mørkrisdalen 30. juni 2001

Ein interessant dagstur i Mørkrisdalen som var prega av mykje vatn. Regn dei siste dagane hadde medført at elva var ein smule stor, noko som gjorde at stien på austsida var noko oversvømd mellom Liane og Dalen. Mellom Knivabakkli og Tjørnaholet var det enno verre, men me kom oss no fram. Me gjekk altså fram dalen på austsida og heimatt på vestsida, stien på austsida er den vanlege DNT-stien. Veret var ok, med litt solgløtt innimellom. Det var knapt med andre i dalen denne dagen, veret om morgonen hadde vel skremt dei fleste.

Kart: 1418 II - Mørkrisdalen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Storetjørnet i Tjørnaholet
Dulsete
Dulsetefossen
Overvatn på stien medførte litt klyving
Elva var stor denne dagen
Dalen
Liane
Dulsete sett frå andre sida av elva
Knivabakkli