toppturar i jotunheimen 27. juli - 5. august 2004

Rangling i halvanna veke i Jotunheimen. Turreferatet er forb... langt, viss du ikkje gidd å lese, er det i overkant av hundre bilete du kan sjå på. Dei finn du viss du scrollar nedover forbi alle dei tomme orda. I referatet er det nemnt tidsbruken dei ulike dagane, dette er brutto tid, altså inkludert pausar (måtte berre seie det slik at ingen skulle tru eg var ufatteleg treig...).

Tysdag 27. juli: Dagstur på Langeskavlstinden
Kom opp på Eidsbugarden midt på dagen og tykte det var slapt om eg ikkje tok meg ein ettermiddagstur. Langeskavlstinden hadde eg ikkje vore på tidlegare, så valet var rimeleg enkelt. Alternativet var vel Galdebergtinden. Det vart ein heller lang, enn interessant tur. Først langs merka sti til eg var på Sløtafjellet, deretter fann eg ein brukande veg opp på platået. Her var det stort sett fint å gå, nokre større snøfelt på austsida var fine å lange ut på. Det er om lag ei halv mil frå ende til ende på Langeskavlen så litt slitsomt vart det, men utsynet var heldigvis brukbart sjølv om toppane nordafor stundom forsvann i skyene. Vil nok tru at toppen er meir attraktiv på ski, slik terrenget er.

Tjue minutt før toppen traff eg eit mindre følgje, dei var dei einaste andre eg såg på Langeskavlen. På toppen var det overraskande stilt, så det vart ei fin stund med sjokolade og saft. Følgde litt med eit taulag på Urdanosbreen, eg hugsa sprekkene for eit år tilbake så tau var definitivt påkrevd. Prøvde meg litt nedover nordvestryggen og konstaterte at det såg greitt ut å ta seg ned til breen (eller motsett) om det skulle verte aktuelt ein annan gong. Heimover var det kjipt med hundrehøgdemetersbakken opp til punkt 1878, men det var veldig moro på snøfonna ned av Langeskavlen. I siste bakken ned til Eidsbugarden kom dei første dråpane frå himmelen, så timinga var nesten perfekt. Tidsbruk: 6 timar.

Onsdag 28. juli: Eidsbugarden - Olavsbu, med kveldstur på Mjølkedalstinden
Etter ein fin start med dagstur og lett sekk dagen i førvegen, var det no årets ferielangtur verkeleg starta. Ikkje at sekken var spesielt tung, men 16-17 kilo var iallfall uvant. Sveitten silte opp Mjølkedalen og det var godt med ein pause på toppen med nydeleg utsyn til Mjølkedalsbreen og omliggande toppar. No fekk eg definitivt utsynet eg gjekk glipp av då eg passerte i tjukk skodde veka i førvegen. Langs vatnet var det som sist, masse stein, men greitt å ta seg fram. Så kom det ein ny motbakke, no med tohundreogfemti høgdemeter, opp til bandet nord for Høgbrothøgde.

Vidare følgde eg det som skulle vere umerka sti (var nok ikkje heilt umerka, såg litt raudmåling) ned til sørenden av vatn 1488. Eg tok denne vegen fordi eg hadde tenkt meg oppom Sjogholstinden. Først var det tid for ei matøkt, det hadde jo gått nokre timar sidan frukosten. Kva eg åt (og for den saks skuld drakk) skal eg ikkje skrive ei større utgreiing om, men resultatet var uansett at eg vart veldig trøytt. Og sidan dette trass alt var ferie, valte eg å ta fram liggeunderlaget og ta meg ein lur istadenfor ein tur på tinden. Låg vel halvannan time i solsteiken før eg sakte, men sikkert, pakka saman og bevega meg mot Olavsbu. Her var det lite folk, så det var ikkje vanskar med å få seg ei seng.

Då mat og kvile var sett til livs, var ettermiddagen framleis relativt ung, så det høvde fint med ein kveldstur på Mjølkedalstinden. Ruta ga seg sjølv (iallfall den enklaste og vanlegaste), opp til bandet mellom toppen og punkt 1808, deretter var det berre å følgje ryggen/egga. Det var overraskande mange vardar, som stort sett viste vegen, og ikkje alt for luftig. Rett nok langt ned på begge sidene, men det var tørt og fint å gå. Få plassar det var naudsynt å bruke hendene. Utsynet var praktfullt, himmelen var nesten skyfri og sola steikte. Store deler av Jotneheimen kunne nytast i nesten vindstille på toppen. Hadde eit lite uhell då eg trakka på solbrillene (var litt for oppteken med mobilen...), men sportstape fixa det no på eit vis;). Nedatt fekk eg det for andre dag på rad moro på nokre snøfenner før eg måtte ta til takke med ura bort til Olavsbu. Tidsbruk: Eidsbugarden - Olavsbu: 5,5 timar, topptur til Mjølkedalstinden: 2,5 timar.

