lodalskåpa 8. mai 2004

Veret var nydeleg då me vandra avgarde i sjutida om morgonen frå Bødalssætra. Me var rimeleg innbitte på å nå toppen, det mislukka forsøket i fjor (der toppturen skulle vere ein del av Josten på langs, men alt gjekk i vasken grunna dårleg ver) då me knapt kom forbi toppen av Brattebakken skulle ut av minneboka. Med lette sekkar gjekk det fint innover dalen før det svinga oppover.

Opp forbi fossen måtte det sparkast spor i snøfonna, men elles gjekk det fint. Me gjekk ein haug for langt då me skulle ha på skia og følgje elva opp til Kåpevatnet, noko som ga litt luftig småklyving eit par meter. Brattebakken gjekk som ein leik i høve fjoråret og no var det berre sjarmøretappen att.

Over breen og opp nord for Ståleskar, vidare på søraustsida av Veslekåpa og bort til foten av Lodalskåpa. Her vart det tid til saft og sjokolade, før det var på med stegjerna og øksa plassert i høgrehanda. Eit anna følgje gjekk opp rett før oss og fekk godjobben med å lage spor. Kåpa viste seg frå si beste side denne dagen, snøen var passe våt og det vart gode spor. Det var overraskande bratt ei stund, men etterkvart flata det ut og me var på toppen.

Nesten vindstille og mange varmegrader 2082 meter over havet. Utsynet var storarta, litt kjipt at disen hindra utsynet sørvestover på Josten og mot Jotunheimen. Turen opp tok knapt seks timar, inkludert pausar. Tempoet var roleg, me hadde aldri hastverk. Etter å ha nytt utsynet i alle himmelretningar og kjent att mellom anna Tverrådalskyrkja og Vangsen var det på tide å kome seg heimover. Ned til skia var ikkje tempoet særleg stort, det ville vere kjipt å tryne her etter ein slik dag.

På veg forbi Veslekåpa og mot Brattebakken møtte me rundt tjue som ville ta del i ein så fin dag på Josten. Etter nokre tryn i Brattebakken og seinare kom me nedatt og kunne snart nyte is og brus på campingen ved Lovatnet før kursen vart sett vidare heim.

Kart: 1418 IV - Lodalskåpa



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Mot Brattebakken og Brattebakkbreen frå Bødalssætra
Morgon på Lodalskåpa (2082 moh)
Eit følgje på veg over breen mot Lodalskåpa
Lodalskåpa og Veslekåpa (1985 moh)
Klyving opp mot toppen
Brenibba (2017 moh)
Tverrfjellet (1888 moh) og vidare nordaustover på breen
Nordover Tindefjellryggen mot Skåla
Småttene, Lodalsbreen og Stordalen
... og så bar det nedover
Brenibba og Veslekåpa
Tverrfjellet, Lodalskåpa og Brenibba
Bødalen og fjella på sørsida av Lovatnet
Eit følgje er på veg opp den bratte kneika på Lodalskåpa
Bødalen