haukånipa 11. juni 2005

Håsteinen var eigentleg dagens mål, men då me kom til Store Høydal låg toppen godt inne i skoddehavet. Etter ein tur bortom helleristningsfeltet i Ausevika vart det difor febrilsk leiting på kartet etter ein topp som vonleg ikkje var skoddedekt. Peikefingeren stoppa til slutt på Haukånipa på nordsida av Norddalsfjorden. Ikkje det høgste fjellet i området, men veret ga oss ikkje særleg val.

Dei første hundre høgdemetrane mot Haukåstølen gjekk på traktorveg, deretter på brukbar sti opp gjenom lia. Me valde å gå litt bortover langs Tjørnesvatnet før me sikta oss inn på toppen. Det gjekk greitt oppover, litt småklyving, men aldri slik at det var vanskeleg. Etter kvart flata det litt meir ut og me fekk snø under skoa. Skodda kom og gjekk, men då me kom ut på sørvestkanten av fjellet traff me plutseleg på nokre raude t-ar som viste veg. Ikkje lenge etter var me på toppen og kunne ta bilete av ein varde utan utsyn.

Temperaturen var ok, men då me mangla utsyn vart det ikkje lange matpausen. Nedover følgde me merkinga og fekk endeleg utsyn over Norddalsfjorden, Brandsøy, Florø og nokre av øyane i Florabassenget. Det var skikkeleg artig terreng å gå i nedatt, med mange hylleformasjonar. Sikkert ikkje så veldig moro når det regnar og underlaget er sleipt. Tidsbruk: 1 t 50 min opp, 1 t 20 min ned.

Kvelden og natta vart tilbrakt på Grytadalsbu som tilhøyrer Flora Turlag. Grei plass å overnatte, 10-15 min å gå frå vegen.

Kart: 1118 II - Eikefjord



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Utsyn til sørryggen på Haukånipa (790 moh)
Gulskarlivatnet (410 moh) og Trollnipa (911 moh)
T-merka stein med Norddalsfjordbrua i bakgrunnen
Florø med Fjord Base på Botnaneset i framgrunnen
Grøneng og Brandsøy
Utsyn innover Norddalsfjorden som er eit av dei mest nedbørsrike områda i landet. Fjelltoppen i framgrunnen er Ulldalsnipa (726 moh)
På veg nedatt i dette artige terrenget. Vatnet er Tjørnesvatnet (402 moh)
Hylleformasjonar er ei god skildring av terrenget
Gulskarlivatnet og Trollnipa
Vestsida av Haukånipa i kveldssol
Flora Turlag si hytte Grytadalsbu