fagredalen - luster 13.-15. august 2002

Tur kombinert med vitjing av ein gamal kjenning som var hyttevakt på Arentzbu.

13. august: Fagredalen - Arentzbu
Bror min var så hyggeleg å køyre meg fram i Fagredalen (Jostedalen), dermed vart det ein heller kort tur (fire timar roleg gange, inkl. pausar) over fjellet og ned i Rausdalen til Arentzbu.

14. august: dagstur ved Arentzbu
Kort dagstur inn i Leirbotnen til Leirbotnbreen, ein liten arm av Spørteggbreen.

15. august: Arentzbu - Osen - Luster
Lang tur heimatt (ti timar, inkl pausar) til Luster, via Åsetvatnet og Børestein. Veret var strålande og med utsyn til Hurrungane heile dagen vart det ein fin dag.
Kart: 1417 I - Lustrafjorden, 1418 II - Mørkrisdalen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Fagredalen
Ved vatn 1237 mellom Holmevatnet (1286 moh) og Martadalsvatnet (1198 moh)
Martadalsvatnet
Framover Rausdalen mot Fremsta Rausdalsvatnet (988 moh)
Leirbotnbreen
Leirbotnen
Nedover Rausdalen mot Heimsta Rausdalsvatnet (842 moh)
Arentzbu, med Rivenoskulen (1943 moh) i det fjerne
Rausdalen
Kvitene
Fjellsli, med Mørkrisdalen nedanfor og Hurrungane i bakgrunnen
Åsete og Åsetvatnet (839 moh)
Frå Grøndalane mot Osen og Skurvenosi (1450 moh)
Storfelt utsyn frå Kinnfokfjellet mot Nordvest-Jotunheimen
Luster og Lustrafjorden
Dalsdalen