gullfjellet 18. mars 2001

Veret hadde vore fint nokre dagar så eg og sunnmøringen Tormod hadde bestemt oss for at Gullfjellet, det høgste fjellet i Bergen, heile 987 moh, endeleg skulle erobrast. Om morgonen var det noko skya og vermeldinga hadde sagt noko om snøbyger, men det freista me å ignorere så mykje som mogleg. HSD var som alltid i rute og det var ein duo i godt humør som starta traskinga i Gullbotn. Det var framleis gløtt av blå himmel og sol, men sjølve platået var ikkje synleg.

Me var litt usikre på vegvalet og enda opp med å gå varderekkja langs Gullfjellhalsen. Dette medførte at skia stort sett måtte berast frå 400 moh til me kom opp på platået på 850 moh. Sikten var av det dårlegare slaget, men vardane var til veldig god hjelp. På toppen var utsynet totalt fråverande.

Nedfarten gjekk sakte til å byrje med då det var ingen spor å fylgje og vardane var plassert for sumargåing, ikkje ski. Etterkvart vart det litt meir spor, men problemet herifrå og ned for meg var at føret var veldig skarpt, i tillegg til veldig flatt lys. Mine mange fall gjorde at Redningshytten var tom då me kom dit og likeeins var parkeringsplassen ved Osevatn, så der forsvann moglegheita til å haike. Dermed måtte skia festast til sekkane og me måtte gå seks kilometer ned til vegen mellom Arna og Nesttun. Humøret sokk veldig her, men då me endeleg kom på bussen kunne me konstatere at me iallfall hadde vore på det høgste fjellet i Bergen. Men såg me noko: nei...

Kart: 1215 IV - Samnanger



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Frå Gullbotn mot Gullfjellet
Tormod på veg mot varden på Gullfjellstoppen (987 moh)
Eg og Tormod på toppen
Redningshytten