hyttevakt på torehytten 19. juli - 4. august 2002

Dette var mi tredje hyttevakt for DNT OA og den andre på Torehytten. Det er ikkje så mykje å fortelje om frå sjølve vakta, det kan vel nemnast at Torehytten levde opp til ryktet; Mykje folk i høgsesongen...

Fritimane midt på dagen gjekk med til ymse turar i nærområdet, Hårteigen (1690 moh) vart vitja fem vender. To av vendene gjekk eg opp på sørsida, dette er ein noko luftig klyvetur, men mykje artigare enn normalvegen. Normalvegen på austsida var elles grei å kome opp denne sommaren, sidan snøfonna var lita (smelta heilt bort tidleg i august). Hårteigen er elles det tredje høgste fjellet på Vidda.

Ruta inn til hyttevakta: Tyssedal - Tyssevassbu - Torehytten (to dagar)
Eg var tvilsam til at DNT OA ville betale ei drosjerekning, dermed vart det til å bruke beina dei seks-sju kilometrane opp til Skjeggedal frå Tyssedal. Det var mykje gode markjordbær langsmed vegen her. Mågelibana (trallebana) gjekk ikkje på torsdagar denne sommaren, dermed måtte eg gå opp frå Skjeggedal til Topp. På Topp var klokka blitt nesten 14 (dagen byrja med buss og båt frå Bergen til Tyssedal) og ifylgje kartet var det no turen byrja (seks-sju timar gåtid ifylgje DNT). Normalt kjem ein seg jo til Topp med bil og bane... Jaja, veret var jo strålande, så det var like greitt å nyte solstrålane utandørs.

Turen frå Topp til Tyssevassbu tykte eg eigentleg var keisam, det var mykje snø (visstnok ekstremt lite snø for årstida ifylgje dei lokale heltane) og mykje stein. Kvitt og grått med andre ord. Ei alternativ rute ville vore via Reinaskorbu, men eg visste ikkje at denne ruta var merka. Den ruta gjev nok eit nydeleg utsyn til området rundt Ringedalsvatnet, i tillegg er det mogleg å ta ein tur bortom Trolltunga.

Turen vidare til Torehytten vart noko meir interessant. Det skuldast vel to høve, at det etter eit par timar vart grønt og Hårteigen som kneisa mot himmelen.

Ruta ut frå hyttevakta: Torehytten - Lofthus
Utreisa måtte skje på ein dag, det skuldast at eg skulle til Rondane når eg kom heim. Dermed måtte ein buss kl 1805 nåast nede ved Sørfjorden. Veret var nok ein gong strålande og eg fekk ein strålande dag i fjellet. Det er langt til Lofthus frå Torehytten (11 timar gåtid), men med tidleg start gjekk det greitt å nå bussen trass i noko dehydrering dei siste timane.

Kart: 1315 I - Ullensvang, 1315 II - Ringedalsvatnet, 1415 III - Hårteigen. Turkartet Hardangervidda (1:100.000) kan òg nyttast

Innreise: Utreise:
 

bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Oppover øvste delen av ura normalvegen opp på Hårteigen
Ura sett frå toppen av kløfta
Ura sett frå botnen (altså frå stien mellom Torehytten og Litlos)
Hårteigen, Torehytten og Øvre Solvatnet (1320 moh)
Utsyn mot Litlosvatnet (1172 moh) og Kvennsjøen (1167 moh)
Hårteigen sett frå Grytenuten
Sørsida av Hårteigen
Hårteigen sett frå sørvest (Hårteigshæane)
Kveld ved Øvre Solvatnet og Hårteigen
Mot Viersdalen frå Solnuten. Grananutane (1613 moh) kan sjåast øvst til venstre
Nedre Solvatnet
Vatnet renn fritt mellom Øvre og Nedre Solvatnet
Vatn
Føremiddag ved Øvre Solvatnet
Kinsekvelv med Kinsevatnet (1183 moh) og Veivatnet (1172 moh) i bakgrunnen
Austdalsvatnet/Nedsta Onkjelsvatnet (1197 moh)
Utsyn frå Viersdalen mot Hårteigen
Ved Hadlaskard i Veigdalen
Tidleg morgon ved Øvre Solvatnet
Ei flott bru over Breiåna
Steintrapp ved Myrtakleiv
Frå Myrtakleiv mot Kinsevatnet (940 moh) og Fodnastølsvatnet (958 moh)
Ullensvang og Lofthus sett frå Nosi
Utsyn mot Folgefonna