galdebergtinden og utsikten 2.-3. juli 2005

Etter ei vellukka helg i Rondane var det på tide å vitje Jotneheimen. Sommaren var ikkje heilt komen på Eidsbugarden, men det fekk no vere. Avmarsj vart ikkje før 12, som opplagt skuldast at eg først måtte kome meg opp på fjellet frå Sogndal. Veret var ok, men tendensar til at skydekket låg under toppane. Vått, men greitt å spasere bortover stien langs Bygdin. Bygdin som framleis vanta mykje vatn, men smeltinga var på høggir så det opna seg nok snart ei moglegheit for MB Bitihorn.

Etter drøye tre kvarter byrja stigninga oppover langs Høystakka og ein time etter start frå Eidsbugarden vart brua på toppen av vassfallet kryssa. No var det høveleg lett å sjå ruta vidare. Vestflanken på Galdeberget var stort sett snødekt frå 1500 moh, men snøen bar brukbart oppover skråninga. Eg hadde god tid så det var rom for å nyte utsynet, som diverre var avgrensa grunna skydekket.

Då eg kom opp på rundt 1950 byrja helv... Dei siste 700 metrane bort til toppen var prega av snø som ikkje bar ein kropp på 73 kg, snarare tvert om. Hadde det skjedd tidlegare på turen hadde eg vel snudd, men sidan eg var så nær var det ikkje tale om å snu. Etter langt om lenge og ny pers i gjennomtrakk til låret og livet opp, kom eg no til topps og kunne nyte nista og utsynet til Torfinnstindane og Galdebergtinden.

Dei siste metrane til topps hadde eg forresten prøvd å følgje nokre spor etter andre fjellfantar, men det var ikkje stort det hjalp. Tippar spora stamma frå ein gjeng som er å finne på fjellforum.net, dei hadde iallfall vore oppe nokre dagar tidlegare.

Då eg byrja å bevege meg nedover, med like lite forståing i dei øvre snølag, letta veret ein smule og det vart høve til biletknipsing i nokre himmelretningar. Kjekt å sjå att litt av fjella eg kravla på sist sommar. Då ein god halvtime, med banning og det som verre er, var gått frå toppen, var platået gjennomtrakka og eg kunne skreie nedover før det vart ein fin spasertur bort langs Bygdin. Her var det no klart for fjellfest og ein fin kveld på tunet.

Eg hadde eigentleg litt planar for søndagen òg, men snømengdene gjorde at det i realiteten ikkje var 2000-metertoppturmoglegheit på meg. Iallfall ikkje til fots. Det vart difor med ein roleg spasertur opp til Utsikten der utsynet kunne nytast mot Jotneheimen og Eidsbugarden.

Kart: 1517 I - Tyin



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Vestflanken på Galdeberget var framleis stort sett snøkledd
Slettmarkkampen (2032 moh) og Slettmarkpiggen (2164 moh) som eg vitja i fjor
Utsyn austover Bygdin frå toppen
Platået vest for Galdebergtinden, med Bygdin i bakgrunnen
Bygdin, med Hjelledalstinden (1989 moh), Falketind (2068 moh) og Stølsnostinden (2074 moh)
Store (2168 moh) og Midtre Rauddalseggje (2016 moh)
Fondsbu og hotellet på Eidsbugarden
Uranostinden (2157 moh), Sagi (2040) og Uranosbreen