Torsdag 29. juli: Dagstur på Rauddalstindane
Nok ein dag med fint ver, men av ymse årsaker kom eg litevetta seint avgarde (10.15). Målet var å gå heile rekkja med Rauddalstindar, frå Austre i aust til Vestraste (rett namn?) i vest. Var spent på både oppgang og nedgang til ryggen, men det var berre ein måte å finne ut av det på. Nemleg å prøve. Meininga var at eg skulle gå opp søraustryggen på Austre, dette er den vanlege vegen frå Olavsbu viss ein har litt dårleg tid. Det skulle vere bratt, men overkommeleg. Frå Olavsbu såg det definitivt bratt ut, men slik er det ofte når ein ser rett imot fjellet. Eit alternativ var å gå opp ryggen frå Simledalen til punkt 1930 vest for Austre, men det var ein omveg sjølv om det var den lettaste. Ein samtale med hyttevakta på Olavsbu fekk meg diverre på tanken at det lettaste måtte no vere nordaustryggen opp. Den såg iallfall greiare ut frå Olavsbu... Som tenkt, så gjort og valet fall på nordaustryggen sjølv om eg var veldig usikker.

Første timen frå Olavsbu var grei, då var eg komen opp på om lag 1750 moh. No såg eg ryggen tydeleg over meg og det såg ikkje så gæli ut. Diverre tok eg feil. Skammeleg feil. Det heile byrja med litt snø (som var greitt) og ur om einannan. Ura var noko usikker med litt laust innimellom. Så følgde eit noko brattare parti med ekstremt laust underlag, to steg opp og så skli halvanna nedatt vart fort gjengangaren her. Etter kvart vart eg mindre og mindre høg i hatten, men konkluderte med at eg heller ville gå opp enn ned. Var ein smule redd ved tanken på å gå nedatt i tilfelle "alt" losna. Over dette partiet var det ei større snøfonn, bratt, men eg følte meg relativt komfortabel her med isøksa som sikring. Rett nok var snølaget vel tynt nokre stader, men det var no betre enn lausmassane nedanfor. Brukte litt tid på å kome meg trygt av snøfonna, deretter var det heldigvis stort sett fint opp på ryggen og til topps på Austre. Det var utruleg godt å setje seg på toppen med litt saft og nyte dagen og i tillegg vite at eg ikkje skulle ned same vegen eg gjekk opp. Hadde absolutt tendensar til høg puls ei stund ja...

Vegen vidare vart heldigvis av det mindre spanande slaget. Rett nok var det eit lite klyveparti ned frå Austre, men det gjekk enkelt. Mot Store Rauddalstinden var det berre å følgje ryggen, underlaget var fint og veret perfekt. Det var mykje snø opp mot toppen, men det var heilt ok å gå på. Den einaste ulempa var at eg hadde ei kjensle av å vere i ein bakaromn... På toppen var det mildt sagt brukbart utsyn mot tindane i omegnen. Spesielt Hurrungane og Smørstabbtindane vart knipsa i det nesten uendelege. Artig med godt kamera:). Ei lang nistepause vart det naturleg nok òg tid til.

No kom ein fin nedoverbakke på tohundreogfemti høgdemeter, det aller meste på snø. Så var det nok ein gong motbakke i ur opp til Vestre. Det gjekk kjapt vidare til Vestraste, også her høgdemeter ned og opp. Litt sms-ing vart det tid til her, reknar med et var sendaren på Sognefjellet som ga høvelege forhold for slik sport. Siste meldinga eg fekk var forresten at eg måtte ta det med ro nedatt... Kom i hug akkurat det då eg prøvde meg på det som kunne vorte sommarens siste stunt. Sklei på noko smågrus då eg var ein smule uoppmerksam på ei hylle. Fekk heldigvis tak i kanten på hylla med hendene då eg var i ferd med å gjere det heilt store. Slapp unna med skrekken og nokre mindre pene skrubbsår. Hadde ikkje tryna meir enn eit par meter om det hadde gått heilt gale, men det kunne nok gjort vondt. Skulle tru dette skjerpa sansane, men jammen måtte ikkje til eit lite uhell på eit sleipt sva fem minutt seinare for at eg skjøna at det var ein fordel å sjå kvar eg eg sette føtne.

