høydalseter - arentzbu - mørkri 1998

Dette var min fyrste "skikkelege" tur der eg for det meste dilta etter raude T-ar. Stig Omar hadde ymta frampå at dette var ein fin to-dagars tur, og eg som ikkje hadde peiling var sjølvsagt samd. Ein eller annan gong utpå sommaren 1998 bar det så avgarde grytidleg ein morgon. Me hadde sett føre oss avgang frå Høydalseter i åtte-tida og det var vel det klokka vart, pluss litt til. Veret var overraskande bra, over Sognefjellet var det noko regn og skodde, men frå me gjekk ut av bilen på Høydalseter og til me kom til Mørkri den påfylgjande dagen, var det maks tredve minuttar med nedbør som attpåtil kom som lett yr.

På Høydalseter fekk me litt hjelp med å finne vegen, me valde den enklaste (og dermed den keisame) ruta, nokre kilometer på grusveg istadenfor sti, til desse møttest ved Høyøyin. Dei neste par-tre timane vart det til å fylgje spreidd varding, kart og kompass. Terrenget var så som så, litt opp og ned heile vegen, meir eller mindre heilt til me kom inn på ruta frå Sognefjellet til Nørdstedalseter ved Grønevatnet. Ned Vesldalen til Nørdstedalseter gjekk det veldig greitt, trass fuktig ver dagane før gjekk det greitt å halde seg på føtne. På Nørdstedalseter vart det ein times pause der Stig Omar fekk seg ein middag, medan eg nøydde meg med ein Kvikk Lunsj.

Klokka var vel rundt fjorten før det bar vidare mot Arentzbu. Nok ein gong vart det tre kvarter grusveg før det gjekk særs bratt opp til Gravdalsvatnet frå demningen ved Fivlemyrane. Opp Gravdalen til vasskiljet var formen bra, men deretter vart det veldig tungt. Ned uri til Leirvatnet og bort til Oksli gjekk det no på eit vis, men derifrå og ned til heimsta Rausdalsvatnet sleit iallfall eg grusomt. Tre hundre høgdemeter bratt ned i noko som ikkje var anna enn ei stor myr. Betre vart det heller ikkje frå me kom ned til vatnet og bort til Arentzbu, så det var ein sliten duo som kom fram til Arentzbu tolv timar etter starten på Høydalseter. Det var (som vanleg i Breheimen) ikkje vanskar med sengeplass, utanom meg og Stig Omar var det kun hyttevakten og ein trønder.

Etter ei god natts søvn var det avgarde att, heldigvis venta ein langt greiare etappe denne andre og siste dagen; via Åsete til Mørkri. Det viste seg tidleg at å henge kleda til turk om natta hadde lita nytte. Det var veldig fuktig i lufta og dermed var alt klamt innan ein halv time. Kvitene skapte ingen vanskar, trass i mykje nedbør dei siste dagane. På Fjellsli vart det tid til ein liten pause før den siste lange motbakken på turen med ein stigning på nesten 400 høgdemeter før det gjekk nedatt til Åsete. Ned til Mørkri gjekk det overraskande bra, eg var redd for at knei ikkje tålte 800 høgdemeter bratt ned, men det gjekk ok. Alt i alt var dette ein fin tur i snilt terreng i ok ver.

Kommentar:
Turen kan gjerast både på ein, to og tre dagar. Dersom du av ein eller annan grunn har lyst å gjere han på ein dag kan han kortast litt ved å ta ned i Mørkrisdalen, anten ved Fjellsli eller før du kjem til Arentzbu, ved Leirvatnet. Gamlevegen (ikkje merka, veit ikkje om der er varding) går nemleg frå Leirvatnet ned til Nobbi og vidare ned til Dalen. Hyttevakta på Arentzbu opplyste sommaren 2000 at brui over Nobbelvi mellom Nobbi og Dalen er borte, så eg ville nok ikkje gått der sjølv. Å gå på ein dag frå Høydalseter til Arentzbu medfører òg at det vert litt stress, meininga med å gå i fjellet er vel å oppleve noko og samstundes ha tid til det. Årsaken til at me gjekk frå Høydalseter istadenfor Bøvertun/Krossbu/Sognefjellshytta er at me trudde det var raskare. Etter å ha gått turen er eg ikkje så sikker på at det tek lenger tid frå Bøvertun. Det er kanskje kortare frå Høydalseter, men ruta er ikkje merka. Dermed kan det gå ein del tid til bruk av kart og kompass avhengig av vertilhøva.

Kart: 1418 II - Mørkrisdalen og 1518 III - Sygnefjell. Turkartet Breheimen (1:100 000) dekkjer heile turen