falketind 6.-8. september 2002

Friluftsgruppa på NHH tok seg ein helgetur inn i Vest-Jotunheimen, med Falketind (2067 moh) som det store målet. Det vart ein keisam biltur fredag ettermiddag frå Bergen, me kom knapt fram før det vart mørkt. Dermed vart lavvoane sette opp på den fyrste og beste plassen me fann i nærleiken av parkeringsplassen inst i Koldedalen.

Av ymse årsaker kom me oss diverre litt seint avgarde laurdag, noko som gjorde at me fekk dårleg tid meir eller mindre heile dagen. Vatn 1291 gjekk greitt å passere, men det er nok verre når snøfonna ligg der. Bekken/elva som kjem ned til Andrevatnet frå breen var òg grei, men så byrja moroa/marerittet. Veret var ikkje på vår side denne dagen, det låg nysnø i fjellet om morgonen og det kom regnbyger med jamne mellomrom. Dette gjorde svaberga opp mot breen veldig sleipe og i det brattaste partiet lurde eg på kva eg dreiv med. Eit fatalt feilgrep og det ville vere det siste eg gjorde:-(. Eg kan gjerne innrømme at eg var ein smule skrekkslagen ved tanken på at eg skulle nedatt same vegen.

Stølsnosbreen var keisam, eigentleg berre ein transportetappe. Utsynet mot toppane rundt var og heller dårleg pga lågt skydekke. Dei siste tohundre høgdemetrane opp mot toppen var dagens høgdepunkt, lett og artig klyving i bratt ur dekka av eit par cm nysnø/sludd. Diverre vart det ikkje tid til særleg feiring på toppen, berre dei obligatoriske bileta. Nedatt gjekk det kjapt, iallfall til me nådde svaberga. Eg hadde gått og psyka meg opp den siste timen til den biten, noko som hjalp, eg gjekk iallfall rett ned den verste delen utan å nytte meg av tilbodet om sikring.

Med alle nede vart det eit kappløp mot mørkret. To kom fram tidsnok, eg og TK kom ti minutt for seint (medførte eit par-tre fall i ura), medan dei seks siste i tre kvarter datt over stokk og stein og elv i stummande mørkre med berre ei lita lommelykt som lyskjelde... Søndagen var det å pakke saman, kjøpe seg noko godt på Eidsbugarden (hotellet stengde for sesongen då me gjekk ut...) og køyre den lange vegen til byn.

Kart: 1517 I - Tyin og 1517 IV - Hurrungane, evt. turkart Jotunheimen Vest (1:50.000)



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg over bekken ved Andrevatnet (1227 moh)
Det var ein smule bratt og sleipt opp frå Andrevatnet...
Utsyn frå toppen mot Koldedalsvatnet (1177 moh)
Vesteggen på Falketind
Stølsnosbreen
Nordryggen opp på Falketind
Ein fortopp på Falketind sett frå vest