krundalen - oldedalen juli 1999

I midten av juli 1999 var eg med på min fyrste tur med Luster turlag. Turen gjekk frå Krundalen i Jostedalen til Kvamme i Oldedalen, altså ei kryssing av Jostedalsbreen. Det var tidleg oppmøte, allereie klokka 06.00 i Gaupne. Framover Jostedalen kom det på ytterlegare ein del, så tilsaman var me vel 70 som skulle over breen, eit ikkje uvanleg tal for brekryssingane til turlaget, som er ein årleg tradisjon i midten av juli. Etter oppropet på Bergset bar det så avgarde. Fyrst nokre hundre meter innover dalen før me tok av hovudstien og det gjekk opp lii til Tufteskaret der det var ein kort pause med utsyn til Tuftebreen. Tempoet var absolutt ikkje av det vanlege turlag-slaget, det skjøna eg sjølv om det var min fyrste tur :-). Det gjekk vel raskt etter mi oppfatning, men det var vel naudsynt skulle me klare tidsskjemaet på tolv-tretten timar (det kan ha vore at eg kanskje overvurderte min eigen kondisjon...).

Det neste stykkjet var veldig bratt, einskilde stader var hendene nyttige. Ei av deltakarane hadde kun ei hand å hjelpe seg med på denne turen, men med litt hjelp gjekk dette fint. Då det flata ut hadde me allereie gjort unna nesten 1000 høgdemeter og utsynet byrja å verte særs bra. I underkant av to timar seinare var det godt med ein lang matpause på Steinmannen (1633 moh). Her hadde me nydeleg utsyn austover mot Hurrungane.

Neste mål for dagen var òg det høgste målet, Høgste Breakulen, 1952 moh. No var det òg på tide å få fram tauet for å gjera breturen sikrare. Det var, som venta, lenger til kulen enn venta, men etter nokre timar var varden plutseleg rett framføre oss. Her var det planlagt ein lang pause, men vertilhøva tillet ikkje dette. Breen hadde ikkje uventa gjeve oss mykje ver, i dalane under breen var det fint og lummert, medan skodda var irriterande ofte tilstades då me ville sjå oss om oppe på platået. I tillegg bles det litt. Det høgaste punktet på kulen er forresten ikkje ved varden, men nokre hundre meter lenger mot nord.

No gjorde det godt å gå nedover, etter over 1500 høgdemeter opp den fyrste delen av turen. Det gjekk jamt nedover i nokre timar før me kunne ta av oss tauet 1400 moh etter å ha gått inn på fast grunn ved Kvanndalsbreen. Ved varden ut mot Kvanndalen hadde me nydeleg utsyn til breane og fjella rundt Oldedalen. No gjekk det raskt ned fjellet eit par timar til me var nede i Kvamme ved Oldevatnet. Her var det ein nærbutikk som var så venlege (og som såg fortenestepotensialet) at dei opna for oss slik at me fekk avslutte dagen med is og brus osv. Så var det berre å vente på bussane som fekk oss heim ein gong rundt midnatt.

Kart: 1318 II - Brigsdalsbreen og 1418 III - Jostedalen. Turkart Jostedalsbreen (1:100 000) dekkjer heile turen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg opp dei bratte bakkane frå Krundalen
Bergsetbreen
Tuftebreen
Kvanndalsbreen
Kvamme i Oldedalen