eggenipa 3. september 2005

Endeleg var det dags for ein tur på Eggenipa, fjelltoppen som er så synleg når du køyrer sørover frå Byrkjelo. Det ser veldig luftig ut nede frå dalen, men det er eigentleg rimeleg greitt.

Me køyrde opp stølsvegen til parkeringsplassen som ligg på 540 høgdemeter, altså var det 800 høgdemeter vidare til toppen. Det første stykket var over ei myr og så opp ei myr. Det kjendest iallfall slik og det gjorde godt å kome opp på fjellryggen og få tørt underlag. Me var no drygt 800 moh og utsynet byrja å verte skikkeleg bra.

Ruta vidare ga seg sjølv. Det gamle vinterprinsippet om følg rygg, ver trygg måtte brukast. I tillegg er det godt merka. Eg hadde på førehand trudd at det var grei vandring heilt til topps, ispedd veldig lett klyving. Det vert jo trass alt arrangert motbakkeløp opp på toppen.

Klyvinga var hakket verre enn eg hadde tenkt, men aldri vanskeleg. Det vanskelege var å ikkje nytte kjettingen, som låg litt i vegen somme stader. Kan tenkje meg at det kan verte litt kø somme stader under løpet.

Til topps kom me no og utsynet var veldig bra. Rett ned i Våtedalen på eine sida og Øvredalen på motsett side. Nordover var det mogleg å sjå ymse Sunnmørsalpar, medan me sørover såg toppane rundt Stardalen. Daurmål på vestsida av Våtedalen vart også studert, dette fjellet har ein veldig høg primærfaktor så der må eg nok oppom ein gong.

Vidare gjekk turen sørover mot Heggheimsvatnet. Eggenipa har ein artig profil frå sør, toppen ser ut som ein steinpyramide og me tok nokre bilete av denne posituren. Stien var grei følgje mot vatnet, stort sett var det unnabakke og alltid flott utsyn.

Etter ein noko stutt dugurd rett nedanfor vatnet traska me nedover Øvredalen. Steinhoppinga av elva frå Trollebottsvatnet gjekk ikkje prikkfritt, men kva gjorde vel det på ein slik dag. Her møtte me forresten to av dei fire andre vandrarane me såg i fjellet denne dagen.

Siste biten langs Øvredalsvatnet og forbi Eggjestøylen var ein fin tur og me avslutta med å ta nokre bilete av toppen frå E39. Kjekt å sjå oppover og vite at der var me for nokre timar sidan. Samla tidsbruk: 4 t 30 min.

Kart: 1318 III - Breim



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Stig O. ved eit av klyvepunkta som var sikra med kjetting
Formidabelt utsyn nordover mot Bergheimsvatnet (138 moh) og Byrkjelo
Den siste bakken mot toppen
Blåfjellet (1318 moh) på vestsida av Våtedalen
Fremste delen av Øvredalen, Heggheimsvatnet (895 moh) er delvis synleg
Eggenipa sett frå sør
Utsyn vestover mot Skei og Jølstravatnet (207 moh)
Heimover Øvredalen mot Øvredalsvatnet (628 moh)
Kryssing av elva frå Trollebottsvatnet
Gåsemyrstøylen
Ved Øvredalsvatnet
Eggenipa sett frå E39