiggen
Fjellryggen ved Piggbreen nedanfor Galdhøpiggen. Legg merke til kor mange som faktisk står på ryggen og ventar på å gå inn i tauet. Keilhaus topp (2355 moh) i bakgrunnen
Brefølgje på veg nedover, legg elles merke til han som går åleine...
Lukka er betre enn forstanden er det noko som heiter
Frå Galdhøe mot ryggen som fører opp til Vesle Galdhøpiggen
Ryggen som går opp frå Løyfte, tre klyvarar midt i biletet
Klyvarane ved det einaste litt luftige punktet på ryggen
Tormod leikar seg oppover ryggen med fritt fall nedanfor
Galdhøpiggen sett frå toppen på Vesle
Storjuvbreen og Storjuvtinden (2344 moh) nærast, med Svellnosbreen og Midtre (2302 moh) og Store (2309 moh) Tverråtinden bakanfor
Storbreen og Smørstabbtindane, med Hurrungane i bakgrunnen. Storebjørn (2222 moh) er fjellet på venstre side av Storbreen. Elles ser me Fanaråken (2068 moh) og Steindalsnosi (2025 moh) bak til høgre i biletet
Skardstinden (2373 moh). Ja, det står faktisk ein person på toppen
Nåla på Skardstinden
Tormod studerer turmåla dei neste dagane
Sunnmøringen konstaterer at det er bratt nok
Fremste Storgrovhøe (2253 moh) med Hestbrepiggane i bakgrunnen
Utsyn mot Lodalskåpa (2082 moh, "hatten" i bakgrunnen), Tverrådalskyrkja (2087 moh) til høgre i biletet
Revisoren kravlar seg ned att
Svellnosi (2272 moh), Keilhaus topp og Galdhøpiggen. Nokre taulag er lett synlege på Styggebreen
Keilhaus topp og Galdhøpiggen
Kveld ved teltet med den skoddedekte Glittertinden i bakgrunnen
Visdalen og Spiterstulen. Det markerte fjellet midt i biletet er Styggehøe (2200 moh)
Skautflye med Glittertinden og Glitter Rundhøe (2089 moh) i bakgrunnen
På veg oppover mot Glitter Rundhøe med Galdhøpiggen i bakgrunnen
Veobrean med Store Memurutinden (2364 moh) bakanfor. Toppen midt på breen er Veobreatinden (2183 moh), medan me ser Austre Memurutinden (2301 moh) til venstre i biletet
Leirhøe (2330 moh). Fjelltoppen som ligg midt på breen i framkant er Veobreahesten (2185 moh)
Fjellknaus (1964 moh) på Veobrean
Leirhøe og Veobreahesten, Store Hellstugutinden (2346 moh) stikk opp i bakgrunnen
Styggehøbrean med omliggande tindar. Den høgste toppen bakerst i biletet er Surtningssui (2368 moh), medan me ser Søre Veotinden (2267 moh) bak til høgre
Ryggjehøe (2142 moh)
Frå Ryggjehøe ned mot Veodalen og bresletta nedanfor Veobrean
Søraustre (2232 moh) og Sørvestre Styggehøbreatinden (2220 moh), som har ein noko kupert rygg mellom seg. Toppen i skodda bak til venstre er Surtningssui
Nørdre Veotinden (2120 moh) nærast, med Store (2240 moh) og Søre bakanfor. Austre Memurutinden til høgre i biletet
Store Memurutinden og Veobrean, Veobreatinden er knausen nede til høgre på breen. Gjennom Memuruskardet til venstre ser me Memurutinden V4 (2230 moh)
Leirhøe, i bakgrunnen til venstre over Veoskardet ser me Nørdre Hellstugutinden (2218 moh)
Veobrean med omliggande tindar (sjå bileta ovanfor for nærare detaljar)
Bresletta nedanfor Veobrean og Styggehøbrean med omliggande tindar
Glitter Rundhøe midt i biletet med Steinbukampen (1997 moh) nærast til høgre. Glittertinden i skodda øvst til høgre i biletet
Ryggjehøe frå aust
Glitterheim med Veo som flyt roleg forbi
Veo og Glitterheim med Ryggjehøe i bakgrunnen
Nautgardstinden (2258 moh) sett frå Nautgardsoksle
Nautgardsoksle (2089 moh) sett frå Nautgardstinden
Tormod på veg opp ura mot Nautgardstinden med Tjønnholet i bakgrunnen
Utsyn nordaustover mot Stornubben (2174 moh). Austre Nautgardstinden (2194 moh) er den knapt synlege haugen nærast
