greidung - fåbergstølen 10. juli 2004

Bretur for andre helga på rad, denne gongen med Luster turlag. Om Sogndal turlag byrja tidleg den føregåande helga (oppmøte 0730), er det vel ikkje mogleg å skildre kva eg tenkte då mobilen hylte 0400 laurdagsmorgonen...

Bussturen til Stryn og Erdalen vart fin den, men eg kunne tenkt meg litt meir søvn. Var ikkje akkurat misunneleg på tetgruppa i Jotunheimen rundt då me møtte dei nedanfor Bøvertun.

Tempoet var roleg oppover traktorvegen frå Greidung, ein traktorveg som kjapt gjekk over til sti. Ved Storesætra opna terrenget seg noko, før me forsvann inn att i litt skog det siste stykkjet fram til Vetledalseter. Her vart det ein lang pause, noko som var godt etter den tidlege starten.

Ein kilometer etter Vetledalseter skifta underlaget frå grønt til grått, altså vart det hardare og tørrare i godveret. Ulvestigen var grei å finne og ta seg opp og me stod brått med breen og brevatnet framom oss. Turleiar forsvann avgarde for å sjekke om nordsida av vatnet (grusskråning) var farande, medan me andre kunne ta nok ein kvil i det flotte fjellveret. Termometeret på NVE-hytta viste høgst brukbare 14 grader.

Nordsida viste seg farbar og drøye førti sjeler laga eit fint trakk langs vatnet. Innbindinga i tauet/-a tok som vanleg mykje tid, i tillegg føretrakk dei fleste å ta på piggar oppover pjolterisen, noko som ikkje var så dumt. Det gjekk greitt å ta seg opp brefallet som var noko meir oppsprukke enn venta. Det tok likevel over to og ein halv time og ein del drikkepausar før me var komne opp brearmen og stod på Høgda med utsyn til Lodalskåpa og Brenibba.

Utsynet vart beundra i alle himmelretningar vel og lenge før me måtte bryte opp og kome oss heimover. Heimover var no nedover Lodalsbrekka, der trehundre høgdemeter gjekk unna i ein fei og me var brått nede på Lodalsbreen. Synest litt synd på kyrne som vart sendt nedover Lodalsbrekka med samanbundne føter i tidlegare tider, men nesten enno meir synd at ingen tok bilete av det...

Lodalsbreen var lite spanande, men dagens einaste gjennomtråkk (ikkje meg;-)) kom faktisk her. På snøfonna mellom isen og fast land... Brefronten var veldig interessant å studere med midtmorena som dominerte i høgda.

Vidare gjekk det bokstaveleg tala over stein og elv, kan ikkje minnast å ha steingått og hoppa så mange bekkar og elvar på same dagen nokonsinne tidlegare. Vi var på førehand "bekymra" for Fåbergstølsgrandane. Elva er stor og endrar løp relativt ofte, i tillegg er det mykje kratt og småskog på vestsida som er den vanlege vegen. Det vart ikkje så håplaust som venta, men sideelver, kratt, bakevjer og ei regnbyge gjorde at dei fleste var godt gjennomvåte då vi kom ned til Fåbergstølen etter tolv og ein halv time over Josten.

Kart: 1418 II - Mørkrisdalen, 1418 III - Jostedalen og 1418 IV - Lodalskåpa



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Erdalen ved Storesætra
Erdalsbreen og Storenosa (1803 moh)
Pause ved på vestsida av brevatnet
Blåis, både flytande og i mindre bevegelse
Utsyn nedover Erdalen mot Strynevatnet (29 moh)
Lodalskåpa (2082 moh)
Raudskarvfjellet (om lag 1910 moh)
Lodalskåpa og Tverrfjellet (1888 moh)
Brenibba (2017 moh) med Småttene i framgrunnen
Utsyn frå Lodalsbreen mot Småttene og Lodalskåpa
Fronten av Lodalsbreen
Kryssing av elva frå Fallbreen
Stordalen med Fåbergstølsgrandane
Øystølen på austsida av Fåbergstølsgrandane