høgkletten 29. juni 2005

I samband med jobben var eg to dagar i Ytre Sogn/Sunnfjord og siste dagen vart det høve til å nytte nokre timar på ein kort fottur på Værlandet. Bagasjen vart plassert på ferjekaia og det var berre å traske avgarde og nyte knallveret. Stien (Nordsjøløypa) var godt merka og det var heldigvis lagt ut ein del kloppar i det til dels våte terrenget.

Høgkletten var grei å ta seg opp på, men det kan nok vere litt småskummelt når det er vått. Utsynet var fantastisk i alle himmelretningar, men det må innrømmast at eg likevel var misunneleg på følgjet eg såg var på veg opp på Alden (Den Norske Hesten). Men det vert min tur ein gong :-).

Etter å ha hatt ein laaang pause på toppen var det på tide å kome seg nedover igjen til Nordsjøløypa. Terrenget vestover var greitt å gå i til eg kom inn på vegen mellom Bulandet og Værlandet som eg følgte attende til ferjekaia.

Kart: 1117 IV - Askvoll



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Høgkletten (163 moh)
Utsyn mot Alden (460 moh) frå Høgkletten
Litt nærare på Alden
Kinn (med den karakteristiske Kinnaklova, 315 moh), Reksta (220 moh) som er delvis overlappa med Skorpa (393 moh) og Batalden (492 moh)
Eit lasteskip i horisonten
Alden og Aldevågen
Utsyn sørover mot øyriket i Solund, men heilt nærast er Båtekletten (117 moh) og Sørværet naturreservat
Landøy og Hamnen på Værlandet
Utsyn vestover mot Melvær og Bulandet
Buefjorden med Lihesten i bakgrunnen. Geita fyr kan skimtast på den største øya i høgre biletkant
Alden
Aldevågen
normalruta opp på Alden innteikna på biletet