li - høgabu - vaksdal 24. mars 2001

Rett og slett ein flott tur. Fantastisk ver for å seie det mildt. Det einaste minuset med dagen var at eg måtte stå tidleg opp. Toget gjekk frå Bergen 0840 og før det måtte eg pakke litt og ta bussen inn til sentrum. Alt gjekk bra, toget heldt ruta og bussen frå Dale til Li i Bergsdalen var berre tjue minutt etter ruta. Me hadde i utgangspunktet litt dårleg tid, returtoga frå Vaksdal gjekk 1640 eller 1941, og me satsa på det fyrste. Då me såg veret i Bergsdalen vart me samde om ikkje å stresse, det var rett og slett for fint til det. Opp til Høgabu gjekk det fint og greitt, kvistinga var god, og etter halvannan time var me framme.

Det vart ein halv time i solveggen før me kom oss avgarde. Bortover vatna gjekk det kjapt, så kom ei lita stigning før nedfarten mot Herfangsvatnet. Me rota bittelitt i høve til kartet og vardinga, men hadde vel eigentleg full kontroll. Etter vatnet var det litt stigning før me hadde nok ein pause, no med utsyn til Flatavatnet.

Frå her var det kun nedover til Vaksdal og spesielt dei fyrste tjue minuttane gjorde me distanse. No hadde me plutseleg veldig god tid, slik at me kunne nyte marsipanen i vissleik om at me ville nå 1640-toget. Ned gjennom skogen tok me båe av oss skia (eg skal innrømme at eg bar skia dobbelt så langt som Tormod), men det ville vore galskap ikkje å ha gjort det. Ein lokalkjent mann me tok att (han passerte oss i marsipanpausen) i Herfangdalen sa at dei vurderte å leggje om løypa og akkurat det har min fulle stønad. Same herre ga oss positive nyhende med at det var mogleg å stå på ski nokre kilometer på vegen, dermed vart det berre tre-fire kilometer å gå på vegen med skia festa til sekken. Stasjonen i Vaksdal fann me nokonlunde greitt tjue minutt før deadline og ein kjempedag i fjellet gjekk uvilkårleg mot slutten.

Kart: Turkart Kvamskogen og Bergsdalen, alt. 1216 II - Evanger, 1216 III - Stanghelle og 1215 IV - Samnanger



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Oppover lii mot Høgabu gjekk turen
Heimover Bergsdalen mot Dale
Høgabu
Tormod på veg ned mot Herfangsvatnet
Utsyn mot Herfangdalen