revsjøen - liomseter - storkvelvbu - revsjøen 29. sept - 1. okt 2006

Fredag 29. september: Revsjøen - Liomseter
Innom jobben på Hermansverk først og dermed seint avgarde. Møtte Sigrid på Gjøvik og opp til Gausdal bar det. Parkerte ved Revsjøen slik passe seint og me skjøna kjapt at det ville bli mørkt før me kom oss til Liomseter. Terrenget var flatt (for ein vestlending), med ei myr her og der. Nedre Revsjøen vart passert på vestsida medan skumringa kom for fullt. Me måtte fram med hovudlyktene, men med kombinasjonen svak merking og ope og delvis vått terreng tok ting tid. Fram og ned, for det gjekk nedover på slutten, til Liomseter kom me no og fekk ei hyggeleg mottaking med spørsmålet kor tid vil de ha mat? Men så mykje meir enn vask og middag vart det ikkje før soveposen kalla denne kvelden.

Laurdag 30. september: Liomseter - Storkvelvbu
Flott dag i haustfjellet som var prega av rypejegerar. Rimet låg på bakken (kor elles?) då me rusla avgarde for å finne oss ein frukostplass. Denne dukka rimeleg kjapt opp i ein lysning i skogen, men det var noko kjølig. Haustsola varma ikkje mykje så tidleg på dagen. Det gjekk jamt oppover i nordhellinga av Brennfjellet med vidt utsyn mellom anna mot Nedre Revsjøen som me gjekk ved eit halvt døgn tidlegare. Lite folk i fjellet, men me høyrde no jegerane stundom. Stien runda etter nokre timar nordover, me passerte eit gjerde, me kom inn i skodda og så var hytta der. Med jegerar og hagler og hund. Men det vart ein triveleg kveld. Og det vert lenge til me skal ha hermetikk-kjøtkaker på menyen att.

Søndag 1. oktober: Storkvelvbu - Revsjøen
Det var godt å sove og hytta var tømt for folk før me kom oss opp. Jaja, me åt frukost, rydda hytta og kom oss ut. Traff sjølvsagt nokre haglefolk nedanfor hytta, men kva gjorde no det. Roleg tur denne dagen, berre ned og bort til bilen. Me såg hytta nesten heile vegen ned til Nedre Revsjøen. Ein hyggeleg tvangspause var det sjølvsagt tid til før nok ei fin turhelg var over.

Kart:



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Liomseter
Morgonstemning ved Liomseter
Haustfargar i fjellet
Utsyn mot Nedre Revsjøen (980 moh)
Fleire haustfargar i fjellet
Storkvelvbu
På veg til bilen med utsyn mot Øvre Revsjøen (981 moh)