store dyrhaugstinden 28. juli 2003

Store Dyrhaugstinden er det høgste punktet på ein fin rygg som er mest kjend for Tinderittet i byrjinga av mai kvart år. Ved toppen er det noko utsett, elles er det ein grei tur frå Turtagrø. Eg byrja med å følgje stien innover Skagadalen til like nedanfor bekkeinntaket. Her kryssa eg bekken og sikta meg inn på Nedre Dyrhaug. Oppover her vart det veldig vått i terrenget og eg bestemde meg for å gå nedatt via Ringsdalen. Vidare var det berre å fylgje ryggen, veldig vanskeleg å gå feil her. Øvst på ryggen, ved om lag 2000 moh smalnar det verkeleg av. Eg valde her å følgje egga bort til toppen, noko som var luftig til tider. Eit alternativ ville vere å gå litt nede i sida til høgre, eg såg nokon vardar der innimellom iallfall. Det var kanskje godt varda nede i sida, men det var vanskeleg å sjå sidan det var tett skodde.

På toppen var sikten framleis elendig, det vart ein lang pause i von om betre utsyn. Diverre vart det ikkje noko betre, planen om å gå bortom Søre Dyrhaugstinden vart då skrinlagd. Attende egga gjekk eg om lag same veg, med unntak av eit parti der eg feiga ut og gjekk litt ned i sida nokre meter. Der gjekk eg meg sjølvsagt nesten fast, men det gjekk som alltid bra:-). Ikkje før eg var komen av egga og var på toppen av ryggen byrja det å snø og blåse. Kompasskurs vart teken, men etter nokre minutt letna det. Nedover gjekk det heller seint, eg hadde god tid og veret var ikkje så vonlaust meir. Faktisk letna det såpass ei lita stund at eg såg toppen av Storen. Siste biten ned til Turtagrø gjekk på vegen etter ein tur bortom bekkeinntaket i Ringsbotn.

Kart: 1517 IV - Hurrungane



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Varden på Store Dyrhaugstinden (2147 moh)
Skagastølstindane
Midtre Ringstinden (2025 moh), Store Ringstinden (2124 moh) og Store Soleibotntinden (2083 moh)
Midtre Ringstinden
Store Ringstinden