Neste punkt på programmet var no å finne ein farbar veg ned i Rauddalen. På kartet hadde eg sett meg ut ein skråning som såg mogleg ut, men det er som kjent stor skilnad på teori og praksis. Om eg ikkje kom meg ned i dalen måtte eg mest truleg gå bort til Gravdalen, vidare opp Simledalen og så bort til Olavsbu, altså ein veeeldig lang tur seint på dag. Då eg hadde hundre meter att til punkt 1630 heilt vest på ryggen var det å vende nasen mot Rauddalen og håpe at det funka. Og funka gjorde det. Det funka faktisk overraskande greitt. Stort sett grasbakke, med litt sva og ur. Spesielt grasbakkane var herlege å gå på etter mykje stein og snø tidlegare på dagen. Då eg såg meg tilbake, la eg merke til at det faktisk såg rimeleg kronglete ut å ta seg ned, så dette var eit fint døme på at ting (stort sett) løyser seg når ein kjem nærare. Det ser berre så forb... vanskeleg ut på langt hald.

Det var ein 6-7 km opp dalen til hytta og føtne var slitne, men no kunne eg i det minste koble inn autopiloten og ut hovudet, og berre rusle oppover. Elva vart kryssa nedanfor vatn 1306 og då kom eg inn på den merka stien. Autopiloten funka bra den, med eit lite unntak då eg snubla i ein stein som ikkje ville flytte seg. Resultatet vart eit nydeleg kutt midt på leggen, men det skal jo visast at ein har vore på tur:-). Vel framkomen på hytta bemerka eg for hyttevakta at det nok ikkje var vanleg å gå nordaustryggen på Austre og han var(t) veldig samd. Han hadde visst fått litt input frå andre toppranglararar i løpet av dagen viste det seg. Alt i alt var det ein fin dag, men eg vil ikkje tilrå nordaustryggen opp på Austre... Tidsbruk: 9,5 timar

Fredag 30. juli: Dagstur på Sjogholstinden
Merkeleg kor eg traff på veret denne ferien (akkurat som langturen i Jotneheimen i fjor), veret var framleis strålande då eg tørna ut om morgonen. Dagens dyst var Sjogholstinden, altså berre ein topp og berre ein motbakke denne dagen, men eg hadde høyrt noko om klyving og luftig, så litt artig kunne det no verte. Uansett så dilta eg no bortetter ura frå Olavsbu med sikte på nordvestryggen. Tok av frå den merka stien rett fr toppen av bandet, i underkant av 1600 moh. Det byrja med enkel svavandring før den første hammaren sende meg opp ei ur på høgre sida. Her var det ei lita flate før den verkelege godryggen starta. På høgresida var det bokstaveleg tala ingenting, så ruta måtte nødvendigvis gå på venstresida. Her brukte eg (føltest iallfall slik) mykje tid på relativt kort distanse. Eg var veldig bestemt på at eg ikkje skulle rote meg bort eller fast, så eg vart veldig oppteken av å følgje dei få vardane som viste veg.

Klyvinga var stort sett enkel, men somme stader ville nok eit fall gjort meir vondt enn godt er. Stundom var eg oppe på ryggen, men mesteparten av klyvinga føregjekk litt nede i venstre sida av ryggen. Då klyvinga var ferdig kom eit lengre stykkje på ei stundom smal egg bort til toppen. Ikkje så mange høgdemeter, men det var overraskande langt bort. Det var somme luftige parti, men det var berre morosamt. Akklimatiseringa dei føregåande dagane hjelpte nok til i den vurderinga. Eit par plassar var det hamrar som eg omgjekk på venstre side. På toppen møtte eg som vanleg ingen og tok meg ein lang rast med mobil og radio som underhaldning. Utsynet var også verdt å få med seg, spesielt mot tindeverda vest for Svartdalen som var lett å legge merke til herifrå. Mjølkedalstinden var også verdt å ta nærare i augnesyn, tykte eg såg nokre likskapstrekk med Kyrkja.

