viva - sprongdalshytta - arentzbu - nørdstedalseter - sota sæter - styggevatnet 29. juli - 1. august 2000

Det me freistar å få til som ein årleg tradisjon, ein tur i månadsskiftet juli/august, gjekk i 2000 i Breheimen. Ruta var(t) Viva (Jostedalen) - Arentzbu - Nørdstedalseter - Sota - Styggevatnet. Fire dagar med andre ord. Oppmøte var tidleg 29. juli då fyrste dagen innbar ein lang etappe: fyrst køyre fram Jostedalen, gå opp til Sprongdalshytta og vidare til Arentzbu.

På Viva var me tre som gjkk avgarde, eg, Stig Omar og Lasse. Fyrste timen opp til Sprongdalshytta gjekk kjapt, lett stigning heile vegen. Det vart her tid til ein kort pause ved hyttene før me byrja stigninga opp mot dagens høgste punkt, Gluggevardsholet. No byrja soli verkeleg å ta tak så det vart verkeleg naudsynt med solkrem. Veret var praktfullt, eigentleg heilt vanvittig flott. Kombinasjonen snø på bakken og steikande sol på himmelen gjorde seg sterkt merkbar.

Det var snødekke frå Sprongdalshytta og godt forbi Gluggevardvatnet. Utsynet var sjølvsagt flott på ein slik godversdag, så Brenibba og Lodalskåpa var ruvande på Jostedalsbreen då me naut utsynet frå inngangen til Gluggevardholet.

Nedover mot Greindalen gjekk det litt i rykk og napp med fotopausar. Greindøla måtte hoppast eit par minutt før me var på rette sida. Her var det fram med fiskestengene, men korkje i Greindalsvatnet eller fremsta Rausdalsvatnet vart det napp.

Til Arentzbu gjekk det jamt nedover, med eit spaningsmoment: passeringa av Martadøla. Det låg noko tunn plank der som kanskje har vorte nytta som klopp, men me syntest det var altfor risikabelt. Midt på det smalaste i elvi var det ein liten stein. Denne vart for freistande for meg, eg hoppa til, det gjekk slik nokonlunde, kjente at skulle dette gå bra måtte eg hoppe vidare med det same, så eg sprang til att, landa på kanten, veiva febrilsk med armane nokre sekund for å vinne att balansen, og det gjekk bra (lang setning?, det føltest slik når eg hoppa òg).

Lasse gjorde det meir elegant enn meg, medan Stig Omar, gjorde det korrekte, ifylgje hyttevakten på Arentzbu, nemleg vassa over elvi litt lenger nede. Han vart litt blaut, men det var nok litt lurare, trass alt. På Arentzbu var det greitt med plass, men det var tydeleg at programmet på NRK frå Mørkrisdalen hadde gjeve høgre vitjingstal.

Andre dagen var ikkje veret fullt så strålande som dagen i førevegen, men me hadde ingen grunn til å klage. Myradn bort til stigningen opp til Oksli var nesten lika idle som to år tidlegare, men denne gongen vart dei passert tidleg på dagen, og det hjalp nok godt på. På Oksli hadde me flott utsyn over Mørkrisdalen og Hurrungane, før me vandra vidare innover mot Leirvatnet. Løndøla vart no passert på eit vis før me kom til dagens på førehand mest omtala punkt.

På Arentzbu hadde me fått høyre at brui nedanfor Leirvatnet forsvann sist vinter. Instruksane frå hyttevakten var dermed å ha av seg fjellskorne og gå over der elvi var på det breiaste, om lag 100 meter nedanfor vatnet. Det vart ei grusom og kald oppleving. Eg har bada i breelv tidlegare, men det kjem ikkje opp på leggen i høve til dette. Og opp på leggen gjekk vatnet. Det var heldigvis tre små grusbankar i elvi, slik at me slapp å ta heile i eit jafs. I snitt var det vel seks-åtte meter mellom kvar, men det hjalp godt på.

På den andre banken fann Lasse ut det lure, ta på seg tøflene. Det hadde seg nemleg slik at det var je... sleipt å gå i elvi, masse små stein, og dårleg sikt. Diverre var ikkje eg så lur (tolmodet (og vitet) hadde alt forsvunne i elvi). Me kom oss no over etterkvart, underteikna med mykje skrik og skrål dei siste metrane (plumpa sjølvsagt nedi der Lasse ti sekund tidlegare hadde sagt at det var ein liten høl...). Her vart det tining av kalde lemmar ei stund, før me fortsette mot dagens høgste punkt, toppen av uri mellom Leirvatnet og Gravdalen.

