rundemanen og grønetuva 14. mars 2001

På skulen var det næringslivskonferanse,så dei fleste studentane hadde førelesingsfri denne dagen. Dermed vart det tid til ein liten fottur i Byfjellene. Eg byrja med å gå opp til Storevatnet via Sandviksbatteriet og Sandvikspilen. Vidare mot Rundemanen gjekk ferda forbi Flatevatnet og Krokediket. Stien vidare var delvis snødekt, spesielt frå Jordalskaret mot Langelifjellet. Her var det på tide å skifte retning, no til Grønetuva, det høgste punktet på dagens tur. Utsynet her var veldig fint mot Gullfjellet (diverre var det ikkje så fint på Gullfjellet fire dagar seinare).

Eg hadde ikkje gått Vikinghytten - Rolland i Åsane tidlegare, så det vart ei artig oppleving. Mellom Vikinghytten og Rolland møtte eg ingen, så særs folksamt var det ikkje denne dagen. Variasjon er alltid morosamt, stien var lett å finne og veret var (som alltid i Bergen) bra. Då eg gjekk ned mot Rolland var eg byrja å verte sliten og vurderte å ta bussen attende til hybelen, men fekk eit lite løft rett før garden og valde "Den Trondhjemske Postvei" via Eidsvåg og over til Ytre Sandviken. Total tidsbruk: seks timar, halvveges (tre timar) var eg ved Vikinghytten

Kart: Turkart Bergen (1:25 000)



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Sandviken med sentrum og Løvstakken bak
Tarlebøvatnet (379 moh)
Sørfjorden og Osterøy i det fjerne
Vinddalen i Jordalen
Høgdedraga rundt Jordalen