Heimturen valte eg å ta den vegen eg hadde tenkt å kome opp då eg eigentleg skulle på Sjogholstinden to dagar i førevegen. Dette innebar at eg gjekk sørover til eg var nede på 1900 moh, for så å vende 140 grader og gå mot bandet mellom Sjogholstinden og Mjølkedalstinden. Eg tek ikkje hardt i når eg seier at dette var vanvittig mykje kjipare enn nordvestryggen, men det var i det minste temmeleg ufarleg. Blir lei i lengda av å traske i ur. Då eg passerte under nordvestryggen såg eg at hyttevakta med følgje tok ei litt anna rute enn meg. Dei gjekk over hamrane istadenfor ved sida av. Definitivt ein meir luftig variant enn den eg tok... På bandet kom eg innatt på stien og det var berre å rusle bort til Olavsbu for den siste overnattinga der for nokre dagar. Tidsbruk: 5,5 timar.

Laurdag 31. juli: Olavsbu - Slettmarkpiggen - Gjendebu
Det var på tide å kome seg litt meir austover og bort frå Luster (Olavsbu er nesten så langt aust du kan kome i kommunen). Å gå austover Rauddalen viste seg å vere eit godt val. Lange parti med lettgått sti og rett i mot kunne eg nyte synet av Slettmarkhøe og Slettmarkpiggen. Ved eit tjørn sør av Geithøe var det dags at setje frå seg tursekken og ta fram dagstursekken. Ein tur på Slettmarkpiggen burde gjere godt. Først ein lang bakke opp til 1750 moh, deretter litt ned og bort før det var på snø og stein opp til Slettmarkkampen på 2032 høgdemeter.

Vidare mot piggen såg det greitt ut, men så enkelt vart det ikkje. Rett etter kampen må ein nemleg ned nokre titals meter og her var det eit litt kinkig punkt. Ikkje akkurat noko å skrike for mykje om, det var vel meir overraskande enn vanskeleg. Uansett var det no gode tak og det var vanskeleg å sjå at eit fall skulle gje så altfor store konsekvensar. Bort til piggen var då ein knapp kilometer med lett vandring, før hendene måtte hjelpe til bittelitt opp til toppen. Lengre var det ikkje mogleg å kome, bort til Slettmarkhøe måtte eg i såfall hatt hjelp frå kyndige folk. Artig å kome til topps i eit område eg ikkje hadde vore i tidlegare. Ein får sett nye stader og nye vinklar på gamle stader:). Nedatt til sekken gjekk det pent og kjapt, fann heldigvis nokre fenner som var brukande. Så var det å pakke sekken på ryggen og rusle ned til Gjendebu og få seg ei seng og ein dusj (dusjen var utan tvil viktigast;)).

Søndag 1. august: Dagstur på Slettmarkhøe
Ei seriøs ulempe med å stikke austover til Gjendebu var at det ligg 450 høgdemeter lågare enn Olavsbu. Dermed vert det laaangt opp til toppane. Fordelen er jo sjølsagt at eg har godt av det. Slettmarkhøe var peika ut som eit fint objekt denne dagen. Dagen byrja då med å følgje stien oppover Veslådalen til elva var kryssa på bru etter ein god halvtime. Følgde så elva frå Slettmarkbreen inntil eg fann ein brukande plass å bykse over. Vidare sikta eg meg inn på bandet mellom fortoppen på 2086 og platået. Som dei tidlegare dagane veksla underlaget mellom snø og stein. Framleis fint og tørt ver så det var flotte forhold. La frå meg sekken på bandet for å ta turen bortom fortoppen. Den knausen kan ikkje ha særleg stor primærfaktor (matematisk sak for om ein topp kan reknast som topp eller ikkje...), maks 15 meter kan eg tenkje meg. Etter det ærefulle besøket sette eg så kursen mot dagens høgdepunkt.

Slettmarkhøe viste seg å vere eit platå dekka av ei snøfonn/bre. Gjekk litt fram og tilbake for å vere sikker på at eg hadde vore på toppen, i tillegg var det nødvendig for å ikkje få med for mykje snø på bileta eg tok i alle himmelretningane. Rota meg litt på søraustegga då det såg ut til å vere ein knaus der òg som hadde behov for besøk, men eg vart litt for kjapt lei. Dermed var det å krabbe opp att på platået for å, blir aldri lei av dèt, skreie på snøfennene ned i dalen. Elva vart kryssa litt lenger opp enn då eg kom motsett veg. Tok meg ein god pause på ein liten haug med godt utsyn over Veslådalen og Gjende, funderte litt på om eg skulle ta ein kveldstur opp Bukkelægret eller Gjendetunga. Då det var slutt på funderinga og sjokoladen (alltid surt når det er tomt for sjokkis) var det til å flytte føtne dei nødvendige stega ned til Gjendebu og den varme dusjen der. Og kveldsturen vart det aldri noko av (eigenmotivasjonen var med andre ord rævva, kan vel òg skulde på ettermiddagsbyger). Tidsbruk: 7 timar.

