store dustingen 15. desember 2002

Eksamenane var ferdige for semesteret og med ein kald og nedbørfattig desember vart det fottur på meg og Tormod. Store Dustingen (999 moh) i Bergsdalen vart målet for sundagen. Dette er ein markert topp med flott utsyn i alle himmelretningar. Bilen vart parkert framføre kraftstasjonen på Fosse, deretter var det føtne som var framkomstmidlet. Kursen vart sett rett opp fjellet, dei fyrste ti minuttane følgde me eit gamalt spor i snøen. Det var rimeleg greitt å gå (iallfall for meg som for det meste gjekk bak), berre litt gjennomslag i snøen. Midtveges var det eit litt bratt parti med hard snø, men me hadde ingen planar om å dette så då var det ingenting å bry seg med. Siste delen mot toppen vart meir strabasiøs enn venta, nokre små søkk i terrenget gjorde dei siste metrane tunge. Utsynet på toppen var praktfullt, med Rosendalsalpane i sør, Bergensfjella i vest og Stølsheimen/Vossafjella i nord og aust. Vinden var jev.. kald på toppen, men utsynet vegde opp og vel så det. Nedatt vart det veldig moro, springing/skreiing/hopping i snøen nesten heile vegen. Opp brukte me 80min, ned 30 min (og i tillegg var det ein time i bilen kvar veg).

Kart: 1216 II - Evanger. Turkartet Kvamskogen og Bergsdalen (1:50.000) kan òg sjølvsagt nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Store Dustingen
Utsyn ned mot Dale
Vestover mot Gullfjellet og Bergensvidden
Rosendalsalpane kan skimtast langt sør
Nordaustover mot Stølsheimen og Vossafjella
Fosse