besseggen og russdalen 13.-14. mars 2004

Vermeldinga var tidleg i veka glimrande, onsdag byrja ting å skje og fredag såg det rett dårleg ut. Vel, på Gjendesheim var no både eg og Tormod laurdag morgon og tur vart det. Høgre skisko såg alt i starten ut til å miste tuppen, og verre skulle det bli. Dagens mål var Besshø, men då me kom i austenden av Bessvatnet var sikten laber og vinden sur. Me endra turopplegg og gjekk vestover Bessvatnet. Det byrja etterkvart å letne og då me kom til Bandet var det rett så triveleg. Sol og om lag vindstille. Her vart det ein god pause og den einaste fotograferinga for dagen. Vanvittig flott utsyn mot Gjende og tindane rundt.

Besseggen var artig å prøve seg på vinterstid. Det gjekk overraskande greitt, men eg ville vore noko skeptisk til å gå motsett veg (ned) vinterstid. På Veslfjellet var det mykje stein og skodde og lite snø. Resten av dagen vart ei salig forbanna blanding av stein, snø og øydelagd skisko, men det greidde ikkje å øydeleggje gleda over ein flott tur opp Besseggen.

Sundagen vart noko hektisk då ein i tillegg til å gå tur, skal kome seg heimover. Eg fekk lånt meg nokre skisko på Gjendesheim før me hoppa inn i bilen og kom oss til Heimsand. Målet var Nautgardstinden, men etter ein drøy time skjøna me at tida truleg vart for knapp. Då kunne me heller nyte dagen før den lange vegen heim.

Kart: 1617 IV - Gjende, 1618 II - Sjodalen og 1618 III - Glittertinden. Turkartet Jotunheimen Aust kan òg nyttast.



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Bandet under Besseggen
Tormod beundrar utsynet, Knutshøe (1517 moh) i bakgrunnen
Vestover Gjende
Heimover Russdalen.