Måndag 2. august: Dagstur på Svartdalspiggane
Rota litt for andre morgon på rad og kom ikkje avgarde før klokka var nesten ti. Grudde meg litt til byrjinga på dagen sidan ruta opp til Svartdalen vart lagt om året før. Gjekk nemleg den nye ruta rett etter "opninga" (rett nok hadde eg ekstremt dårleg tid då) og var absolutt ikkje nøgd. Det hadde kome seg litt i år, trakket var byrja å bli litt synleg, men det er ingen god sti. Opp og ned av åtte-ti bekkedalar er nesten usunt spør du meg... Oppe på kanten i Svartdalen var det på tide å sikte seg inn på ryggen mot Svartdalspiggane. Litt raudmåling såg eg her og der, men det virka nesten meir forvirrande enn det gjorde godt spør du meg (for andre gong). På vel 1600 moh var det ei mindre flate før det vart brattare att. No var det jamn stigning i stort sett ur, litt snø, opp til toppen på Nørdre. Vidare til Store var det berre å følgje ryggen, eit lite klyveparti var det ned frå Nørdre, men det bydde ikkje på nokre vanskar.

På Store var det fint utsyn vidare sørover mot Midtre og Søre Svartdalspiggen. Eg hadde eigentleg tenkt meg vidare dit og bort på Langedalstinden og kanskje gjere eit forsøk på Mesmogtinden òg, men det var i ferd med å byggje seg opp ein del nedbør frå aust. Brukte matpausen på Store til å vurdere kva eg skulle gjere og kom til at eg fekk heller snu. Veldig surt med tanke på at eg skal på Langedalstinden og Mesmogtinden ein eller annan gong, så flotte toppar fortener ei vitjing eller sju, og for å kome dit må eg traske denne bakken frå Gjende og opp på Svartdalspiggane ein gong til. 1150 høgdemeter gjer sikkert godt for kondisen, men det er ein tung start på det som sikkert vil bli ein lang dag. Valte å snu sidan det fort vert skummelt med sleipt underlag i bratt terreng (har enno ikkje gløymt turen på Falketind for eit par år sidan...).

Fekk brått brukbart med tid sidan eg korta turen monaleg. Dette vart utnytta med å studere Store Knutsholstinden som låg (og som sikkert framleis ligg der) tvers over Svartdalen. Tenkte tilbake på kjempeturen eg og Tormod hadde der eit drygt år i førvegen. Pinaklane på Knutseggi var også verd nærare gransking. Interessant med slike formasjonar på ein elles traust norsk egg. Bygene nærma seg etter kvart og det vart dermed eit lite kappløp nedover for å sjå kor langt eg kom før eg tryna. Det vart heldigvis med nestentryn og regnbygene var ikkje så seriøse akkurat, så eg kom meg heil nedatt til Lake Gjende. Tidsbruk: 5 timar.

Tysdag 3. august: Gjendebu - Skardalstinden - Olavsbu
På tide å setje kursen heimover att etter nokre dagar ved Gjende. Vermeldinga bar bod om meir fuktige tider og eg hadde eit håp om Gjertvasstinden før ferien var over. Dagen teikna til å verte ganske bra, iallfall var det sol då eg gjekk oppover Storådalen. Passerte Hellerfossen, mykje vatn og bråk, og eit brukbart motiv. Endå betre motiv var fjella i sør, der Svartdalspiggane, Slettmarkhøe og Slettmarkpiggen trona. Stien var lettgått langs Hellertjønne og Langvatnet (lurer du på kva som er opphavet for namnet, send spørsmålet til langvatnet@håtmail.com) og utsynet mot fjella vest for vatna meget fint. Studerte Skardalseggi ein del, lurte på om det var mogleg å gå egga frå Skardalstinden. Berre ein måte å finne ut det på... Nytta også høvet til å sjå om det var mogleg å gå direkte opp på egga mellom Langvasshøe og Visbretinden om eg skulle ha behov for det.

