ulskebjørnen og grønetuva 22.4.2001

Søndagstur i etterkvart flott ver. Gjekk frå hybelen via Stemmemyren og delvis Eidsvågfjellet før kursen vart sett mot Jordalen. Opp til Stallane og vidare til topps på Ulskebjørnen (443 moh) der det var flott utsyn mot Eidsvåg. Frå Vikinghytten byrja snøen å melde seg og frå Grønetuva (642 moh) til Turnerhytten var det mogleg å gå på ski. Dei fleste eg traff kom likevel til fots (snøen forsvann nok ikkje mange dagane etter slik som veret var(t)). Etter ein god kopp saft på Turnerhytten gjekk kursen mot Baunehytten før eg tok turen ut på Landåsfjellet for å nyte utsynet mot Bergensdalen. Nedatt gjekk eg via Nattland og stavkyrkja på Fantoft, før eg på Paradis kunne hoppe på bussen heimatt etter seks og ein halv time til fots.

Kart: Turkart Bergen (1:25 000)



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Stemmemyren, Hatleberg studentheim og NHH
Utsyn mot Bergen
Ulskebjørnen midt i biletet
Jordalen og Jordalsskaret
Eidsvåg sett frå Ulskebjørnen
Vikinghytten, Gullfjellet (987 moh) kan skimtast bak til venstre
Mot Ulriken frå Grønetuva
Svartediket
Turnerhytten
Bergensdalen i flott ver
Baunehytten
Frå Landåsfjellet mot Bergen sentrum
Fantoft stavkyrkje