buskrednosi (1505 moh) 16. desember 2000

Fottur på denne tida av året i slike høgder er sjeldan kost for meg, men sidan det var lite snjo var det mogleg. Litt stamping vart det, men det er jo slikt ein har gamasjar til. Det var tidleg avmarsj frå parkeringsplassen i Vigdalen då dagane er på sitt kortaste i desember. Temperaturen var tosifra kuldegrader, men det vart ein særs fin tur. Utsynet frå toppen er særs vidt, Jostedalsbreen på eine sida og Vest-Jotunheimen på den andre.

Kart: 1418 II - Mørkrisdalen og 1418 III - Jostedalen. Turkarta Breheimen (1:100.000) og Jostedalsbreen (1:100.000) kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Fivlenosi (1466) i fint morgonlys
Stig Omar ved varden på toppen. I bakgrunnen Vest-Jotunheimen
Vangsen (1757) og Grånosi (1698)
Framover Jostedalen, Lodalskåpa (2083) og Brenibba (2018) over på breen
Asbjørnsnosi (1613) og Såta (1701)
DNT-hytta Vigdalsstøl
Vigdalen