hallingskeid - finse og jøkulen 23.-24. april 2004

Roleg tur i fint ver.

23. april: Hallingskeid - Finse
Ok ver då eg gjekk av toget inne i snøoverbygget... Ute snøa det, men det var i ferd med å lysne. Dei andre som hoppa av toget skulle bli på Hallingskeid, men eg hadde tenkte meg over til austsida av vass-skiljet. Ruta var enkel å følgje då det er kvista her, i tillegg kan ein bruke Bergensbanen som haldepunkt. Då Jøkulen var målet dagen etter hadde eg ikkje lyst å grise til skia med klister. Naudløysinga vart då feller. Dette var relativt tungt på det tråe føret. Spesielt då sola byrja å ta verkeleg godt tak. Det var brukbart med snø og overvatn var ikkje noko problem.

På veg over Låghellervatnet vart det god tid til å nyte utsynet mot Vargebreen. Kanskje vert det ein sein vårskitur frå Aurlandsdalen til denne breen som når over 1700 moh? Etter ein sju-åtte kilometer med slake motbakkar og vatn, kom eg opp på vass-skiljet som då òg naturleg nok var det høgste punktet for dagen. Her var det endeleg av med fellene, men det gjekk jammen treigt nedover likevel. Nokre ferske ski- og scooterspor hjelpte på nedover og eg kom no fram til Finsehytta etter ein fin tur som tok meg fire og ein halv time. På Finse var det førebuingar til Skarverennet som stod i fokus, men eg fekk meg no ei madrass til slutt.

24. april: Finse - Jøkulhytta
Det hadde vore kaldt om natta, slik at det hadde frose godt på. Dette gjorde føret hardt og godt i bakkane oppover mot Jøkulen. Ved Appelsinhytta vart det tid til ein pause, medan eg funderte over kor kjekt det var å gå her sjølv om det ikkje var 17. mai. Middalsbreen såg veldig snill ut som vanleg før det vart brattare att. Eg hadde gløymt kor tungt det kunne vere den siste kneika opp mot hytta, men så lenge ein går oppover, kjem ein til slutt opp.

Utsynet frå hytta var strålande, Hurrungane var lett å skilje ut i nord, sameleis med Gaustatoppen i søraust. Det vart ikkje diverre tid til å gå bortom sjølve toppen då eg hadde eit tog å rekkje (NSB er faktisk presise når dei ikkje bør vere det). Nedatt var det kjipt dei par første hundre høgdemetrane, men frå Middalsbreen vart det berre herleg. Toget vart nådd med god margin (hadde nok hatt tid til ein tur på toppen likevel), fekk faktisk med meg starten på konkurranseklassen på Skarverennet. Dei hadde litt større tempo enn eg er vand med... Då eg hoppa på toget var himmelen ikkje lengre blå og vinden var sur, så det var ein godt tima slutt på ein kort, men fin tur.

Kart: 1416 II - Hardangerjøkulen og 1416 III - Myrdal



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Hallingskeid
Høghellervatnet (1158 moh)
Utsyn nordaustover mot Moldådalen og Bergensbanen
Finse
Hardangerjøkulen (1863 moh)
Hurrungane. Store Skagastølstind (2403 moh) i midten
Hallingskarvet
Folarskardnuten (1933 moh) og Storeskuta (1905 moh) på Hallingskarvet
Middalsbreen og Bukkeskinnshjellane (1759 moh)