finse - haukeliseter 31. mai - 3. juni 2002

Skitur med Tormod frå nord til sør på Hardangervidda

Dag 1: Finse - Kjeldebu
Grei dag i fjellet, ein del overvatn (torde ikkje å kryssa Finsevatnet) dei fyrste kilometrane frå Finse, men så kom føret seg. Det var noko av vinterkvistinga som framleis var synleg så det var lett å finne rett veg (sjølv om turkartet hadde feil kvistemerking). Ved Kjeldebu møtte me ei elv som var litt for stor og ei bru som ikkje var lagt ut for sommaren. Dermed vart det vading opp til livet, men alle klede vart tørre til neste dag.

Dag 2: Kjeldebu - Sandhaug
Mitt livs verste dag på ski i fjellet. Det einaste positive var at det var strålande ver (det vart nesten negativt det òg sidan det var fòr varmt til å gå). Det var slik eg følte det då me kom til Trondsbu ut på ettermiddagen. Turen frå Kjeldebu hadde då vore eit fem timar langt samanhangande mareritt med skia av og på kvart andre minutt. Eg trudde eg var førebudd på at det kunne bli slik, men det var eg nok ikkje likevel. Ein lang pause på Trondsbu gjorde heldigvis godt og dei to mila vidare til Sandhaug vart ikkje så tunge som eg frykta. Elvene var greie å passere og det var relativt bra med snø. På Trondsbu møtte me forresten dei to einaste personane me såg på heile turen (med unnatak av bilane som køyrde forbi då me kryssa rv 7). Sjølstellshytta på Sandhaug var ikkje ei oppleving som bør hugsast, siste person innom hadde skrive fylgjande bak namnet sitt i protokollen: "no food left!" og det verste var at det var sant. Me fann ein pose med potetstappe og litt pastaskruar, men vart ikkje akkurat mette. Dermed måtte ein del av snopet etast tidlegare enn planlagt for å gå mette til sengs.

Dag 3: Sandhaug - Hellevassbu
Ein spanande dag på Vidda. Det var heilt naudsynt med kryssing av somme dalføre og kryssinga laut skje på isen. Førerapportane før me la ut var litt sprikande, men Bergen Turlag ynskte oss no god tur med eit skeivt smil. Isen var nokonlunde grei på Nordmannslågen ved Sandhaug, men me hadde då heller ikkje venta dei store vanskane her (det er dessutan ei heilårsbru fire km aust for Sandhaug, men det ville jo vere ein omveg). Vegen vidare gjekk rett sør langs ein traktorveg til Hansbu i Kvenndalen. Her var det me venta dei største vanskane på heile turen og ved Hansbu var det då heller ikkje mogleg å kome over sidan elva hadde gått opp. Me kunne sjølvsagt tjuvlånt ein av båtane og rodd over, men hadde bestemt oss for at det var absolutt siste utveg. Midtra Krokavatnet fire km vest for Hansbu vart redninga, men me var så absolutt skeptiske til isen. Deretter gjekk me over til Øvsta Bjørnavatnet og vidare til Hellevassbu.

Dag 4: Hellevassbu - Haukeliseter
Ein strålande dag og to flotte mil ned til Haukeliseter. Avgarde tidleg for å vere sikre på å nå bussen, i tillegg vona me det ville gje oss skarpare føre nedover langs Borda. Det gjekk så det suste (skuldast ikkje føret, men truleg at me hadde overskot etter ein betre middag kvelden før) og pausar måtte leggjast inn for at me ikkje kom for tidleg fram. Det var bra med snø heile vegen og isen heldt på alle vatna, så skia vart ikkje tekne av/på så mange gonger før det var slutt i skråninga over Haukeliseter og Ståvatn.

Generelt:
Føret var blautt heile vegen, me prøvde knapt å smøre sidan vasski truleg var det beste mange stader. Snøen var uansett så blaut allereie tidleg på dagen at det var godt feste både oppover og nedover. Sola steikte som juling dei tre siste dagane, noko som ga visse Mette-Marit/Haakon-tendensar. Isen var i ferd med å gå mange stader, men me kjende oss relativt trygge (kan aldri vere heilt trygg) på alle dei vatna me gjekk over (det var sjølvsagt mykje overvatn). Det same galdt snøbruene på elvene. Ulempene med vatna/elvene/manglande snø medførte at det vart lange dagar og mykje kartlesing. Turen burde nok vore gått fjorten dagar tidlegare, men eksamenar sette ein stoggar for det. Når det er sagt, i ei av hyttebøkene stod det om nokre som eit år hadde starta frå Tyin 18. juni og gått til Haukeliseter. Vadinga me hadde ved Kjeldebu hadde vorte ein liten parantes i deira turreferat...

Kart: 1414 IV - Haukelisæter, 1415 I - Bjoreio, 1415 II - Nordmannslågen, 1415 III - Hårteigen og 1416 II - Hardangerjøkulen. Turkartet Hardangervidda (1:100.000) dekkjer heile turen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Søre Kongsnuten på nordaustsida av Hardangerjøkulen
Kjeldedalen med Hardangerjøkulen bakanfor
Den austlege delen av Hardangervidda er ikkje særs kupert akkurat...
Stølsgrenda Hansbu i Kvenndalen
På veg over Midtra Krokavatnet i Kvenndalen. Isen er framleis nokonlunde trygg, men det er ein del overvatn
Tormod på veg ned på Nedre Hellevatnet med Sandfloegga (1721 moh) som kulisse
Nupsegga sett frå Mannevatn
Haukeliseter