skålatårnet 31. august 2004

Ein av landets lengste motbakkar med 1800 høgdemeter frå Tjugen til tårnet.

I samband med ei jobbsamling i Loen var det mogleg for dei som hadde lyst å ta ein tur oppom Skåla. Eg var så heldig å vere oppsamlar, altså gå sist og ha oversyn over feltet. Me byrja 50 moh og sidan tårnet er på 1848 moh, er det ein tung tur. Første stykkjet var grusveg, før det gjekk jamt oppover i skogen til elva vart kryssa 650 moh. No opna terrenget seg og me fekk endeleg litt utsyn, både opp og ned. Fekk etterkvart god tid, så eg tok turen bortom Vesleskåla der det var ypparleg utsyn mot Loen og fjorden.

Ved Skålavatnet vart det tid til ein matrast før det atter ein gong gjekk oppover. No var det stort sett slutt på tilrettelagt sti og det vart brått noko tyngre å gå. Rett over bandet møtte me dei første som hadde vore på toppen, dei kunne melde om vind og null sikt... Det var uansett aldri aktuelt å snu, så det var berre å håpe at veret betra seg. Det var austaver, noko som er bra på desse kantane, men godveret låg ei mil lenger vest. På 1600 moh låg det framleis ein del snø som måtte forserast før dei siste trappene vart overvunne opp til tårnet. Som framleis låg i tjukk skodde.

Temperaturen på toppen var 2-3 grader ute og inne, så det vart ei kald matøkt. Artigt å vitje tårnet eg har lest mykje om, sikkert interessant å overnatte der oppe. Må vere ein fantastisk solnedgang og -oppgang viss veret klaffar. No klaffa veret så dårleg at eg skippa tanken om å gå bort på Stryneskåla som er høgste punket på egga nordaust for tårnet. Nedatt gjekk det enkelt og greitt, stort sett opphaldsver og berre nedover (surprise!). Passa på at eg avlasta kneet innimellom så dei påfølgjande dagane vart levelege. Siste stykkjet følgde eg stien langs elva istadenfor grusvegen og så var det uttøying og heimtur. Tidsbruk: 8,5 timar. Høgdemeter: Opp og ned 1900 (inkludert Vesleskåla).

Kart: 1318 I - Stryn



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Skålavatnet (1142 moh), bandet i bakgrunnen ligg på om lag 1400 høgdemeter
Nordfjorden og Lobukta. I bakgrunnen til venstre kan ein skimte Gjegnen (1670 moh)
Mot Kjenndalen og breplatået
Skålatårnet (1848 moh)
På veg nedatt i om lag 1750 meters høgde
Vesleskåla (1238 moh) og Skålavatnet med Nordfjorden i bakgrunnen