liset - viveli - stavali - kinsarvik 7.-9. september 2001

Lang helgetur på den nordvestlege delen av Hardangervidda. Me var ti stykkjer frå Fjellgruppa ved Norges Handelshøyskole (NHH).

Fyrste dagen frå Liset til Viveli vart noko blaut. Mykje myr til å byrje med, i tillegg kom det litt vatn ovanfrå. Likevel var det kjekt å få liv i føtne etter ei veke med førelesingar. Relativt tørr leirplass fann me òg, lavvoen krev sitt når det gjeld areal, men det gjekk greitt den fyrste kvelden.

Laurdagen byrja litt kjipt, to av deltakarane fann ut at dei måtte trekkje seg, dei vart dermed tildelt kart og fortalt den kortaste vegen til Eidfjord. Det var heldigvis berre ein time til den næraste vegen (Hjølmodalen). Etter dette kunne det berre bli betre. Veret var greitt, me fekk sjølvsagt snø og vind då me skulle ha lunsjpause, men det sette berre ein spiss på ein fin dag. Ved Lonavatnet vart ei moltemyr overfalt, me lyt vone den ikkje fekk varige mèn. Å finne leirplass ved Stavali tok litt tid, men me enda til slutt opp på det som nok er den vanlege teltplassen, det såg iallfall slik ut. Middagen var som vanleg velsmakande, seinare på kvelden vart eit slags bål fyrt opp så me fekk varma oss litt før me slokna i soveposane.

Sundagen var annonsert som den beste dagen, vermeldinga var særs lovande før me reiste og me skulle gå langs Kinso og sjå alle dei flotte fossane. Båe delene slo til så det song, alle var glade og me kunne sove på ekspressbåten og i bussen heimatte etter ein kjempetur.

Med på turen: Thomas, Marion, Sigrid, Kjell Arild, Mikael R., Mikael S., Kjetil, Marius, Vegard og Ørjan

Kart: 1315 I - Ullensvang og 1415 IV - Eidfjord



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Viveli
Haust ved Lonavatnet
Nedover mot Stavali og Grøndalsvatnet
Stavali
Søtefossen
Utsyn nedover dalen frå Reinsbrekkene
Nykkjesøyfossen
Nykkjesøy
Husedalen mot Kinsarvik
Nyastølfossen