ringsdalen - lavskar - turtagrø 4. juli 2004

Søndag og veldig tidleg opp for å henge meg på turlaget sin tur opp og ned i Hurrungane. Det vart ein lang, men også vanvittig flott dag på brear mellom høge fjell. Avmarsj i nydeleg ver klokka ni oppover Ringsdalen. Etter å ha vandra eit par kilometer vart Ringsdøla steingått. Vidare var det eit lettgått parti før det brått vart mykje ur. Den vetle kneika rett før breen var grei å kome seg opp på snøfonna som framleis låg der.

Det vart ein god pause til å få i seg mat og drikke før sele og tau måtte på. Opp mot Ringsskar var eg veldig glad for at eg ikkje var turleiar/kjentmann og dermed tvungen til å gå først. Grunnen til det var enkel: nysnø i store mengder. Våt nysnø, 20-30 cm...

I Ringsskar fekk me eit flott utsyn mot Morka-Koldedalen med Hjelledalstinden og Falketind som dalvoktarar. Vidare runda me Austre Ringstinden og fann ein veg ned det vetle brefallet sør for toppen. Ruta opp Lavskar var vanskeleg å ta feil av, ei samanhengande snøfonn som gjekk på skrå opp til venstre frå breen.

Det var relativt bratt opp Lavskar, rundt 40 grader på det brattaste og med "berre" øksa som sikring gjekk det roleg og sikkert oppover. I tillegg var det utruleg varmt. Heilt vindstille og sol er nok ikkje vanleg i desse traktene. Vel oppe vart me løna med ei nydeleg utsikt. Storen rett i mot med ein solid dæsj nysnø var rett og slett vanvittig rå. Eg må visst opp der ein gong. Mest truleg ikkje i år, men opp skal eg. Jepp.

Utsynet vart nytt vel og lenge, litt sjokolade og saft vart det tid til òg, før me byrja å søke etter farbar veg vidare. Det var nok like bratt på austsida som det var på vestsida. Ned er det alltid litt vanskelegare å fota seg, dermed brukte me mykje meir tid. Eit lite byks midt nedi skråninga var òg med på å få opp pulsen litt. Opp og ned Lavskar brukte me nærare tre timar, men her er det inkludert mykje pausar.

Midtmaradalsbreen var berre flat og keisam og sidan det byrja å regne vart det lite å sjå på òg. Storen forsvann i skydekket og det vart ein relativt kjapp matpause på Bandet før me sette kursen nedover og heimover mot Turtagrø etter ein superb dag i Hurrungane.

PS: vel nede i Turtagrø, med ein Solo i handa, kom veret seg att og Storen viste seg nok ein gong over alt og alle...

Kart: 1517 IV - Hurrungane



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ringsdalen med Midtre Ringstinden (2025 moh) og Store Ringstinden (2124 moh)
Austre Ringstinden (2002 moh)
Store Ringstinden, Søre Soleibotntinden (2049 moh), Store Soleibotntinden (2083 moh) og Nørdre Soleibotntinden (2030 moh)
Vesle Stølsmaradalstinden (1993 moh) og Stølsmaradalstinden (2026 moh)
Store Midtmaradalstinden (2056 moh)
Lavskar (toppen av fonna som skrånar opp mot venstre midt i biletet), i bakgrunnen Store Skagastølstinden (2403 moh) og Styggedalsryggen
Søre Austanbotntinden (2103 moh), Store Austanbotntinden (2204 moh) og Midtre Ringstinden
På veg oppover mot Lavskar
Store Skagastølstinden
Maradalsryggen med Kjerringi (1938 moh) og Mannen (1950 moh) tvers over dalen, i bakgrunnen til høgre for ryggen er Sagi (2040 moh) og Uranostinden (2157 moh)
Toppkruna på Storen
... og så var det ned frå Lavskar til Midtmaradalsbreen
Det klassiske biletet av Skagastølstindane sett frå Turtagrø