gullfjellet 22. september 2002

Føremiddagstur til det høgste fjellet i Bergen. Gullfjellet (987 moh) har fleire oppgangar, me valde den kortaste frå Gullbotn og opp varderekkja til toppen. Veret var heile tida bra, men vinden var kald på toppen. Utsynet frå toppen er veldig flott i alle retningar, sjølv likte eg nok best utsynet mot øylandet i vest, med Sotra, Askøy og Øygarden. Nedatt gjekk me litt lengre mot nord før me svinga ned i Gullbotn.

Kart: 1215 IV - Samnanger



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Gullbotnen
Utsyn vestover mot Bergensvidden
Nordover mot Sørfjorden
Sørover mot Søre Gullfjellstoppen (962 moh)
På veg nedatt var det flott utsyn mot Sørfjorden og sørsida av Osterøy