bolsetnipa 5. november 2005

Det var på tide med ein topptur i Jølster og valet fall på Bolsetnipa. Ekstremt lite snø i fjellet til å vere første veka i november, faktisk ingenting på denne turen. Stølsvegar er ein fin ting og me kunne forlate bilen i 500 meters høgd. Den nesten (få liter frå heilt) turrlagde elva vart kryssa på bru og me prøvde å følgje stien oppover mot Bolsetbotnen. Me fekk ikkje med oss at stien kryssa over på austsida av bekken og fekk difor ein flott motbakke med småskog og kratt.

I Bolsetbotnen kom me innatt på stien og det var enkelt og greitt å følgje denne opp og bort til Bolsetnipa. Vinden tok litt her, så det vart noko kjølig med ei matøkt. Utsynet var superb, rett nord låg Eggenipa som me vitja to månader tidlegare. Det var også interessant å studere Skjorta ved Breimsvatnet, dette fjellet må berre vitjast. Det ser iallfall heilt rått ut frå Breim.

Utsynet mot Jølstravatnet var sjølvsagt òg nydeleg. Ned var det heilt herleg å gå, frisk haustluft og gilde fargar. Eg rekna med at dette vart siste høgfjellsturen i år så då var det berre, som alltid, å nyte turen. Passa på å gå oppom Grepstadnibba som er noko høgare enn Bolsetnipa, i fall eg nokon gong skulle byrje å samle på toppar...

Må nemne at eg hadde griseflaks på heimvegen. Då me hadde køyrt eit par hundre meter nedover stølsvegen (som er som stølsvegar flest med omsyn til dekkelegging, svingradius, elv ved sida av osv) fann eg ut at eg ville ta eit par bilete av utsynet ned til Skei. Akkurat då innsåg eg at eg hadde gløymt at eg hadde lagt kameraet på taket. Trippelooops i sjuende potens. Ba pent Stig O. om å stoppe bilen og sjekke om det låg noko på taket. Og det gjorde det. Lukka står den kjekke bi:-D.

Kart: 1318 III - Breim



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Snønipa (1821 moh), eit populært turmål på Myklebustbreen
Mot grenda Førde ved Breimsvatnet (61 moh). Skjorta (1472 moh) dannar eit rått bakteppe til grenda
Våtedalen, med høvesvis Daurmål (1446 moh) og Eggenipa (1338 moh) på venstre og høgre side
Stardalen
Brearm i Sollibotnen sør for Snønipa
Skei og Jølstravatnet (207 moh)
Blåvatnet (1071 moh) med ein liten brearm (sør-sørvest for Snoadvarden) av Josten i bakgrunnen
Høgenipa (1307 moh) med Grovabreen (1636 moh) i bakgrunnen
Hit eller dit?
Ufo-råkja:-). Visstnok nokon som såg eit uidentifisert flygande objekt her ein gong...