gjendebu - eidsbugarden - gjendebu 16.-17. september 2006

Turen byrja eigentleg på fredagen, men den blir forbigått i det stille sidan den berre inneheldt oppmøte på Fagernes der Sigrid venta, biltur i så tett skodde på Valdresflya at den kunne skjerast med kniv, ein liten spasertur opp mot Veslfjellet medan me venta på båten, ein båttur til Gjendebu og niste og småtrim før middag.

Laurdag 16. september: Gjendebu - Sjogholsvatnet - Eidsbugarden
På betjent hytte og dermed opp og hopp tidleg for å få med seg frukosten før det var for seint. Det var å ta litt hardt i, me var sjølvsagt morgonfriske som alltid og entra matsalen alt klokka 8. Sekken på og avgårde rundt ni. Vegen gjekk over brua mot Vesleådalen og så strakt høgre langs stien på sørsida av Storåi.

Etter ein kilometer med slak stigning gjennom skogen var det så alt dags for dagens hardaste, tyngste, lengste og tøffaste motbakke. 450 høgdemeter i eit einaste bratt jafs, der hendene stundom måtte hjelpe til. Kan glatt innrømme at pusten gjekk tungt, men eg får skulde på tung sekk. Iallfall over 12 kg;-). Men me hadde no alt ein fin tur. Flott utsyn var det til dømes, både mot Storådalen, Gjende, Besshøe og Veslfjellet med Besseggen i det fjerne og tindeverda mellom Gjende og Bygdin.

Det gjorde godt å kome på toppen av Gjendetunga og kunne konstatere at den verste stigninga for dagen var gjort. Og om utsynet var flott under oppstigninga, var den enda betre på toppen. Artig å kunne sjå toppar rundt seg og vite at der har eg vore, der har eg vore, og der har eg vore, og jammen var eg ikkje der ein tur òg:-). Men heldigvis kan det vere vel så kjekt å vandre under og mellom toppane slik som denne dagen. Etter ein fin pause på toppen gjekk ferda vidare vestover. På sørsida av Grisletjørni fann me ein god rasteplass og det vart ein veldig god og lang matstogg her. Veret var strålande og med triveleg turfølgje hadde det ingen hast med å kome fram.

Men langt om lenge var det på tide å vandre vidare og første utfordringa vart å krysse elva frå vatn 1388. Det gjekk greitt og ikkje lenge etter kryssa me stien mellom Olavsbu og Vesleådalen. Me hadde til no sett ingen sidan me kryssa brua over Storåi ved Gjendebu og denne statistikken heldt seg framleis. Ingen å sjå, korkje til høgre eller venstre. Me gjekk no rett fram me då, og det vart difor litt motbakke på ok underlag. Utsynet mot austre delen av Rauddalen og Rauddalseggi var fint her. Me labba så over bandet og ned til DNT-stien mellom Vesleådalen og Mjølkedalen.

Kursen var framleis vestover (me var trass alt på langtur og snarvegen rett sør mot Gravafjellet og Bygdin var sjølvsagt uaktuell) og me luska oppover til Sjogholsvatnet. Elva var lett å steingå, men så kom eit par kilometer med tilnærma marerittgåing i storsteina ur i vasskanten. Det gjorde det ikkje betre at Sigrid var i betre form enn meg. Inga klaging frå meg sjølvsagt, berre ei indre forbanning på å henge i ryggen så det ikkje vart luke. Litt sjølvrespekt har eg no heldigvis. Men gubbanoa som eg sleit. Det var såleis vanskeleg i denne stund å nyte synet av Mjølkedalstinden og ikkje minst Sjogholstinden som eg hadde flotte turar på to år i førvegen. Men eg greidde det no litt, då eg greidde å stele til meg ein liten pustepause.

Så bar det oppover til me var på knappe 1600 meter og dermed på det høgste punktet denne helga. Me mista merkinga og stien litt (kom for langt sør), men brukte hovudet og leitte til me fann stien istadenfor å finne vår eigen veg ned. Då me kom ned til stidelet mellom Mjølkedalen og øvre Mjølkedalen og såg opp og attende, var det ganske opplagt at eit forsøk på å finne eigen sti hadde vorte eit særs risikabelt prosjekt.

No både såg og møtte me forresten andre vandrarar, for første gong på sju timar. Midt i Jotunheimen. Så lenge me går utanfor allfarveg er det altså mogleg å få gå utan at det renn ned med folk på alle baugar. Jaja, stundom kjekt å sjå folk, men også stundom kjekt å ikkje sjå andre.

No var det på tide å sikte på Eidsbugarden og Fondsbu. Me hadde trass alt vore ute i sju timar og framleis var det eit godt stykkje att. Rett aust for vatn 1436 passerte me ein liten bekk og eg nytta sjølvsagt høvet til ein pust i bakken ved å ta fram flaska og drikke litt/ein del. For det er ikkje til å skjule at Sigrid hadde langt høgare tempo enn eg tykte var passeleg der og då. Og det heldt fram ned til store Mjølkedalsvatnet. Heldigvis var det fint terreng og flott utsyn. Ein god rast ved stien vart det også tid til før me rusla opp dagens siste motbakke (ser vekk frå 5 meters-skråninga opp til Fondsbu). Ved informasjonsskiltet vart det nok ein liten pause, men berre for å nyte utsynet og for å ta nokre bilete. Utsynet mot vatnet, breen og omliggande tindar er berre fabulous.

