hyttevakt på hellevassbu 29. juli - 19. august 2001

Etter å ha tenkt tanken nokre år var det tid for handling. Studiane nærmar seg slutten og skulle eg nokon gong vere hyttevakt var nok denne sumaren det beste høvet. Søknad vart sendt, eg var på kurs og fekk tildelt hytte. Veke 31-33 skulle eg og Nikolaj (ein danske som var på same kurs i Nordmarka, men som eg elles ikkje kjende) vere på Hellevassbu på Hardangervidda. Til opplysning: ingen av oss hadde nokonsinne vore der tidlegare. Løna for ei fyrstegongsvakt er hundre kroner dagen i tillegg til fri kost og losji.

Det vart tre flotte veker. Veret var ikkje det beste, berre ein knallbra dag, då var temperaturen over 16 grader. Elles var det ingen dagar over ti... Me hadde fem-seks dagar med skikkeleg dretver der overnattingsgjestene var rimeleg blaute då dei kom seg til hytta.

Gjestene var i 95% av høva av det rett så trivelege slaget, dei siste fem pratar me ikkje om... Det var mykje nordmenn fram til skulen byrja i midten av august, den siste veka var det relativt mange utlendingar på hytta. Av nasjonalitetar som var innom hytta medan me var der finn me: nordmenn!, svenskar (ekstremt få, berre eit par-tre), danskar, nederlendarar (det krydde ei stund), tyskarar, belgiarar, engelskmenn, franskmenn, ein israelar, sveitsarar, austerrikarar og amerikanarar. Alle har sin stil:-). Fyrste to vekene var det i snitt tjue overnattande, medan det siste veka var rundt ti.

Då me var to gjorde det dagsturar litt lettare, det burde jo vere nokon på hytta då folk dukka opp utover ettermiddagane. Nikolaj var til Hårteigen (1690 moh) ein dag, det er mellom 55 og 60 km t/r! Han var ufatteleg heldig med veret denne dagen, så utsynet vart særs bra då han kom seg til topps. Langturen min gjekk til Litlos, dermed vart det ikkje meir enn 35 km t/r (eg gjekk heimatt via Bjønnaskallen (1565 moh)). Elles var me på Buanuten (1467 moh), Simletind (1511), Vassdalsegga (1576 moh) og Ostanuten (1405 moh). Dagsturen til Litlos vart nytta til å få litt onnor mat, sekken vart fylt med kjeks, sjokolade og brød. Sjeldan har vel nokon gått så langt for så dyrt brød... 35 km for eit brød til 45 kr...

To dagar før heimreisa stod Sandfloegga (1721 moh) framleis att på lista vår. Veret var ikkje så bra, men me måtte opp. Toppen er trass alt den høgste på Hardangervidda sør for Jøkulen. Til topps kom me, men for eit ver. Totalt gjennomblaute var me for lengst vortne, og veret på toppen: -4 grader, tett skodde (me såg ikkje toppvarden som er to meter høg før me var tredve meter frå), snø/slaps/regn og veldig sterk vind.

Fyrste veka var det mykje villrein ved Hellevassbu, for det meste måtte dei sjåast på langt hald, men ein dag, på veg til Buanuten snubla eg over ein flokk på i overkant av hundre dyr. Det tok nokre sekund før dei vart var meg, så eit par bilete vart det (sjå nedanfor). På same turen traff eg rev, i tillegg til at ein svær fugl, mest truleg ørn av eit eller onnort slag, krinsa langt over meg (kongeørn ifylgje ein som truleg såg same fuglen). Elles såg me nokre lemen og mus budde det sjølvsagt i hytta (dei var tildels særs nærgåande). Nikolaj var veldig oppteken av å få med seg eit gevir heimatt til Danmark og det skulle vere eit skikkeleg gevir. Me fekk eit tips av nokre lokale hyttefolk og på andre leitinga vart det suksess. Dansken smilte resten av opphaldet på Hellevassbu:-)

Sjølve vakta gjekk veldig kjapt, me hadde i teorien berre ei plikt: sjå til at alle gjestene skreiv seg inn i gjesteboka. Elles skulle me rettleie og hjelpe viss det var spørsmål. Det vart sjølvsagt til at me òg tok oppgåvene gjester som overnattar fleire netter på sjølvstellshytter har. Dette var blant anna koking av tørkehandkle, støvtørk, vask av ruter og utedo:-) og vedbering.

Ein normal hyttevakt dag for Ørjan og Nikolaj på Hellevassbu sumaren 2001:

6-7: dei fyrste gjestene står opp, medan eg og Nikolaj ligg og slumrar og vonar at den andre står opp

7-9/10/11: gjestene vaskar og ryddar etter seg og går så til Litlos/Haukelisæter/Middalsbu. Eg var positivt overraska over kor lett det var å få alle til å vere med på fellesdugnaden om morgonen, eg hadde trudd det vart litt verre

10/11-14/15/16: småarbeid innomhus/dagstur/lesing av medbrakt litteratur, evnt. litteratur i bokhylla. Jepp, eg las samtlege årbøker som stod der, eg er i augneblinken ein guru på dei fleste bøkene frå 1940-70. Eg hadde heldigvis med meg ein disc-man slik at det vart noko å kople av med. Det var ein radio på hytta, men den vart kun nytta til nyhende (måtte spare batteri)

13-16: dei fyrste gjestene dukkar opp. Dette var veldig avhengig av veret, normalt tek det om lag fem timar å gå frå Litlos som er nærast av dei omkringliggjande hyttene. Var det fint ver, hadde det ikkje særs hastverk med å kome fram (det har det no uansett aldri, men det var ikkje alle som hadde skjøna dette)

16-22: gjestene stortrivst på kjøkenet og i stova. Proviantlageret var ikkje mykje å skryte av, det hadde vore langt fleire innom i år enn til vanleg. Mange hadde no uansett med seg middagsmat, andre gjorde det beste ut av det. Så vonlaust var det jo ikkje berre ein såg godt etter. Stemninga (volumnivået) i stova varierte sjølvsagt etter kor mange nasjonalitetar det var der (nordmenn snakkar helst norsk), i tillegg hadde god drikke noko å seie:-). Det heile føregjekk i sømelege former, det er måte på kva folk ber med seg langt inn i fjellheimen

22-23: hytta går til ro, iallfall etter kvart. Dei fleste er merkeleg slitne og trøytte...

Kart: 1414 IV - Haukelisæter (for ruta Haukelisæter - Hellevassbu)



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Haukelisæter
Beitande hestar på Hellevassbu
Ein villreinflokk som eg traff på ein føremiddagstur til Buanuten, dei såg ikkje meg før eg såg dei sidan eg hadde vinden imot. Før dei fekk seg summa seg og lagt av garde, fekk eg summa meg til å rive opp knipseapparatet og forevige augneblinken
Ein villreinflokk som har det travelt
Ostanuten
Hårteigen i det fjerne
Litlos
Sandfloegga
Ein vanleg hyttevaktdag for Nikolaj:-)
Mat kunne ein plukke rett utanfor døra
Nikolaj er ein stolt dansk klatrar på toppen av Sandfloegga
Tørkerommet vart ofte nytta
Mathylla på kjøkenet
Hellevassbu
Kjøkenkroken i sikringshytta
Luksusmåltidet siste kvelden
Nikolaj på veg heim med geviret på sekken