torfinnsheim 26. januar 2003

Det hadde vore elendig ver i tre veker, så då vermeldinga sa noko slikt som "regn, seinare opphald" var det eit klarsignal for skitur. Snøen fann me øvst i Bergsdalen, målet var Hjortahorgi. Grunna ein liten navigasjonsfeil vart det ei tid litt vel bratt på veg oppover, men etter kvart kom Utferdslaget si hytte Torfinnsheim til syne. Det var no klart at Hjortahorgi var uaktuell, sidan det var dårleg sikt og vind. Dermed vart det lang lunsj på hytta før me leika oss nedatt til Hodnaberg.

Kart: 1216 II - Evanger og 1316 III - Voss. Turkart Voss (1:50.000) kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

TK er klar for nedfarten
Torfinnsheim
TK leikar seg nedover med Hamlagrøvatnet i bakgrunnen
Dagen er på hell då me er nede