lundebotnen - lundeskaret - sygnesand 26. august 2006

Laurdagstur i nytt område og då vart det sjølvsagt ein kjekk dag i indre Sundfjord.

Bilen vart parkert på parkeringsplassen ved Lundeelva og Fjærlandstunnelen. Me vandra avgarde med friskt mot oppover langs elva med utsyn opp mot Lundebreen som hang faretruande over oss. Lundeskaret synte seg snart over oss og det såg då ikkje så vanskeleg ut å ta seg opp der som det me hadde lese om. Meget lett såg det faktisk ut til å vere. Men det var fordi me trudde at stien gjekk i sjølve skaret. Det gjorde han ikkje. Så først var det på noko attgrodd sti aust for skaret, før me kryssa og vart verande på vestsida. Stort sett lett å gå, men somme småluftige stader (don`t fall here). Då det flata ut over skaret kunne me semjast om at Lundeskaret er noko oppskrytt, men utsynet var iallfall superb mot Lundebreen.

Me tok no att eit følgje som var på veg mot Marabreen og Bøyadalen. Dei tok heldigvis livet med ro, slik som seg hør og bør i fjellet ein fin laurdag i august. Lundeelva vart kryssa før me tok av frå den merkte stien mot Marabreen. Me sikta oss inn på Kinnaklypa som er vasskiljet mellom Kjøsnesfjorden og Gaularvassdraget. Lundeelva vart dermed kryssa for andre gong på tolv minutt då me måtte kome oss på vestsida av Trollavatnet.

Her er eg òg inne på grunnen til at akkurat denne turen vart valt denne dagen. Vassdraga rundt Kjøsnesfjorden skal byggjast ut for å gje meir pengar til eit bergenseigd kraftselskap og Trollavatnet skal få ei reguleringshøgd som er 15 meter høgare enn i dag. Altså skal det byggjast ein diger demning i Jostedalsbreen nasjonalpark. Jippi i femte negative potens. Eg måtte difor opp og sjå området før det vert øydelagt av kraftkapitalistane.

Terrenget bortover langs vatnet var noko småkupert og det var smått med dyretrakk som kunne følgjast. Men det var no kjekt å måtte lage vegen sjølv og ikkje berre gå og kike etter den neste raude t-en. Tid til lunsjpause var det sjølvsagt òg, og me kunne nyten maten med flott utsyn til Trollavatnet, Marabreen og Lundebreen.

Å gå gjennom Kinnaklypa var utruleg fascinerande. Bak oss hadde me eit karrig, grått brelandskap, medan det rundt Gaularvassdraget framfor oss var grønt og frodig med ein og annan blå breklatt høgt oppe i fjellsida. Det vart difor ein stor overgang å kunne vandre langs Femtevatnet med sauer beitande roleg oppe i fjellsida. Ved Litlegrø var det farvel til Gaularvassdraget og me sikta oss inn på Sygnesandsdalen. Først opp til bandet under Grovabreen, som hadde teke sin del av bresmeltinga denne varme sommaren, før me langsomt tippa over kanten og var øvst i nok eit dalføre. Her vart det akkurat tid til ein liten matbit før ei kraftig godversbyge traff oss skikkeleg. Då var det på med jakka og vandring nedover ura. Byga ga seg, men me fekk eit par mindre byger til før me var ferdige med turen.

Eit lite delta vart forsert, før me kom inn på sti og gjekk utover dalen. Ikkje lenge etter fekk me utsyn over nedste delen av dalen og Kjøsnesfjorden, men det som fanga blikket mest var fossen Pissaren rett bortom oss. Etter litt klyving ned og opp var me borte ved fossen og Stig poserte viljug. Vidare nedover vart det litt mange store bekkar som måtte kryssast og stien kom og gjekk, før det var god sti dei siste par kilometrane ned til vatnet. Og no var det berre fem kilometer opp til bilen før ein herleg tur heilt var over.

Kart: 1317 I - Fjærland, 1317 IV - Haukedalen, 1318 II - Briksdalsbreen og 1318 III - Breim



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Utsyn opp mot Lundebreen
Lundeskaret sett nedanfrå
Lundebreen sett frå Lundeskaret
Stig i lange klyv i Lundeskaret
Øvste delen av skaret (PS: Ser du to personar i biletet?)
Stig tek seg fram på tilrettelagt sti
The sky is the limit...
Stig har akkurat kryssa kloppen over Lundeelva med Lundebreen i bakgrunnen
... og her kryssar han same elv mellom Trollavatnet og Langevatnet
Utsyn mot breen sørvest for Trollavatnet (988 moh)
Marabreen og Trollavatnet
Trollavatnet med Lundabreen i bakgrunnen
Utsyn frå Kinnaklypa mot Femtevatnet (928 moh)
Ved Litlegrø med utsyn mot Fjerdevatnet (892 moh)
Austleg arm av Grovabreen
Framleis ein austleg arm av Grovabreen
Øvst i Sygnesandsdalen
Utsyn mot nedste delen av Sygnesandsdalen
Den særmerkte fossen Pissaren
Stig berre måtte
Lunde, Lundebotnen og Lundebreen sett frå Sygnesand
Utsyn mot Kjøsnesfjorden frå Lunde (det regnar sjølv om himmelen er blå...)