glittertinden 23. juli 2000

Glittertinden er eit must for ein kvar vandrar. Høgda varierer med storleiken på fonna på toppen, men høgt er det uansett. Dermed var det ingen veg utanom for trioen som la i veg tidleg ein sundagsmorgon. Visdalen vart kjapt eit tilbakelagt stadie, Skauta vart hoppa og så vart det mykje stein. Glittertinden er jo eigentleg berre ei svær røys med ei snøfonn på toppen. Til topps kom me og utsynet var upåklageleg i alle himmelretningar. Nedatt gjekk det kjapt og så var det tid for eit bad i bassenget på Spiterstulen og litt mat. Burde vel boikotta eit basseng langt inne i fjellheimen, men har svak viljestyrke...

Kart: 1518 II - Galdhøpiggen og 1618 III - Glittertinden, evt. turkart Jotunheimen Aust (1:50.000)



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Då var me snart på toppen
100 meter til toppen og eit fantastisk utsyn
Visdalen
Vidt utsyn frå Glittertinden