tungestølen - oldedalen 9. juli 2005

Det var andre laurdag i juli og dermed brekryssing med turlaget. I år stod endeleg den gjevaste av alle kryssingar på Josten på planen: Tungestølen - Oldedalen via Kvitesteinsvarden og Kattanakken.

Det var ikkje fritt for at vermeldinga vart sjekka nokre gonger dagane før turen. Vermeldinga var god den, og gjorde heilt sikkert sitt til at om lag 75 stykkjer vandra avgarde frå Tungestølen kl 07.20 i knallver. Framleis litt kjølig, men me visste at straks sola fekk tak ville det bli veldig varmt.

Kan ikkje seie at området me skulle gå i denne dagen var så veldig kjende trakter for meg, men eg hadde no gått inn til Austerdalsbreen for nokre år sidan. Frå brua nedanfor Tungestølen var det først litt vandring litt opp frå elva, før me etter 15-20 minutt kom ned på den flate dalbotnen. No var det ein knapp time i oppvarmingstempo før det vart ein liten stopp ved botnen av bakken opp mot breen.

Eg har tidlegare vore litt plaga med kramper i føtne på lange breturar i varmt ver, så eg passa på å drikke mykje og etterfylle flaskene då det var mogleg. Rekna med det var mogleg å finne smeltevatn frå snø i bakkane opp til Kvitesteinsvarden, men tok ingen sjansar.

Så var det tid for nummer ein av to breturar for dagen, etter at me først hadde forsert opp ein liten bakke og rusla eit par hundre meter i lausgrusen bort til Austerdalsbreen. Me følgde brekanten nokre hundre meter før det bar inn på blåisen. I byrjinga gjekk det greitt å gå utan stegjern på breen, som er flat her, men etter kvart tykte iallfall eg at det ville vere greitt med piggar under skorne. Det var både uvant og tungt å gå slik.

Etter nokre små tilløp til skliing i gruppa vart det stopp slik at dei som hadde stegjern/broddar kunne ta dei på. Det gjorde absolutt veldig godt å få feste att. I annonseringa for turen gjekk det elles tydeleg fram at alle skulle ha stegjern/broddar, men det var langt frå slik det var. Så det var faktisk ein del sjeler som stavra seg bortover breen mot brefallet Odin.

Me hadde no nydeleg utsyn mot dei tre brearmane som vart namngjevne av Kristian Bing. Opphavet til brenamnet Tor var lett å skjøne. Det tordna med jamne mellomrom frå breen som kalva. Det var ikkje lett å fatte kor me skulle ta oss opp, heile terrenget såg meir enn bratt nok ut. Eg visste jo at det var på vestsida av Odin, men det såg ikkje opplagt ut på langt hald.

Ved foten av Odin vart det litt meir sprekker i breen og det gjekk veldig seint i følgjet. Dei som ikkje hadde piggar under skorne fekk eit brukbart strev med å halde seg på beina og i tillegg prøvde turleiarane å finne ein høveleg veg bort til snøfonna der me skulle gå av breen.

Det gjekk som alltid bra på eit vis og ingen forsvann ned i bresprekkene, men kom seg trygt bort på snøfonna. Snøfonna i vestsida av Odin er det prekære punktet for om det er mogleg å gjennomføre akkurat denne turen. Dersom fonna har smelta for mykje er det ikkje råd for den vanlege brevandrar å ta seg inn på fast grunn.

Fonna var litt bratt og småglatt, men det gjekk no eigentleg greitt å ta seg opp og bort. Her byrja så eit nytt kapittel. Stegjerna vart plukka av og pakka ned og vegen vidare plukka ut. Det skulle eigentleg byrja med ein wire som sikring forbi ei smal hylle, men wiren var borte vekk. Fast tau til å halde seg i vart dermed ordna og alle kom velberga over det som vart dagens luftigaste oppleving.

Det var no tid for ein pust i bakken. Sola hadde byrja å ta godt tak og me hadde alt brukt fire og ein halv time frå Tungestølen. Ganske herleg å å få i seg litt drikke og nyte utsynet til Odin og Tor.

Vidare oppover var det litt opp, litt bort, litt ned og litt opp, og wirar og boltar som hjalp til. Samla sett kom me oss no oppover, men eg var glad det var tørt og fint denne dagen. Sikkert ikkje den kjekkaste plassen å gå i skitver. For oss som berre gjekk og rusla utan ansvar virka det som om det var ein føremon å vere lokalkjend for å finne rett veg oppover. Det var lite varding og stien var ofte utydeleg.

Me vann etter kvart bra med høgde og terrenget gjekk frå å vere bratt til å vere ikkje fullt så bratt. Frå snøfonna til Kvitesteinsvarden er det 600 høgdemeter og sveitten sila godt i solsteiken. Trass i, til meg å vere, høgt væskeinntak, kom krampene den siste timen opp til varden med den vidgjetne kvite steinen. Her var det heldigvis ein bekk der me kunne fylle vassflaskene før kryssinga av breplatået.

Utsynet her var heilt herleg, turen hadde stått på ønskjelista i mange år grunna det spesielle utsynet herifrå. Krepsehalemønsteret (fagomgrepet er ogiver, underteikna har brelære frå UiB...) på Austerdalsbreen er veldig særmerkt grunna dei bratte brefalla ned til breen og ein må opp frå breen for å sjå mønsteret. Einkelt sagt er det årringane til breen og kjem frå variasjonen mellom sommar og vinter.