Nedanfor Høgvagltjønnen vart elva steingått til den store sølvmedaljen (mista gullet pga eit par ustødighetar), deretter bar det jamt oppover mot Rauddalsbandet. Siste kneika opp til bandet var tung, måtte ha nokre pustepausar for ikkje heilt å gå tom. Merkinga var noko absurd i kneika, masse piler og større og mindre T-ar. Kan vel kanskje skuldast at snømengdene har variert dei gongene dugnadsfolka har vore der? På bandet vart dagstursekken plukka fram att og eg sikta meg inn på turens lettaste topp. Skardalstinden er lett å nå frå denne sida, berre 530 høgdemeter i keisam ur. Vel oppe var det som vanleg tid for saft og sjokolade. Og mobilen og radioen var som vanleg underhaldninga. Vart litt overraska over eit stort tal meldingar som datt inn då eg slo på fonen, men det hadde visst ei forklaring.

Austre Rauddalstinden er nærmaste nabo i vest og eg vart litt overraska då eg såg kor bratt det såg ut til å vere opp nordaustryggen eg gjekk opp ei knapp veke tidlegare. Såg sikkert brattare ut enn det var;). Eg hadde tenkt litt på å ta turen bortom Skardalsegga, men det såg ut til å vere noko kronglete frå denne sida. Hadde nok kanskje klart å karre meg til topps, men var i meir tvil på om eg hadde klart å kome tilbake same vegen. Returen måtte i såfall ha vorte lagt om Langvatnet, ein omveg på eit par timar. Det hadde eg absolutt ikkje lyst til å finne ut av, så eg hoppa ned att ura til bandet istadenfor. Stien vidare mot Olavsbu var lett å følgje, men opgså her var merkinga merkeleg. Skjønte ikkje heilt vitsen med å krysse elva tre-fire-fem gonger i løpet av hundreogfemti meter... På Olavsbu var det rimeleg folksamt, men eg fekk meg ei god natt på sofaen. Tidsbruk: 8 timar.

Onsdag 4. august: Olavsbu - Skogadalsbøen
Så kom den trasige dagen. Regn og meir regn. Hadde tenkt meg på Mjølkedalspiggen og deretter ned Skogadalen til Skogadalsbøen, men eg såg ikkje heilt poenget med å gå på kompasskurs til topps for å sjå ingenting. Enda difor opp med å gå ned Rauddalen til Utladalen. Det letna heldigvis litt utpå dagen, iallfall såpass at det vart mogleg med ein matpause eller to. Det gjorde godt å kome skikkeleg ned i skogen og sjå grønt att etter mykje snø og grått fjell. Rett nok var det noko frodig rundt Gjendebu, men det kunne ikkje måle seg med Utladalen. Lurte ei stund på om eg skulle gå rett opp på Sognefjellet og stikke heimatt, men fann ut at eg fekk no vente til morgondagen og håpe på godver og Gjertvasstinden. Hamna dermed på Skogadalsbøen der det gjorde godt å få vaska seg litt og få tørka litt klede. Tidsbruk: 5 timar.

Torsdag 5. august: Skogadalsbøen - Sognefjellet
Det vart ein litt kjip slutt på denne langturen gitt. Rett nok ikkje så dårleg ver som dagen i førvegen, men eg såg ikkje akkurat nokon grunn til å bruke dagen til ein tur på Gjertvasstinden. Verutsiktene var heller ikkje noko særleg framover heller, så då var det berre å pakke saman rasket, iallfall det eg greidde å finne att i tørkerommet på Bøen (ei utsveitta ulltrøye var ikkje å oppdrive, vedkomande som fekk med seg den må pinadegen ha vore desperat), og kome seg opp på Sognefjellet. Dette vart faktisk ein fin tur, stort sett opphaldsver og fin natur. Hadde ei dårleg oppleving sist eg gjekk Vetle Utladalen, faktisk så dårleg at dalen vart omdøypt til Mud Valley, men nu gikk alt så meget bedre. Hadde sikkert noko å gjere med at eg gjekk i fjellsko denne gongen og ikkje joggesko som sist;). Fin og jamn stigning var det stort sett, med ein litt lengre bakke øvst i dalen før det vart småkupert bort til Sognefjellshytta der ein veldig vellukka ferie tok slutt. Tidsbruk: 4 timar.