Ved Leirvatnet måtte me krysse ei bratt snøfonn som gjekk rett ned i vatnet, men det var gode spor å trakke i. Ei gruppe me traff på Arentzbu meinte faktisk at denne snøfonna var ei verre oppleving enn å vasse over elvi (eg er ikkje heilt samd der...). Nedover Gravdalen gjekk det radigt, lange og harde snøfenner. Lasse og Stig Omar freista fiskelukka i Gravdalsvatnet, som var 3/4-dekka av is, men ikkje eit napp var det å få. Bratta ned til Fivlemyrane gjekk fint, det var turt og greitt å gå. Då var det berre att halvtimen på grusveg ned til Nørdstedalseter og ein god middag.

Kjetil dukka opp på morgonkvisten neste dag, så då var me fire som litt seinare la i veg mot Sota. Me hadde eigentleg planlagd å gå til Trulsbu for å gå på nokre toppar der, men etter eit samråd(/-rør) vart me samde om å stå over Trulsbu for denne gongen. Veret var framleis flott, så det vart nok fin dag.

Føraren over Fortundalsbreen hadde hatt sin siste arbeidsdag for sesongen, dermed laut ruta gå om Illvatnet. Forbi Fivlemyrane og opp til vatnet heldt me høgt tempo, før me hadde dagens fyrste, lengre pause. Her kunne me kjapt konstatere at Illvatnet framleis var islagt.

Langs med vatnet hadde me heile tida utsyn opp mot Tundradalskyrkja og me bestemte oss for å ta turen oppom. Berre for å ha nemnt det: det tok litt tid å passere Illvatnet, ur på ur på ur og eit par elvar som måtte hoppast. Etter kvart kom me oss no opp til Tundradalsbandet, der Stig Omar slappa av medan me gjekk til topps. Dette tok om lag ein time tur/retur, opp klauv me uri, medan nedfarten gjekk veldig raskt på snøfonni attmed uri. Utsynet frå toppen var særs bra; Holåtindar, Hestbrepiggar, Vest-Jotunheimen, Tverrådalskyrkja og Lodalskåpa var noko av det me kunne nyte.

Vel nedkomne på bandet var klokka byrja å gå litt fort, men me hadde no brukbart med tid. Frå bandet gjekk det jamt nedover i typisk Skjåk-terreng (vidder/slakt terreng) og etterkvart såg me Sota Sæter og Liavatnet. Siste biten gjekk gjennom fin skog på god sti. Me kom litt for seint til det ordinære bordsetet, men dette var eigentleg berre bra, for no fekk me tid til å ta ein dusj før maten. Overnattinga vart litt spesiell i høve dei andre DNT-hyttene eg har vore på, her fekk me vårt eige sel, Svein-stugu.

Siste dagen hadde me ein relativt kort etappe, over Handspiki til Styggevatnet og ned til Viva. Fyrste delen var på grusveg til Mysubytta før me tok innover stien i Surtbyttdalen. I Surtbyttvatnet freista Lasse og Kjetil fiskelukka for siste gong på denne turen, og faktisk, for fyrste gong på desse fire dagane vart det napp. Lasse var den heldige, men fisken var den heldigaste då han kom seg av kroken. På Handspiki var det kjekt å sjå heimlege trakter med Styggevasshytta rett nedanfor. Det var meir enn nok tid til ein lang pause ved hytta før me kom oss heimover.

Fire dagar i flott ver i flott natur, kva meir kan ein vente seg?

Kart: 1418 I - Skridulaupen, 1418 II - Mørkrisdalen, 1518 III - Sygnefjell, 1518 IV - Pollfoss. Turkartet Breheimen (1:100 000) dekkjer heile turen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Sprongdalshytta
Lodalskåpa (2083) sett frå Gluggevardsholet
Fremsta Rausdalsvatnet, med Rivenoskulen (1943) og Tverrådalskyrkja (2088) i bakgrunnen
Arentzbu
Grånosi (1775) og Leirbotnnosi (1615) over Rausdalen
Mørkrisdalen
Vading over Nobbelvi (breelv...) sidan brui ikkje klarde vinteren
Harbardsbreen og Leirvatnet
Frå Fivlemyrane mot Fortundalsbreen og Tundradalskyrkja (1970)
Nørdstedalseter
Illvatnet med Tundradalskyrkja over
Utsyn frå Tundradalskyrkja
Tundradalskyrkja
Sota Sæter og Liavatnet
Sveinstugu
Surtbyttdalen og -vatnet sett frå Handspiki
Framover Styggevatnet mot Austdalsbreen
Heimover Styggevatnet, Styggevasshytta kan sjåast ned mot vatnet
Styggevasshytta