Austerdalsberget var neste mål då me etter ein god pause og uttøying av krampelåra rusla vidare. Det var slak motbakke og ein del snø. Eg både gleda og grudde meg litt til brekryssinga. Gleda fordi det var ein fin tur sjølvsagt og flott ver, men òg fordi eg hadde bore på eit av taua frå Tungestølen. Det ville bli godt å få lempa av dei kiloane. Grudde meg fordi kramper og taulag er ein dårleg kombinasjon...

Naudsynte plikter vart gjort før eg fann plassen min i taulaget og kryssinga var i gang. Det var ei litt spesiell kryssing i år. Vanlegvis er kryssinga av breplatået det som tek mest tid. Dette i motsetnad til i år då me brukte heile åtte timar før me kom til platået. Over til Slingsbyvarden tok det under to timar, og berre ein drøy halvtime meir til Kattanakken.

Litt av skulda for det må nok breføraren ta, for tempoet over platået var i høgste laget. Pausar var det òg smått med, faktisk kom ikkje første pausen før me hadde passert det høgste punktet og Hurrungane ikkje kunne sjåast og fotograferast lengre:-(.

Den småheftige drikkinga av vatn ved Kvitesteinsvarden ga heldigvis utslag i at eg ikkje hadde kramper over breen, så utsynet kunne nytast trass i tempoet. Nordaustover kunne me mellom anna sjå Lodalskåpa og Brenibba, som båe er over 2000 moh.

Turlaget gjekk varianten vest for punkt 1874 og via Slingsbyvarden til Kattanakken, det er også mogleg å gå i søkket aust for punkt 1874, vidare forbi Tjøtaskarven og ned Tjøtabreen til Kattanakken (og sjølvsagt er det mogleg å gå ein kombinasjon av desse to alternativa).

Det vart heldigvis litt tid til fotografering ved Slingsbyvarden. Utsynet mot Oldedalen og Snønipa var nemleg så bra og så nydeleg som me hadde håpa. Grunna ein snørik vinter og kald vår var det ingen vanskar med sprekker frå Slingsbyvarden til Kattanakken, så her var det berre å halde seg på beina i nedover snøbakken. På Kattanakken var det igjen tid til ein god pause, no med underhaldning. Første gong eg har opplevd stevstafett på fjelltur...

Kattanakken var elles ikkje den verste plassen å slå seg ned. Utsynet mot Slingsbyvarden og Melkevollbreen var verdt å bruke ein del tid på. Det var såvidt byrja å skye til då me gjekk vidare, men det var framleis godt sommarver. Kattanakken var fin å gå, det var berre eitt punkt der armar og bein måtte koordinerast litt. Eit fall der ville uansett ikkje gjeve dei heilt store konsekvensane.

Då me nærma oss den nordlege enden av Kattanakken opna også utsynet mot Briksdalsbreen seg skikkeleg opp. Artig å sjå breen frå fugleperspektiv. Det var tydeleg at breen hadde trekt seg monaleg tilbake dei siste åra, lysegrå felt heilt utan vegetasjon viste kvar breen hadde vore for berre få år sidan.

Nedover var det brukbar sti og bra tempo. Nær dalbotnen var stien lagt om litt grunna rasfare utan at det seinka oss noko. Etter drøye 13 timar på vandring kom me så ned til fjellstova og kunne konstatere at ein fantastisk dag i fjellet var omme. No var det berre å byrje å pleie gnagsåret på ryggen...

Tidsbruk (inkl pausar):
Tungestølen - Austerdalsbreen: 1,5 timar
Austerdalsbreen - Odin: 3 timar
Odin - Kvitesteinsvarden: 2 timar
Kvitesteinsvarden - Austerdalsberget: 1,5 timar
Austerdalsberget - Slingsbyvarden: 1,75 timar
Slingsbyvarden - Kattanakken: 35 minutt
Kattanakken - Briksdalen: 3 timar
Totalt: 13 timar 20 minutt

Kart: 1318 II - Briksdalsbreen og 1418 III - Jostedalen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Lang, lang rekke innover dalen tidleg på dagen
Framover Austerdalen
Heimover Austerdalen
Brefalla Odin og Tor
Tid for å ta på stegjern/broddar
Greitt med eit tau å halde i
Utsyn oppover den veldig lange motbakken me skal til på. I midten av biletet eit anna følgje
Litt nærare på det andre følgjet som er ved eit av punkta der det var bolta
Vaksen ungdom med Odin i bakgrunnen
Det vidkjende krepsehalemønsteret på Austerdalsbreen
Utsyn nedover mot baktroppen og nedre deler av Odin og Tor
Øvre del av Odin. Flakskred ser ut til å vere ein trussell ved klatring i sida av brefallet...
Innbinding i tau ved Austerdalsberget
Utsyn nordaustover mot Lodalskåpa (2082 moh) og Brenibba (2017 moh)
På veg nedover mot Slingsby varden, med Snønipa (1827 moh) i bakgrunnen
Store tverrsprekker i brefallet aust for Slingsbyvarden
Fantastisk utsyn mot Oldedalen og Oldevatnet (33 moh). Kattanakken er fjellryggen nærast med ei lita snøfonn på høgre side
Snønipa
Matøkt med underhaldning på Kattanakken
Melkevollbreen
Utsyn mot Slingsbyvarden (om lag 1700 moh)
På veg ut over Kattanakken med praktfullt utsyn mot dalen og vatnet
Det einaste småtricky punktet på Kattanakken
Kattanakken med dalen og vatnet bak
Briksdalsbreen
Briksdalsbreen i høgdeformat
Kattanakken
Neslenibba (1359 moh)
På veg ned i Briksdalen med breen i bakgrunnen
Ein dusj gjorde godt etter 13 timar på vandring