Nautgardstinden sett frå Austre
Snøtrakking på sørsida av Nautgardstinden
Flott utsyn mot Besshøe (2258 moh) og Russvatnet (1175 moh) med Gjendealpane i bakgrunnen
Besshøe, med Tjønnholstinden (2334 moh) i bakgrunnen
Store Knutsholstinden (2341 moh), med Mesmogtinden (2264 moh) i bakgrunnen til høgre
Tjønnholstinden og Tjønnholet, med Skarvflyløyfttinden (2250 moh) i høgre biletkant
Styggehøbrean med Store Memurutinden i bakgrunnen
Styggehøbrean med dei tre toppane Søre Veotinden, Nørdre Styggehøbreatinden og Store Veotinden, og Store Memurutinden i bakgrunnen
Ryggjehøe, med Galdhøpiggen og Vesle Galdhøpiggen i bakgrunnen
Steinbudalen med Øvre (1503 moh) og Nedre Steinbuvatnet (1500 moh). Glitterheim kan skimtast nede til høgre
Veobrean, Veoskardet og Leirhøe
Glitterheim
Søraustre og Sørvestre Styggehøbreatinden i morgonsol
På gras og stein oppover mot Glittertinden
Toppskavlen på Glittertinden viser seg gjennom morgonskodda
Trollsteineggje (2300 moh)
Utsyn nedover Grotbrean mot Trollsteintjønne (1711 moh)
På toppen av Glittertinden
Trakket i snøen viser vegen dei siste metrane mot toppen
Trollsteineggje omkransa av Grotbrean
Utsyn mot tindeverda rundt Visdalen med Hurrungane heilt i bakgrunnen av biletet. Breen midt i biletet er Tverråbreen
Nordvestre del av Veobrean med omliggande tindar, i bakgrunnen kan me mellom anna sjå Store og Midtre Hellstugutinden (2339 moh)
Søre del av Veobrean med Store Memurutinden
Ryggjehøe nærast med Styggehøbrean bakanfor. Gjendealpane heilt bakerst i biletet
Styggehøbrean med Nørdre og Sørvestre Styggehøbreatinden og Søre, Store og Nørdre Veotinden. I bakgrunnen frå venstre Mesmogtinden, Langedalstinden (2206 moh), Nørdre (2137 moh) og Store Svartdalspiggen (2165 moh), Slettmarkhøe (2086 moh), Slettmarkpiggen (2164 moh) og Slettmarkkampen (2032 moh)
Toppskavlen frå vest
Eit taulag på veg over Gråsubrean
Kjelen, Juvvatnet og Juvasshytta
Hestbrepiggane
Sunnmøringen på veg ut på Vestre Glittertindoksle (2251 moh)
Tverråtindane, Svellnosbreen, Galdhøpiggen, Vesle Galdhøpiggen og Styggebreen
Skautflye med Spiterhøe (2033 moh) på venstre side. I bakgrunnen Styggehøe, Tverråbrean, Tverråtindane, Svellnosbreen, Galdhøpiggen, Vesle Galdhøpiggen, Galdhøe og Styggebreen
Veotindane
Skråninga opp mot bandet mellom Søre Tverrbottindan og Tverrbytthornet
Utsyn austover Kyrkjeglupen mot Visbrean, og vatna Kyrkjetjønne (1465 moh) og Panna (1460 moh)
Tormod på veg oppover med Troget (1446 moh) langt der nede
Ryggen oppover mot Søre Tverrbottindan (1971 moh)
Småbratt terreng på veg oppover mot Vestre Tverrbytthornet
Kyrkja (2032 moh)
Hammaren me runda. Dei som har gått her tidlegare ser at fotografen er noko ute av kurs... Normalvegen vidare er langs ryggen som går oppover mot høgre
Utsyn attende mot hammaren
Tverrbytthornet (2102 moh)
Tormod passar på å føte seg
Klyving med gode tak
... og der var han komen på toppen og nok ein varde som funkar godt som ryggstøtte
Utsyn mot Leirvatnet (1401 moh) og Leirvassbu
På vandring attende langs ryggen
Mykje stein nedover mot Kyrkjeglupen
Visbrean og Visbretinden (2234 moh)
Vestre Tverrbytthornet
Kyrkja, med Semelholstinden (2147 moh) bak til venstre
Dvergfalk
Dumdalen
Eit lite tjønn ein km frå vegen
Pågangsmot er alltid kjekt
Det går som oftast bra
Ei av grottene i Dumdalen
Litt klyving i undergangen rett ved riksvegen
Kom til topps denne dagen òg
Stolt klyvar på holka
Rimeleg surt ver på toppturen
Veret letta noko då me var nede att ved bandet mot Kyrkjeoksle