Kart: 1517 I - Tyin, 1517 IV - Hurrungane, 1518 II - Galdhøpiggen, 1518 III - Sygnefjell og 1617 IV - Gjende. Turkarta Jotunheimen Vest og Jotunheimen Aust kan òg nyttast

Dagstur på Langeskavlstinden
Eidsbugarden - Olavsbu, med kveldstur på Mjølkedalstinden
Dagstur på Rauddalstindane
Dagstur på Sjogholstinden
Olavsbu - Slettmarkpiggen - Gjendebu
Dagstur på Slettmarkhøe
Dagstur på Svartdalspiggane
Gjendebu - Skardalstinden - Olavsbu
Olavsbu - Skogadalsbøen - Sognefjellet


bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg mot Langeskavlstinden i 1350 meters høgde
Langeskavlstinden (2014 moh)
Urdanostinden (2157 moh) og Slingsbytinden (2026 moh)
Sagi (2040 moh) og Mjølkedalsbreen
Utsyn mot tindeverda mellom Gjende og Bygdin. Heilt til venstre i biletet er Sjogholstinden (2141 moh)
Store Knutsholstinden (2341 moh)
Store Rauddalseggi (2168 moh)
Mjølkedalstinden (2137 moh)
Galdeberget (2075 moh) og Bygdin
Urdanostinden, Langeskavlstinden, Mjølkedalsbreen, Sagi, Mjølkedalspiggen (2040 moh) og Store Mjølkedalsvatnet (1340 moh)
Øvre Mjølkedalen med Gravdalstinden (2113 moh), Store Rauddalstinden (2157 moh) og Mjølkedalstinden i bakgrunnen
Sjogholstinden sett frå vest
Mjølkedalstinden
Frå Mjølkedalstinden mot Øvre Mjølkedalen, Mjølkedalen og Tyin
Sjogholstinden med Gjendealpane i bakgrunnen
Store Rauddalseggi, i framgrunnen stikk toppen på Olavsbunuten (1970 moh) opp
Skardalstinden (2100 moh) og Skardalseggi (2159 moh), i bakgrunnen til høgre Store Surtningssui (2368 moh)
Store Surtningssui
Visbretinden (2234 moh)
Glittertinden (2465 moh)
Rauddalstindane nærmast, med mellom anna Skardstinden (2373 moh) og Galdhøpiggen (2469 moh) i bakgrunnen
Galdhøpiggen
Storebjørn (2222 moh), Store Smørstabbtinden (2208 moh) og Saksi (2189 moh)
Gravdalstinden og Store Rauddalstinden
Utsyn mot tindane nord for Tyin
Urdanostinden
Skogadalen og Hurrungane
Fanaråken (2068 moh) og Steindalsnosi (2025 moh)
Nordvestegga på Mjølkedalstinden
Den siste biten til topps på Mjølkedalstinden
Nordaustover mot Visbretinden, Glittertinden, Hellstugutindane, Skardalstinden, Semeltinden (2236 moh), Skardalseggi og Store Surtningssui
Mjølkedalstinden frå nord
Nordaustryggen på Austre Rauddalstinden (2086 moh)
Sjogholstinden og Olavsbunuten
Store Rauddalseggi
Olavsbunuten og Mjølkedalstinden
Simledalen med Smørstabbtindane (og nokre Hestbrepiggar) i bakgrunnen
Mot Store Rauddalstinden frå Austre Rauddalstinden. I bakgrunnen er Hurrungane til venstre i biletet og Gravdalstinden til høgre
Hurrungane
Skardalstinden og Skardalseggi
Frå Store Rauddalstinden mot Vestre Rauddalstinden (2059 moh)
Fanaråken og Steindalsnosi
Skagastøls- og Styggedalsryggen
Stetinden (2020 moh)
Store Rauddalseggi, Rauddalen, Sjogholstinden og Mjølkedalstinden
Utsyn mot Austre Rauddalstinden frå Store Rauddalstinden. Nærast i bakgrunnen er Skardalstinden og Skardalseggi
Stølsnostinden (2074 moh)
Tverrbytthornet (2102 moh), Kyrkja (2032 moh), Glittertinden og Leirhøe (2330 moh)
Gravdalstinden, Smørstabbreen og Storebjørn
Hurrungane (nok ein gong...) og Storutladalen
Utsyn bortover nordvestegga på Sjogholstinden, i bakgrunnen mellom anna Mjølkedalstinden, Store Rauddalstinden, Storebjørn, nokre Hestbrepiggar og Austre Rauddalstinden
