melderskin og baroniet 14.-16. september 2001

Langhelg med overnatting i lavvo i Rosendal. Me var ni stykkjer frå Fjellgruppa ved Norges Handelshøyskole (NHH).

Fredagen vart berre nytta til troppeforflytting og oppsetjing av basecamp i Rosendal. Dermed var alt klart for ei flott helg i flotte omgjevnader. Laurdagen var sett av som o store toppturdag, noko det sjølvsagt vart. Melderskin (1426 moh) gjev eit vanvittig utsyn i alle himmelretningar, blant anna kan du sjå Folgefonna, Ulvanosi og Hardangerfjorden på kloss hald. Turen opp går berre oppover, men stien er grei å finne (T-merka) og det går eigentleg fort opp:-). Sundagen vart meir ein kviledag, bussen gjekk slik passe tidleg på ettermiddagen, dermed vart det tid til ein liten tur. Me byrja med å ta Hattebergfossen i nærsyn før me spaserte ned til det mykje omtala baroniet. Her var det masse fint å sjå. Og så var det ein lang busstur der me fekk oss litt svevn før me avslutta med ein felles middag på Pastasentralen i Bergen.

Kart: 1214 I - Kvinnherad og 1215 II - Varaldsøy. Turkart Folgefonna - Hardangerfjorden 1:100.000 kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Rosendal og Hardangerfjorden
Den grøderike Muradalen
Det siste stykkjet mot toppen er lite spanande turterreng
Frå Melderskin mot Bjørndalstindane
Juklavasskruna (1434 moh) med Folgefonna bakom
Malmangersnuten (872 moh). I bakgrunnen ser du Ulvanosi (1246 moh)
Nok ein gong det nydelege utsynet mot Rosendal, omkransande bygder og Hardangerfjorden
Melderskinmassivet til venstre (toppen er ikkje synleg) og Laurdalstind (1307 moh) til høgre
Malmangersnuten tek seg flott ut frå Hestasletto der me overnatta
Hattebergfossen (iallfall noko av han)
Baroniet i Rosendal