Så var det å tusle dei siste metrane opp og over kanten og der nede låg Bygdin og Eidsbugarden. Fint terreng å vandre i nedover, myrpartiet var for ein gongs skuld greitt og som vanleg vart det grusveg den siste biten bort til hytta. Ein god middag og muskeltøying etterpå var det på tide å sovne. Ingen rom ledige på hytta, men sovesalen var eit godt alternativ. Veldig godt faktisk, me fekk sovesalen for oss sjølve. Altså ingen snorkarar å ergre seg over, ingen natteranglarar å irritere oss over eller tyskarar som skal opp før andre har lagt seg. Ok, må såvidt nemne musikaren som vitja og underheldt på Fondsbu denne laurdagen. Sikkert flink fyr, men ikkje meg (eller Sigrid) imot om våre vegar ikkje vert kryssa fleire gonger i fjellheimen...

Søndag 17. september: Eidsbugarden - Vesleådalen - Gjendebu
Opp og hopp (same melodien som dagen før altså) og i frukostsalen klokka halv åtte. Om lag først altså og det var ein god frukost medan me ikkje kunne nyte utsynet. Morgonskodda låg tett, fuktig og kald, men sidan vermeldinga lova knallblå himmel, rekna me med at over skodda var himmelen blå. Avgarde rundt halv ni og framleis null sikt. Fint å gå langs Bygdin, men keisamt med lite utsyn. Den stille morgonen vart eit par gonger avbroten av lyden av skot frå sørsida av vatnet. Etter ein times tid byrja det å gå oppover og me kom etterkvart over skodda. Og der var det knall blå himmel og sol, og dermed var det på høg tid med klesskift.

Ruta denne sundagen skulle vere 100% på DNT-sti. Altså kartet i sekken og ingen hjernetrim. Men den første hjernetrimmen kom då eg skulle opp på brua over Høystakka. Av ein eller annan grunn var det surra tau på kryss og tvers av trappa slik at det måtte jobbast litt for å kome opp på brua. Tidleg på dagen dette så eg måtte difor opp på brua og nesten over før eg skjøna kvifor tauet var surra slik. Brua mangla nemleg den siste bordbiten... Seinare på dagen opplyste styraren på Gjendebu at det hadde skjedd dagen før og truleg hadde blitt fiksa etter me var der. Eg hadde lite lyst på å prøve eit lite stunt (sjølv om det sikkert hadde gått bra), så då vart det kjapp retrett og forsering av surra tau for andre gong på eitt minutt.

No var det å finne ein ok plass å steingå elva. Før Høystakktjernet fann me ikkje noko brukbart, men etter tjørnet kom me oss nokonlunde tørrskodde over. Sigrid meir elegant og tørrare enn meg, men det var no blitt ein vane. No var det berre å rusle opp til stien og fortsetje mot Gjendebu. Me passerte snart dagens høgste punkt, som var mellom Geithøi og Rundtom. Her vart det òg litt folksomt, iallfall med tanke på kor folketomt det var der me gjekk laurdagen.

Det var no på tide med litt mat i skrotten, men alle veldig gode rasteplassar var okkupert. Difor hamna me halvveges ned i Vesleådalen før sekkane vart lempa av og nista teken fram. Båten skulle ikkje gå før klokka seksten, så me hadde god tid. Det vart ein triveleg og lang pause. Så, etter den lange og trivelege pausen var det på med sekkane att og rusleturen nedover dalen heldt fram. Her var det fine haustfargar og det vart knipsa både eit og to bilete før me stod på tunet på Gjendebu. Framleis hadde me god tid og det vart då ein tur innom hytta for litt avkjølande is. Og med tider og stunder var det å tusle bort til kaien og båten og heimover etter ei hyggeleg helg i Jotneheimen.

Kart: 1517 I - Tyin og 1617 IV - Gjende



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Gjende (984 moh) sett frå oppstigninga til Gjendetunga
Utsyn mot Slettmarkhøe (2190 moh), Slettmarkpiggen (2164 moh) og Slettmarkkampen (2032 moh)
Gjende frå toppen av Gjendetunga
Storådalen flankert av høvesvis Skardalseggi (2159 moh) og Semeltinden (2236 moh)
Grisletjørni (1363 moh), med Sjogholstinden (2141 moh) kneisande i bakgrunnen
Rauddalen og Rauddalseggi (2168 moh)
Utsyn mot tindane mellom Gjende og Bygdin
Ved Sjogholsvatnet (1486 moh), Mjølkedalstinden (2137 moh) stikk opp i bakgrunnen
Ved stidelet øvst i Mjølkedalen, med Mjølkedalstjørni i bakgrunnen. Fjelltoppane bak i biletet er høvesvis Gravdalstinden (2113 moh) og Store Rauddalstinden (2157 moh)
Uranostinden (2157 moh), Langeskavlstinden (2014 moh), Mjølkedalsbreen, Sagi (2040 moh), Mjølkedalspiggen (2040 moh), Storegut (1968 moh), og Store Mjølkedalsvatnet (1340 moh). Toppen av Mjølkedalstinden er såvidt synleg over Storegut
Morgonskodde over Bygdin
Haust i Vesleådalen, med Gjende i bakgrunnen