finse 2.-3. april 2005

Påsken var over og det var på tide med den første vårskituren. Den gjekk til Finse der det vart to dagsturar, ein kort og ein ikkje fullt så kort.

Laurdag 2. april: Klemsbu
Kom opp med toget midt på dagen og etter ein kjapp tur innom Finsehytta for å fikse overnatting bar det oppover bakkane over Bergensbanen. Veret var sånn ok, litt sol og litt skya.

Det var nokre brukbare småkneiker oppover, men det var no eigentleg ein fin tur til Klemsbu. Her vart det ein god pause der eg var så heldig å få dei siste vaflene som vart steikte denne dagen.

Tilbake til Finse gjekk eg ruta om Sanddalsvatnet. Det var mest for å få litt variasjon, men også litt fordi det var flatt lys og denne ruta var noko slakare.

Søndag 3. april: Hardangerjøkulen
Dette var hovudmålet for turen og det vart så visst ein fin dag. Noko kjølig oppover til Appelsinhytta og breen, men den alltid så bratte kneika opp til Jøkulhytta gjorde at sveitten pipla. På platået var det ein kald bris, så det gjorde godt med ein liten pause i ly av hytta.

Vidare bortover var det om å gjere å finne det høgste punktet, noko som gjekk greitt i godveret. Det var rimeleg langt over platået, men med eit fantastisk utsyn mot Skarvet i nordaust og Hårteigen og Vidda i sør gjorde ikkje det noko.

Eg hadde god tid til toget skulle ta meg heimover så eg leika meg forbi Dyrhaugane og til Ustekveikvatnet før eg sette kursen mot Finse att. Finsevatnet var noko keisamt og langt, men det gjorde ingenting sidan eg endeleg hadde vore til topps på Jøkulen.

Kart: 1416 II - Hardangerjøkulen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Klemsbu (1600 moh)
Finse
Finsehytta
På veg opp i kanten av Middalsbreen
Jøkulhytta (1765 moh)
Utsyn søraustover ved Ustekveikvatnet (1260 moh)