hornelen 20. juni 2004

Nok ein fin dag i ytre strøk av fylket, eg får visst aldri oppleve dårleg ver og høge bølgjer her ute. Sånn passe tidleg opp for å kome med ferja over til Oldeide og litt før ti kunne me hoppe ut av bilen ved oppdrettsanlegget. Stien var bratt dei første par hundre høgdemetrane opp til stølen, men det var eit godt trakk som var lett å følgje. Nokre litt utsette punkt var sikra med vaier, noko som sikkert er kjekt når det er vått og sleipt. Etter stølen vart det kjapt verre å finne rett veg. Etter å ha leita 15-20 minutt i skogkanten etter noko som likna ein sti, ga me opp og fann vår eigen veg til fjells. Dette viste seg å ikkje vere så dumt, litt klyving vart det, men langt enklare enn det såg ut til på avstand. I tillegg var me så heldige å få oppleve ein hjortekalv som ikkje kan ha vore mange vekene gamal.

Oppe ved Stormyrvatnet vart det tid til ein rast der me samstundes kunne studere vegen vidare oppover mot den høgste toppen på øya. Den andre vegen hadde me eit flott utsyn mot Måløy og vidare utover mot Norskehavet der himmel møtte hav. Terrenget vart no lettare, stort sett lyng med litt ur. Rett før siste ura kom me inn på den merka løypa frå Hunskår, men framleis var me åleine. 12.40 var me oppe på 889 moh og kunne skue utover store deler av Nordfjord. No byrja me å få dårleg tid viss ferja 15.45 skulle nåast, men eg hadde bestemt meg for at eg skulle oppom det som eigentleg er Hornelen, nemleg toppen på 860 moh rett aust for 889. Der var utsynet femmenalt, med dei karakteristiske stupa. Kan skrive under på at det er veldig luftig på kanten. Her traff eg òg eit par følgje som hadde gått frå Berleneset, det er ei merka løype som tek om lag fire timar opp.

Klokka var nærare halv to før eg kom meg avgarde frå toppen, noko som medførte at me byrja å få veldig dårleg tid. Då eg kom bort til Stig O. som tok seg ein kvil medan eg var bortom Hornelen vart me kjapt samde om å følgje den merka løypa ned til Hunskår. No gjekk det litt over stokk og stein nedover, men det vart heldigvis litt tid til å nyte utsynet og turen trass hastverket. Eg fekk det litt rolegare enn Stig O. sidan han i tillegg måtte springe etter bilen (2,5 km), men det var like greitt sidan han hadde litt meir å gå på i føtne. For å gjere ein lang story kort, så gjekk det bra. 15.42.30 svinga me inn på kaien i Smørhamn og litt seinare var me på veg mot Kjelkenes og Sogn. Litt kjipt at det ikkje var kiosk ombord, men me kunne istadenfor nyte utsynet nordaustover ein nesten spegelblank Frøysjøen mot Hornelen der me hadde vore berre nokre timar tidlegare.

Kart: 1118 I - Måløy



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ved Stormyrvatnet
Sørvestover Frøysjøen mot Hovden og Batalden
Rugsund og Leirgulen
Bortnen. I bakgrunnen Blånibba (1670 moh) og Gjegnalundsbreen
Utsyn mot Måløy og Kjerringa (459 moh)
Nordover mot Stadlandet