Mjølkedalstinden og Olavsbunuten, i bakgrunnen Fanaråken, Steindalsnosi, Store Rauddalstinden og Storebjørn
Store og Midtre (2016 moh) Rauddalseggi, i bakgrunnen mellom toppane er Skardalseggi
Gjendealpane, frå Tjønnholstinden (2334 moh) (til venstre i biletet) til Slettmarkpiggen (2164 moh)
Store Austanbotntinden (2204 moh)
Hyttevakta på Olavsbu med følgje på veg over ein hammar på nordvestegga på Sjogholstinden. Hammaren kan relativt lett omgåast på austsida
Store og Midtre Rauddalseggi sett frå Rauddalen
Sjogholstinden, austegga (krev klatring) til venstre
Galdebergtinden (2075 moh)
Slettmarkhøe (2190 moh) og Slettmarkpiggen
Frå Slettmarkpiggen mot mellom anna Hjelledalstinden (1989 moh), Falketind (2067 moh), Stølsnostinden, Hurrungane, Urdanostinden og Sagi. Til venstre i biletet kan ein skime vatna Tyin og Bygdin
Mot Rauddalen som er omkransa av Sjogholstinden, Rauddalstindane og Rauddalseggi
Memurutindane og -breane, Surtningssui til høgre i biletet
Hurrungane, Urdanostinden, Langeskavlstinden, Slingsbytinden og Sagi
Galdebergtinden
Semeltinden (2236 moh), i bakgrunnen til venstre kneisar Galdhøpiggen
Frå Slettmarkpiggen mot Slettmarkkampen (2032 moh)
Slettmarkhøe og Slettmarkpiggen
Slettmarkpiggen
Sjogholstinden, Mjølkedalstinden, Olavsbunuten, Rauddalen, Store Rauddalstinden og Store og Midtre Rauddalseggi
Slettmarkpiggen sett frå Slettmarkhøe
Nørdre (2137 moh) og Store Svartdalspiggen (2165 moh)
Mesmogtinden (2264 moh), Langedalstinden (2206 moh) og Kvitskardtinden (2193 moh)
Nørdre Slettmarkhøe (2086 moh) med Memurutindane og -breane og Surtningssui i bakgrunnen
Veslådalen og Gjende (984 moh)
Utsyn mot Nørdre Svartdalspiggen frå Store Svartdalspiggen
Store Knutsholstinden
Store Knutsholstinden, Austre Leirungstinden (2288 moh), Vesle Knutsholstinden (2205 moh) og Vestre Leirungstinden (2250 moh)
Vesle Knutsholstinden og Vestre Leirungstinden
Vestre Kalvehøgde (2208 moh), i framgrunnen kan Leirungskampen (2079 moh) skimtast
Mesmogtinden
Mesmogtinden og Langedalstinden
Søre Svartdalspiggen (2065 moh)
Slettmarkhøe
Langedalstinden
Gjende og Memurutindane/-breane
Pinakkel på Knutseggi
Nørdre Svartdalspiggen
Hellerfossen og Semeltinden
Storådalen, med Svartdalspiggane, Slettmarkhøe og Slettmarkpiggen i bakgrunnen
Hellertjørnet (1275 moh) og Skardalseggi
Langvasshøe (2030 moh) og Visbretinden
Skardalseggi og Skardalstinden
Austre Rauddalstinden
Langvatnet (1368 moh) med Store Knutsholstinden og Svartdalspiggane i bakgrunnen
Midtre Høgvagltinden med søre del av Høgvaglbreen nedanfor
Skardalstinden
Langvatnet og Semeltinden
Midtre og Store Rauddalseggi
Utsyn mot Skardalseggi frå Skardalstinden
Langvasshøe, Visbretinden, Visbreen og Semelholstinden (2147 moh)
Austre Rauddalstinden, med Hurrungane, Store Rauddalstinden og Gravdalstinden i bakgrunnen
Midtre Høgvagltinden (2066 moh), med Smørstabbtindane i bakgrunnen
Vestraste Rauddalstinden (om lag 1930 moh) sett frå Storutladalen
I skogsterreng mellom Storebrui og Skogadalsbøen
Frå Øysteinbøen mot Storebrui. I bakgrunnen Friken (1503 moh)
Utladalen sett frå Guridalen
Vetle Utladalen i lett regn